tysdag, februar 13, 2007

Dagens overskrift

Nasjonalt folkehelseinstitutt har den beste overskrifta eg har sett på ei stund, når dei i ein artikkel skriv at "Behandling av depresjoner kan forebygge selvmord". Eg skjønar at det kanskje har mangla prov, men eg må innrømma at eg trudde generelt det var deprimerte personar som stod i fare for å ta sitt eiget liv, og at det difor var ganske logisk at me ved å hindra depresjon òg ville forebygga sjølvmord ..?


torsdag, februar 01, 2007

Kvinner er frå Venus ..?

Eg fann ut at Lasse visstnok er frå Jupiter, og då måtte eg jo testa meg sjølv òg ...

You Are From Mars

You're energetic, althletic, and totally hyperactive.
You love playing sports and being in the middle of all of the action.
You're independent, corageous, and brave. Unafraid to do things your way.
Mars can be reckless, quick tempered, and a little too spontaneous.
So think before you act - and resist your natural urges to dominate others.

fredag, januar 26, 2007

Livet går faktisk vidare

No har eg av naturlege årsaker ikkje oppdatert bloggen på ei stund, men dagane og livet går faktisk vidare. Mamma vart gravlagt frå Sakshaug kyrkje fredag 12. januar, og nettopp denne dagen braut sola igjennom det tunge skydekket over Trøndelag. Det vart ei gravferd eg veit var i mamma si and; i kyrkja var det høgtid og gråt, men på minnesamværet fann me fram alt det gode og kunne til og med både smila og le litt.

Eg har fått så mange helsingar, både blomar, e-postar, telefonsamtalar og sms, og til dei som eg ikkje har takka enno; eg er særs takksam for at de tenkjer på oss. Det har vore, og er framleis, tunge dagar. Sjølv om det er livets gang at ein skal miste foreldra sine, vert det eit enormt tomrom etter nokon som alltid har vore der, og mamma hadde den eigenskapen å alltid vere til stades for oss andre. Uansett kor sjuk ho var, så tenkte ho på andre, og det gjer at saknet blir så stort. Samstundes; det at saknet er stort, tyder at ho har hatt stor plass i hjartene våre, og det skal me vera glade for.

Eg er òg takksam for at høgskulen min har teke godt vare på meg, eg kjenner ikkje noko stress i høve til at eg ligg litt på etterskot med noko. Eller som læraren min sa i dag; "du skal ikkje seie at du er på etterskot, du har gjort det som er naudsynt i situasjonen, skulearbeidet rekk du alltids å gjere noko med seinare". Og det skal eg nok, eg kjenner at det er tid til det no snart.

måndag, januar 08, 2007

Mamma


Mi kjære, gode, tapre mor døydde natt til laurdag etter fleire års kamp mot kreftsjukdommen. Dei siste åra har det vore mange turar inn og ut av sjukehuset for mamma’n min, og no, berre nokre dagar inn i det nye året, måtte sjølv ho gje tapt. Mamma var på sjukehuset då ho døydde, og ho somna stilt inn med sin trufaste ektemann Oddvar ved sida si.

Midt oppe i dette, vart Hulda 8 år og Even 4 år, og for deira skuld har me feira bursdag trass i sorga, så her kjenner me sanneleg at orda til salmediktaren Kingo gjer seg gjeldande når han seier at ”sorgen og gleden de vandrer til hope, lykke og ulykke kommer på rad”.

Kva det tyder for meg å ha mist mamma er enno alt for stort til at eg kansetja ord på tankane, men eg kjenner meg takksam for at mamma hadde det godt dei siste timane. Ho var særs godt smertelindra, og sjukepleiarane på sjukehuset på Levanger har vore fantastiske mot både mamma og oss som var rundt ho.

Til minne om mamma vil eg sitera eit av dei vakre dikta hennar. Ho har sjølv stått ved mangt eit dødsleie, og i diktet ”Avskjed” skildrar ho det så vakkert og sant.


Så vart og vakkert
kan døden komme,
så mildt og høytidsfullt
som en venn.
Du visste godt at
din tid var omme,
at slutten nærmet seg
så smått om senn.

Du ynket litt
med urolig mine
og vi ble redd
at du lå og led,
men da vi hender
la over dine
og leste "Fader Vår"
fikk du fred

Ved siste sukk
ble du rent forklaret
ditt ansikt strålte
i fredfull ro
vi følte savnet
og visste svaret;
nå gikk du over
din siste bro …

Og det var tårer
og sorg og vemod
slik har det vært
og slik vil det bli.
Da ble det kviskra
i stille høytid:
No veit ho "Go'mor" snart
Litt meir enn vi -.


Takk, mamma, for alt det du var. No har du gått over di siste bru. Eg saknar deg enormt.

søndag, desember 24, 2006

God jul!

God jul til alle som ser innom bloggen min!

tysdag, november 28, 2006

I rute

Tru det den som vil, men i går pakka eg faktisk inn julekalender gåver heilt fram til og med 20. desember, så eg er definitivt i rute!

Diverre er eg ikkje like i rute med å lesa til eksamen som er 19. desember, men ein rekk då ikkje over alt heller ..?

søndag, november 26, 2006

Bloggetrøbbel

For omlag ein månad sidan, skreiv eg ei posting til bloggen min om vinter, men diverre hendte eitt eller anna under opplasting, så såvidt eg veit, er det ikkje andre enn meg som har sett den posten. Men iallfall; no gjer eg eit forsøk på å posta att, og vonar eg vert synleg for omverda. :)

onsdag, oktober 25, 2006

Påminning

Stø kampen mot brystkreft!
Denne kreftforma er den som kvinner i Noreg vert hyppigst råka av, og statisktisk vil ei av tolv kvinner få brystkreft.
Di raskare ein oppdager at ein har brystkreft, di betre er prognosane.
Raud sløyfe-aksjonen skal visa solidaritet med brystkreftramma og i tillegg vere ein måte å samla inn pengar til forsking og brystkreftrelaterte prosjekt på. Dette er difor ei oppmoding til dei som enno ikkje har handla ei sløyfe; løp og kjøp!

torsdag, september 21, 2006

Sundagstur


Sist sundag var me på tur til Roknesvollen. Veret var strålande og me storkosa oss! Årsaka til at det vart denne turen nettopp denne dagen var at Tor Inge vart 35 år, og når han fekk avgjera kva me skulle gjere, vart det naturleg nok ein tur.

Det er omlag to kilometer frå parkeringa til Vollen, og som biletet syner; Even traska og gjekk. Han var sliten på heimturen, men han greide alt på eigne bein. Hulda og Linn-Therese møtte me ikkje att før me kom fram til Vollen, for dei forsvann nesten rett etter at me hadde byrja turen. Det er fine stiar innover, og det kjennast trygt og godt å la ungane utfalda seg litt og springa som dei sjølv vil.

Vel framme drakk vi kakao og kaffi og elda bål og grilla pølser og ostesmørbrød. Foreldra til Tor Inge vart òg med på turen, og det vart ei triveleg stund for oss alle.

søndag, september 10, 2006

Ut i praksis att

I morgon byrjar eg i praksis att. Dette skuleåret er 70% av tida vår tid me nyttar  ute i praksis. Eg er ikkje sikker på om eg gler meg eller gruar meg, men spennande vert det heilt sikkert.  Fyrste praksis er fram til 20. oktober, og etter det er det ei etterarbeidsveke på skulen før neste praksisperiode tek til. Eitt eller anna seier meg at eg kjem til å vera glad når eg får juleferie ...