tysdag, september 11, 2007

På tide å tenkje seg om ...


Den siste månaden har vore økonomisk ganske trong. Ikkje slik at vi har lidd naud eller noko, men slik at eg har vore nøydd til å tenkje både ein og to gonger før eg har lagt varer i handlekorga. Likevel; vi har hatt det pålegget vi har lyst på, vi har drukke både mjølk, juice og brus og vi har hatt (meir enn) nok middag kvar dag og laurdagsgodt i helga. For meg har det vore nesten som ein konkurranse; korleis kan eg organisere matlaging og handling slik at det kostar minst mogleg?

I dag ser eg at eg faktisk har vunne konkurransen. Ut frå det eg hadde planlagt, skulle det no vore rundt 200,- på kontoen, for i morgon er det lønningsdag. Men kontoen inneheld fire gonger så mykje! Dersom eg greier å oppretthalde konkurranseinnstinktet, vil eg tydelegvis kunne spara ganske store summar ... Frå no av trur eg at eg alltid skal tenkje to gonger før eg handlar. Om ikkje anna kan ein jo bruka dei resterande kronene til noko artig?

Genser ferdig

Endeleg ferdig med genseren til mannen! Han vart glad og eg vart nøgd. Men neste gong trur eg det vert genser med raglan-felling ... ;)



Her er genseren utan modell. "Mønsteret" har eg stort sett teke ut av hovudet, men grunnoppskrifta hadde eg frå eit Gjestal-hefte. Genseren er strikka i Topp-t-tå-garn, og det gjekk raskt å strikka. Sjølv om eg innimellom hadde lyst til å gje opp heile prosjektet ...









Her er genseren med modell. Som de ser er han ganske fornøgd. :)

Vesle Even er forresten veldig misunneleg og ønskjer seg svart og grøn genser med "hatterifnatter og spøkelse" på. Eg reknar med "hatterifnatter"er hattifnatter frå Mummidalen. Men finnast det mønster på desse då?

søndag, september 09, 2007

Valdagen

I dag har eg og Tor Inge vore i Soltun grendehus og røysta. Diverre stilte ikkje partiet mitt noko liste til kommune- eller fylkesting denne gongen, så eg måtte finna eit alternativ. Det som var viktigast for meg denne gongen, var skule. Barneskulen er for liten, og det må byggast nye lokale, men usemja har vore kva ein skal gjere med ungdomsskulen. Nokre parti har meint at ny ungdomsskule bør byggjast ved vidaregåande, men dette er noko eg ikkje ynskjer. Eitt av partia som har uttalt seg tydeleg mot flytting av ungdomsskole er SV, og dette var ei av årsakene til at mi røyst denne gongen gjekk til nettopp dei.

I år er forresten lokalvalet i Fauske kommune òg spennande for meg, for der stiller bror Lasse som ordførarkandidat. Det hadde vore tøft å kunne seie "bror min, som er ordførar ...". Dessutan er eg heilt sikker på at han kjem til å gjere ein kjempejobb dersom han blir ordførar, for han er ein særs fornuftig fyr. :)

Heia Lasse! Og godt val til dei som les bloggen min.

fredag, september 07, 2007

Puh!

No har eg endeleg teke ein pust i bakken. Til no i dag har eg:

Bakt brød. Desse står i omnen no. Og det luktar nydeleg, om eg skal seie det sjølv. (Og det må eg jo nesten, for den einaste som er her i lag med meg er Even, og han har ikkje kommentert det enno)




Skore opp 5 kotelettar og to kjøttpølser som skal vere med i middagen i dag ...








... og laga sausjamninga som er basisen for lapskausen vi skal ete. Denne har Even prøvesmakt, og han meinte det var godt. Det som ligg og flyt i sausen er bein frå kotelettane. Eg hadde ikkje kjøttkraft til sausen, så eg sette til buljong, og kokar som de ser kotelettbein i lag med sausen. Reknar med det gjer susen, eg.



Og no syntest eg at eg fortente ein kvil, om ikkje anna så for å skryta over kor flink eg har vore. Eg skal straks springa over golvet med moppen slik at det iallfall luktar reint til helga!

torsdag, september 06, 2007

Trønderskrøne

I bloggen til Tromp fann eg ei trønderskrøne de bør lesa: The Tromp Tower: Arti trønderhistorie
Trøndarar fornektar seg ikkje. :)

Eg har fått pakke!!!

Denne flotte pakka fekk eg frå min hemmelege ven, Anki, på hobbyforum i går:

Fire nøste fritidsgarn frå Sandnes, eit krossting-broderi og dei lekre knappane! Og i tillegg eit flott heimelaga kort med sommarfugl! Og på kortet kom Anki med forslag til kva eg kunne bruka garnet til. Ho foreslo mellom anna at eg kunne laga eit tova sitteunderlag, og eg må innrømma at det fekk eg veldig lyst til, så de skal ikkje sjå bort frå at det blir nettopp det.

Kunne tenkt meg å laga turkis sitteunderlag og dekorere til dømes med filt eller liknande. Og så kunne Hulda ha det med på turdagane på skulen. Då er det iallfall ingen som har likt underlag som ho!

Gler meg til å byrja med broderiet òg. Har sett på det, og det ser ikkje så vanskeleg ut at eg mistar motet iallfall!

Synast nesten eg må ha med nærbilete av knappane. Kvaliteten på bileta er framleis ikkje den beste, men kameraet på telefonen er det beste foto-alternativet eg har akkurat no.

Synast desse knappane var fantastiske eg! Gler meg til å finna noko å bruka dei til. Synast nesten dei er for fine til å vere på Calorimetry, dessutan var det jo fem av kvar, og det er jo nok til mykje anna ... Dette må eg grubla vidare på!

Tusen takk, Anki, for ei flott pakke! Går berre rundt og smiler eg! :)

No må eg snart hiva meg rundt og laga ferdig pakke til den eg skal senda til. (Men eg trur eg må venta til etter 12. september, for då er det lønningsdag)

onsdag, september 05, 2007

Dikt til ettertanke

Av og til dumpar ein borti ting på nettet som set seg fast, og på sida til Helle fann eg ein slik ting. Helle deler dikta sine med oss, og dette var verkeleg verdt å lesa og å hugsa ...

tysdag, september 04, 2007

Ei lita oppmoding ...

Eg skal følga denne oppmodinga frå oktoberrosa:

la bloggen bli rosa i oktober

Gjer du det same?

70-årsdag!

Hipp hipp hurra for verdas beste stefar som fyller 70 år i dag!!!



Verdalsmafiaen gratulerer så mykje med dagen, og vi kjem i kveld!
Vi er kjempeglade i deg, Oddvar!

måndag, september 03, 2007

Ny veke, nye moglegheiter

I dag er det måndag, og har vore flink (synast eg sjølv iallfall) og bakt kake etter eg kom heim frå arbeid. Kvifor? Tja, mest for at eg trur denne kaka er god. Og så er det kjekt å ha noko i frysaren i fall det kjem uventa gjestar. (Eller når eg sjølv "må" ha noko søtt)

Kaka er det eg kallar "skoff-kak". "Bestefarskake" har eg òg høyrd bruk om denne. Har ikkje prøvesmakt enno, men eg håpar ho er god. Ungane likte røra iallfall. ;)