No er eg attende i sjukehuspraksis att, etter nokre veker på skulen. Denne praksisen varer til slutten av mai, og rett etterpå er det eksamen. Må innrømma at det er slitsamt med praksis, loggar, oppgåver og så vidare. Du er ikkje på arbeid når du er i praksis. Du veit at kvar minste ting du gjer skal vurderast av fagpersonell rundt deg, sånår vakta er ferdig, er hovudet ofte tomt. :)
No har me påskeferie. Det vil seie, eg skal ha den obligatoriske studentnattevakta mi frå sundag til måndag, men etter det, erdet avslapping på høgt plan! Det ser eg verkeleg fram til.
fredag, april 07, 2006
Travle dagar
at
10:15
1 comments
Labels: skule
laurdag, mars 25, 2006
Endeleg på nett!!
Då eg flytta,vart eg plutseleg utan breiband. Min tidlegare leverandør Bluecom kunne ikkje levera dit eg flytta, og då byrja panikken.
Etter mykje om og men, fann eg fram til ein leverandør, Tafjord Mimer (TM). Dei var særs hjelpsame, og onsdag denne veka dukka det opp to(!) møntørar som ordna breibandslina mi. Diverre hadde TM gløymd å senda meg ruter, men då eg sendte dei e-post om dette, sendte dei ruteren som bedriftspakke over natta. Torsdag dukka ruteren opp heime hjå meg, ei særs flott teknisk innretning som i tillegg til å vera eit modem òg skulle fungera som ein ruter for trådlaus tilknytting og IP-telefoni. Dette hadde jo vore ein genial måte å bli kvitthundrevis av ledningar på. Dersom den hadde virka som han skulle då, men det gjorde den jo ikkje. Etter mange,mange timar på telefon med TM både torsdag og fredag, vart løysinga til sist at dei skulle senda meg eit godt gamalt Zyxel-modem i staden, og det modemet vart levert på døra mi i dag. Så eg må innrømma at trass i nokre problem, er TM iallfall kjempeflinke til å finna raske løysingar når noko går gale. :)
at
12:33
4
comments
Labels: skule
onsdag, februar 08, 2006
Hrmpf!
Då eg endeleg fann 4 personar å utfordra, fann eg i ettertid ut at tre av dei har slike lukka MSN-sider.
*knurr*
at
21:20
2
comments
torsdag, februar 02, 2006
Firer-liste
Så fekk eg ein god grunn til å oppdatera bloggen; Ellen har tagget meg!
Fire jobbar eg har hatt:
Avisbud -då eg var ung ...
Ekstrahjelp på dyrebutikk
Mobiltelefonselgar (usj ...)
Reinhaldar
Fire filmar eg kan sjå omatt:
Pulp fiction
Heat
From Dusk Till Dawn
Training Day
Fire stader eg har budd:
Risvollan i Trondheim
Hovslundvegen på Orkanger
Jådåren i Beitstad
Halsanvegen på Levanger
Fire TV-serier eg liker:
Frustrerte fruer
Seks fot under
Den tredje vakten (men den får eg ikkje sett så ofte på grunn av at det går så seint på kveldane og eg har ikkje DVD-spelar med opptak ...)
Kan eg kalla Nytt på nytt ein serie? Ja, eg gjer det! Så den fjerde "serien" er altså: Nytt på nytt. :)
Fire matrettar eg liker:
Biff med røsti-potetar og soppstuing
Super Nachos etter oppskrifta til Lasse
Laks med rømme og agurksalat
Kalkun med saus som stefaren min lagar
Fire nettsider eg er innom dagleg:
http://www.google.no
http://www.adressa.no
http://www.dagbladet.no
http://www.lassedahl.com/
Fire ting eg vil gjere før eg døyr:
Danse swing med Tor Inge
Gifte meg (vonleg med same mann som over)
Dykke
Skyte elg
Fire personar eg sender dette vidare til:
Anita som definitivt treng noko å skriva om i bloggen sin ...
Ketil, avdi han oppdaterer for sjelden
Preludia -undrar litt påkva ho kjem til å svara?
Hilde som ikkje har oppdatert bloggen sidan i oktober :)
at
10:52
3
comments
fredag, januar 27, 2006
Medisinsk praksis
No har eg vore åtte veker i medisinsk praksis, og er ferdig med den biten av sjukepleiestudiet. Det har gått raskt, trass i at eg undervegs ikkje såg noko ende på det ...
Det har vore åtte spennande, interessante, utviklande og slitsame veker. Sjukepleiefagleg har eg utvikla meg enormt, men eg skal innrømma at eg har lært mykje om meg sjølv som person òg, og det er spennande, det! Eg har møtt mange, mange menneske med mange ulike lagnader, og det har rørt ved meg, både på godt og vondt.
Eitt veit eg etter desse åtte vekene; eg har funne ut kva eg skal bli når eg vert stor.
at
20:36
0
comments
Labels: skule
Gutane mine
Når eg har vore oppteken i praksis, har ungane vore nøydde til å "nøye seg med" Tor Inge. Dei fyrste dagane var det litt sutring frå Even over at mamma ikkje leverte han i barnehagen slik han var van med, og mamman sleit med dårleg samvit ... Men som de ser; guten hadde det definitivt betre enn han ville eg skulle tru.
Er dei ikkje herlege i lag? :)
at
20:28
1 comments
Labels: familie
søndag, januar 22, 2006
Brødbaking
Etter at eg fekk Verdas Beste Kjøkkenmaskin i hus, har det vorte ein del brødbaking. Det er fint lite som slår lukta av nysteika brød, og Electroluxen greier store deigar utan problem, noko som er naudsynt når ein innimellom er både seks og sju svoltne personar i huset.
Eg har alltid elska dei heimelaga brøda som mor mi bakte, men eg må innrømma at eg er nok litt stolt over at mine er nesten like gode ... 
at
20:44
3
comments
Labels: familie, hus og heim
tysdag, januar 10, 2006
Norton Internet Security
Med den tidlegare nevnte bærbare datamaskina, fekk eg ein 3månaders lisens på programmet Norton Internet Security. Jaja, tenkte eg, eg kunne jo alltids installera Norton fram til eg fekk lasta ned nok ein versjon av F-secure som eg nyttar på den stasjonære maskina.
Etter mykje plunder, fann eg ut at eg måtte installera F-secure allereie same kveld som eg hadde fått maskina i hus, for Norton var særs lite brukarvenleg i mine auge, og det var då det verkelege strevet byrja, for Norton ville ikkje la seg avinstallera heilt utan vidare ... Programmet var ikkje synleg i "Legg til/fjern programmer", Bluecom kunne heller ikkje avinstallera programmet, det fanst ingen menyval for avinstallering i Nortonmappa, og eg vart meir og meir frustrert. Men; eg var sjølvsagt ikkje den fyrste personen i verda med dette problemet, eg googla på "avinstallere Norton", og fann redninga på denne sida. Det beste rådet eg kan gje til andre, er å ikkje installera Norton med mindre du er heilt sikker på at det er det programmet du ynskjer å nytta ...
at
11:33
0
comments
måndag, januar 09, 2006
Bærbar pc
Endeleg fekk eg min lenge etterlengta bærbare pc i hus. Det er noko eg har spara til og sett fram til leeeenge, så no er eg lykkeleg! :)
at
20:14
1 comments
søndag, januar 08, 2006
Sjølvtesting
Start.no spør på http://www.start.no/quiz/2001/11/22-4439.html kva for song som passar best til meg, og etter å ha fylt ut, får eg svaret:
Din sang er Dum Dum Boys' Splitter Pine!Du ser verden gjennom et litt uvanlig filter, kan oppfattes som en rebell, men relativt ufarlig.
Jaja, det er iallfall ein song eg alltid har likt!
at
20:18
0
comments
Labels: moro

