Viser innlegg med etiketten oktoberrosa. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oktoberrosa. Vis alle innlegg

torsdag, oktober 11, 2007

Boka til mamma

Som de veit, gjekk mamma bort 6. januar i år. Ho var eit skrivande menneske, og etterlet seg mange dikt som ho drøymde om å gje ut i bokform ein dag. Og veit de kva? Oddvar, min kjære stefar, har no bestemt at dette skal setjast ut i livet. Det einaste som står att no, er å sortere nokre av teikningane før materialet skal leverast til trykkjeriet. Eg er så stolt!

I og med at Oktober er "brystkreftmånaden" får de her ein smakebit av eit av mammas dikt ssom handlar om korleis ho opplevde det å få brystkreft.

Kreft

Eg saknar eit bryst
før hadde eg to,
men kreften tok frå meg
det eine

Vonløysa lura - lokka og dro,
eg undra; koss vert det
å leva no
eg kjende meg stengd
og åleine.

Men tida ho sveiv
sitt store hjul
og synte meg fleire
som streva.

Somme kava "for salt og sul"
mens andre mest kvomna
og kraup i skjul
men alle så freista
dei leva -.

No takkar eg livet
- eg er som eg er
og kring meg veks liv
eg får dela.

Eg ser på dei hine
og har dei kjær
Dei ler og dei gret
og dei er meg så nær!
_ _ _

Og meg kunne hendt
det som verre er;
- eg kunne mist noko
av sjela - - .

Hjørdis Gausen Renli

NB: Ikkje bruk dette diktet utan å spørje om lov!

fredag, oktober 05, 2007

Løp og kjøp!

Fram til søndag kveld klokka 22 kan du kjøpa lekre handlaga ting i Oktoberrosaauksjonen. Desse gjenstandane er laga av kvinner rundt om i Noreg, og dei er gjeve bort til auksjonen for at pengane vi betalar kan gå direkte til Foreininga for brystkreftopererte. Her er det masse flott! Ta turen innom og gjer gjerne litt av julehandelen her, så kan du i tillegg til å gjere andre glade, få betre samvit sjølv.

søndag, september 30, 2007

Rosa for oktober


Som de ser har bloggen fått ny bakgrunnsfarge. Årsaka til dette er at i morgon er det fyrste oktober, og med oktober kjem den årlege rosa sløyfe-aksjonen. Formålet med denne aksjonen er å setja fokus på brystkreft og skaffa pengar til forsking.

I år har 12 kvinner stilt opp i ein kalender som høyrer inn under eit prosjekt som heiter Lykke. Ei av kvinnene som er med på dette, er Betty. Ta turen innom bloggen hennar for å lesa meir.

Ei anna side du òg kan kikka innom er Oktoberrosa. Her har mange kreative menneske laga ting som skal auksjonerast bort på QXL, og pengane går uavkorta til Foreininga for brystkreftopererte.

Eg oppmodar alle bloggarar til å markere årets rosa sløyfe-aksjon i bloggen sin. Stafettpinne herved sendt!

(For dei som kanskje ikkje vil gjere heile bloggen rosa, vil eg oppmoda til å henta seg eit banner frå Pink for October)

Desse bloggarane veit eg at allereie har markert seg:

Virtuella, Betty, Sina, Be-ty, Mrs Darcy, Irenesol, Guri, Anett, Frk.Badegakk, Anette K., Anne, Frøken ij, Mimouna, Ruth, Hege,

Oppdatering 01.10.07: Flyttar no oversikta over rosa-bloggings til sidestolpen, der lista skal få ligge heile månaden. Ta turen innom bloggane, og grip stafettpinnen sjølv! Vil du eg skal lenke til rosa-bloggingsen din, håpar eg du legg att ein kommentar.

onsdag, august 15, 2007

Bloggar som får ein til å tenkje

Av og til hender det at eg dumpar innom bloggar som verkeleg får meg til å tenkje over livet. Bloggen til Betty er ein av desse. Denne kvinna har vorte operert for brystkreft, og i bloggen sindeler ho tankar om livet og ikkje minst det å Leva (med stor L!).

Betty vart òg intervjua i programmet Det skjedde i de dager, som kan høyrast via nettradioen til Nrk via denne linken. Klikk på programmet som gjekk den 11.08.07 for å høyra programmet.

Rosa sløyfe-aksjonen

Kvart år i oktober skipar Kreftforeninga og Foreninga for brystkreftopererte aksjonen "Rosa sløyfe" i Noreg for å setja fokus på brystkreft og å samla inn pengar til forsking.

Tidlegare år har eg støtta aksjonen ved å kjøpe rosa sløyfe eller andre ting som har vore relevante. I år har eg kome over ein kanskje meir spennande måte å ta del i dette på (men eg lover ingen ting enno ...): Oktoberrosa!

For å bli med, skal du laga noko sjølv som kan selgast på Qxl, og inntektene går uavkorta til Foreninga for brystkreftopererte.

Kanskje dette er noko å tenke på for kreative sjeler der ute?