Det blir flytting av bloggen. Ver snill og oppdater bokmerka dine. Den nye adressa er http://www.blogg.gausen.net/ men det vert nok vidaresending frå http://www.monica.gausen.net i tillegg. ;)
måndag, desember 10, 2007
fredag, desember 07, 2007
Testing av wordpress
Driv og testar ut wordpress. Førebels resultat ser du her: http://www.blogg.gausen.net/Har freista importera gamle innlegg og kommentarar, men noko har ramla ut, ser eg ... Velvel, vi får sjå om flyttinga vert permanent!
at
23:17
0
comments
Labels: bloggings
onsdag, mai 16, 2007
Det er sagt og skrive mykje om personvern i samband med at Facebook har vorte så populært, og Datatilsynet har lagt ut eigne retningsliner for bruk av Facebook.
Det eg synast er viktigast, er punkt sju i desse retningslinene:
"Det du ikke ville sagt om deg selv eller andre i en større forsamling av kjente og ukjente personer i den fysiske verden, bør du heller ikke publisere på Internett."
Så enkelt er det, i mine auge.
at
10:39
1 comments
søndag, april 29, 2007
Oppdateringar
Eg freistar oppdatera bunaden på bloggen min i og med at han har vore ganske statisk den siste tida, men eg er slett ikkje viss på at eg får det til slik eg har tenkt.
No er helga forresten snart over, og i morgon skal eg på vegleiing i samband med bachelopoppgåva mi. Eg vonar det eg har gjort til no er brukandes til noko, men eg må innrømma at eg ser litt mørkt på det å skulle presentera noko som så langt frå er ferdig ...
at
15:21
2
comments
Labels: bloggings
søndag, november 26, 2006
Bloggetrøbbel
For omlag ein månad sidan, skreiv eg ei posting til bloggen min om vinter, men diverre hendte eitt eller anna under opplasting, så såvidt eg veit, er det ikkje andre enn meg som har sett den posten. Men iallfall; no gjer eg eit forsøk på å posta att, og vonar eg vert synleg for omverda. :)
at
14:17
0
comments
Labels: bloggings
onsdag, juli 12, 2006
Test II
Tankar ved eit tastatur: Testing av Performancing synte meg at skriftstorleiken vart for liten, men no testar me att, for å sjå om eg har retta det opp, og for å undersøka om det er så enkelt å laga lenker i Performancing som eg trur det er. :)
at
22:03
0
comments
Labels: bloggings
Testing av Performancing
Takka være bror Lasse, fann eg ut at eg ville prøva Firefox, og med Firefox, kom det og ein masse anna "dill" som eg er nøydd til å testa. Ein av desse tinga er programmet Performancing, som skal gjere det enklare å blogga. Og det må naturleg nok prøvast i praksis, så dette er ein testpost.
at
21:54
1 comments
Labels: bloggings

