I dag har eg teke (kort) helg. Eg har vore på arbeid frå 7-15 i dag, men skal ikkje på arbeid før klokka 15:30 i morgon. Då går det liksom an å kjenne at ein har litt fri likevel. I tillegg er det ein flott gjeng eg arbeider i lag med, så helga er eigentleg ganske grei om ein er på arbeid òg.
Men i kveld skal eg berre kosa meg og slappa av, og det håpar eg de andre gjer òg!
laurdag, august 18, 2007
Helg!
at
20:04
5
comments
Labels: ferie
fredag, august 03, 2007
Litt misunneleg
Bror Lasse har vore på sommarferie med familien, og han har nokre lekre bilete på sida si. Eg må nok innrømma at eg er litt misunneleg ... Samstundes så unner eg dei det òg, og er takksam fordei nydelege bileta Lasse delte med oss.
at
10:40
1 comments
Labels: ferie
onsdag, juli 25, 2007
Feriemodus!
Sjølv om ferieveka mi er over, er eg framleis i feriemodus. Å blogga står ikkje i høgsetet desse dagane. Eg kjenner angsten for at sommaren snart er over (og at den i år òg vart for kort) blanda med ei kjensle av at hausten snart kjem og gjev oss mørke kveldar og høve til å sitja i sofaen med godt samvit ...
Jepp, det var berre eit lite livsteikn, så de veit at eg framleis bloggar. ;)
at
21:02
0
comments
måndag, juli 16, 2007
Ferie og hemmeleg sommarven
Endeleg har eg ferie, og det i ei heil veke ... ;) Men eg skal iallfall nyta desse dagane.
I førre veke fekk eg pakke frå min hemmelege sommarven på Hobbyforum! Det viste seg å vere Sipusa som hadde sendt denne flotte pakken, eg tok i bruk bambuspinnane med ein gong, og dei var knall-gode å strikka med!
at
20:42
1 comments
måndag, juni 25, 2007
Hyttetur

I helga var vi på hyttetur i Aker Verdal si hytte i Trongsundet i Mosvik. Hytta har åtte sengeplassar fordelt på 3 soverom og i tillegg er det stue, kjøkken eit lite bad og ein romsleg veranda med badestamp med vedfyring. Til hytta høyrer òg ein båt som vi nytta flittig heile helga.
Fredag kveld grilla vi, og her ser de vi et (og et og et). Even var ikkje så veldig interessert i middag; på biletet her, står han i bakgrunnen og grillar Marshmallows.
Det er ganske utruleg kor mykje mat vi greier å pakka i oss, men samstundes er det enno meir imponerande at eg og Tor Inge nesten alltid handlar og lagar dobbelt så mykje som vi eigentleg treng. Men for å seie det slik; dersom vi får uventa besøk, vert nok alle mette likevel! Og elles er vi gode til å ete restemat i etterkant av slike fråtse-måltid.
Even fann seg ein grillspyd som han var heilt overtydd om at skulle brukast til å grilla desserten hans ...
Seinare på kvelden fyra vi i den store badestampen før vi tok ein tur på sjøen og fiska.
Hulda fekk ein diger torsk, bilete av denne kjem seinare, for dei vart teke med Hege sin telefon.
Etter sjøturen var vatnet i badestampen framleis berre 25 grader, men dette skremte ikkje Even som vart fyrstemann uti. Etter å ha sjekka temperaturen, tok han sjansen på å dukka nedi, men han meinte det ikkje var riktig godt og varmt enno då ...

Hulda var ikkje direkte imponert over temperaturen så tidleg, så ho nøyde seg med å vassa litt i fyrste omgang:
Etter kvart som det vart fart på fyringa, vart temperaturen heilt opp på 39 grader, og då var det så varmt at sjølv mor kunne bada!
Det gjorde godt med ei avslappingshelg att, eg trur vi kosa oss alle mann.
at
11:56
5
comments
laurdag, juli 22, 2006
Ferietur til Hunderfossen
Eg, Hulda og Tor Inge har vore på ferietur til Hunderfossen familiepark. På turen nedover køyrde vi over Folldal til Ringebu, og desse bileta er tekne på den turen. Det var eit spennande landskap, og for oss vart turen meir spennande enn om me berre hadde køyrd direkte. Dessutan er Hulda verdas mest tolmodige unge på biltur. Ho klaga ikkje ein einaste gong, men ho sov litt innimellom, og det var kanhenda ikkje så rart, for då me tok inn på campinghytte for kvelden, fann me ut at ho hadde feber, stakkar. Men ho vart bra att til dagen etter, heldigvis.

at
21:43
2
comments
onsdag, juni 14, 2006
Sommarferie, ja ...
No har eg altså hatt sommarferie nokre dagar, og det er godt. Likevel har ikkje hovudet gira ned til feriemodus enno, og det fører med seg at eg ryddar og vaskar og vaskar og ryddar og heng opp kle og brettar kle osb osb osb. Men reint vert det no iallfall, sjølv om noko av ryddinga ser mest ut som flytting av rot. ;)
Det er framleis mange esker og søppelsekkar å ta tak i etter flyttinga, så arbeidslaus vert eg nok ikkje. I tillegg er ettermiddagane travle. Eg visste ikkje at det medførte så mykje styr å ha ein fotballspelande fyrsteklassing, det er avslutningar og turneringar og grillkveldar og alt mogleg denne veka, så me vert iallfall sosiale nok.
at
12:00
0
comments
Labels: ferie

