torsdag, mai 31, 2007
FERDIG!
måndag, mai 28, 2007
Pinse
Besten hadde invitert oss med på båttur, og vi troppa opp. Du kan tru alle (og spesielt Besten) vart lange i maska då det viste seg at batteriet til båten hadde lada ut. Men det vart ein kopp kaffi i båten, og så gjekk vi og fiska frå moloen i staden. Ungane fikk nokre småfiskar, og etter fisket åt vi sodd hjå Besten. Og alt i alt trur eg at alle var samde i at det hadde vore Ein Fin Tur. :)
søndag, mai 27, 2007
Venninnegåve

Eg ga bort eit sjal og pulsvarmarar til ei venninne som vart 29 år i helga. Ho vart visstnok ganske så glad!
Mønsteret fann eg på Garnstudio.
Ikkje heilt fornøgd
No er eg meir attende til den vanlege kjensla eg plar ha ved innleveringar; eg har ikkje peiling på om oppgåva er god eller dårleg, eg veit berre at ho snart er ferdig ...
onsdag, mai 23, 2007
Eg ser slutten
*krysse fingrar og tær*
søndag, mai 20, 2007
Drakta mi
Årsaka til at eg "måtte" kjøpa noko bunadsliknande er at når eg har levert avsluttande oppgåve i sjukepleie, skal vi ta kull-bilete. Då skulle majoriteten av studentane ha bunad, og eg fann ut at dersom ikkje eg hadde bunad, ville eg ikkje ha lyst til å vere med på biletet. Eit kjapt søk gjorde at eg fann denne drakta, tinga ho på postordre, og då eg pakka ho ut, var ho faktisk finare enn forventa.
I halsen valde eg å ha Trondheimsrosa, då eg er fødd der, og budde der til eg var ti år. Ein langsiktig plan er forresten å laga ei veske til drakta, men det vert iallfall ikkje aktuelt før neste 17. mai.
fredag, mai 18, 2007
Meir om 17. mai
Eg sa eg kanskje kom attende med fleire bilete frå 17. mai, og det gjer eg sanneleg. Eg gjekk i barnetoget i lag med Even og resten av barnehagen hans, og det var kjempekoseleg. Sjølv om det var langt, var Even flink, og traska og gjekk heile vegen utan klaging.
På dette biletet har han oppdaga at han har kjentfolk som publikum på turen. Han likte godt at alle såg på han forresten, men det er vel ikkje noko nytt, eigentleg. Han likar det dersom det er han sjølv som på sett og vis kjenner at han har kontroll over situasjonen. Ein ekte kontrollfrik med andre ord. (Og kven sin unge var det han var no då ...?)
Her er me på Verdalsøra barneskule, frå venstre er bror min Bodvar, hans kone Terje (nei, ingen skrivefeil! Terje er frå Estland, og der nyttar dei det som kvinnenamn), Tor Inge, Hulda, eg og Even.
Slik reagerer forresten Even når han er sliten og ikkje synast han har kontroll. Eg har inntrykk av at opplegget på skulen vart litt for stort for Even, for han trivst ikkje spesielt godt, men det vart mykje betre då vi saman med Thomas og Linn-Therese forflytta oss til Soltun grendehus for å sjå Linn-Therese marsjera med aspirantane i korpset og ete sodd til middag. Då vart alle ungane i betre humør, og dei sprang rundt og leika seg og var med på aktivitetar som om dei var lokalkjende. Og til neste 17. mai er dei jo det, for då har vi vore der før.
Oddvar (min stefar) og Tor Inge tek ein kvil i solveggen ved Soltun. Etterpå køyrde vi heim til oss og drakk kaffe og eg fekk av meg sko som hadde gjeve gnagsår på lilletåa ... Men ikkje ein einaste unge hadde gnagsår, er ikkje det ganske fantastisk?
17. mai
onsdag, mai 16, 2007
Det eg synast er viktigast, er punkt sju i desse retningslinene:
"Det du ikke ville sagt om deg selv eller andre i en større forsamling av kjente og ukjente personer i den fysiske verden, bør du heller ikke publisere på Internett."
Så enkelt er det, i mine auge.
tysdag, mai 15, 2007
Oppdatering
I dag har eg vore på fagkonferanse i samband med sjukepleiardagen som var på laurdag. Godt å gjere noko anna enn å skriva bacheloroppgåve òg, og det var både artig og nyttig å vere på konferansen, så det var fornuftig tidsbruk, har eg funne ut.
I ettermiddag fekk eg endeleg lagt opp bunaden til Hulda, så snart kan17. mai berre koma.
fredag, mai 11, 2007
Fantastisk overrasking!
I går kom pakken,den var kjempeinnhaldsrik, og den inneheldt meir enn eg hadde trudd; to mønsterhefter, to mønsterark, fasettperler og over eitt kilo garn i flotte fargar og spennande kvalitetar. Ho hadde til og med foreslått kva eg kunne stikka til ungane mine. Det er tenesteyting på høgt nivå! No har eg masse å kosa meg med på kveldane framover. :)
Tusen tusen takk, Maud!
måndag, mai 07, 2007
Sjuk bil
laurdag, mai 05, 2007
Ønskeliste oppdatert
fredag, mai 04, 2007
Meir bacheloroppgåve
Men det eg sletta frå oppgåva, er framleis lagra i tilfelle eg skal få bruk for det ein eller annan stad. Om ikkje anna lærte eg sikkert meir på det å skriva litt ekstra ...
onsdag, mai 02, 2007
Jobb og slikt
Gler meg til å byrja i jobb og få bruka kunnskapen eg har samla dei siste tre åra.
tysdag, mai 01, 2007
Gratulerer med dagen!
1. mai er feira på Verdal med frukost og tog. Vi gjekk under parolene til Verkstedklubben Aker (fellesforbundet) med "Forsvar AFP", og Hulda og Even bar stolt eigne plakatar. Toget gjekk til Minsaas Plass der det var appellar og tale.
Parolene som tok mest plass og merksemd i toget var nok AFP-ordninga og parolene mot kalkovn på Ørin. Eg må innrømma at oppmøtet faktisk var større enn eg på førehand trudde det skulle bli, så for min del vart det ein brukandes 1. mai.
Seiren følger våre faner
fram gjennom stormer og strid,
løft dem høyt i sterke hender
over vår jernhårde tid.
Det er fedres dyre arv,
de var trofast med
der hvor slitets menn og kvinner
for sin frihet stred.
De gav kraft og pågangsmot
når vi gikk til slag:
Seiren følger våre faner!
Arbeidsfolk, slå lag!


