onsdag, juli 25, 2007

Feriemodus!

Sjølv om ferieveka mi er over, er eg framleis i feriemodus. Å blogga står ikkje i høgsetet desse dagane. Eg kjenner angsten for at sommaren snart er over (og at den i år òg vart for kort) blanda med ei kjensle av at hausten snart kjem og gjev oss mørke kveldar og høve til å sitja i sofaen med godt samvit ...

Jepp, det var berre eit lite livsteikn, så de veit at eg framleis bloggar. ;)

måndag, juli 16, 2007

Ferie og hemmeleg sommarven

Endeleg har eg ferie, og det i ei heil veke ... ;) Men eg skal iallfall nyta desse dagane.

I førre veke fekk eg pakke frå min hemmelege sommarven på Hobbyforum! Det viste seg å vere Sipusa som hadde sendt denne flotte pakken, eg tok i bruk bambuspinnane med ein gong, og dei var knall-gode å strikka med!

måndag, juni 25, 2007

Hyttetur


I helga var vi på hyttetur i Aker Verdal si hytte i Trongsundet i Mosvik. Hytta har åtte sengeplassar fordelt på 3 soverom og i tillegg er det stue, kjøkken eit lite bad og ein romsleg veranda med badestamp med vedfyring. Til hytta høyrer òg ein båt som vi nytta flittig heile helga.




Fredag kveld grilla vi, og her ser de vi et (og et og et). Even var ikkje så veldig interessert i middag; på biletet her, står han i bakgrunnen og grillar Marshmallows.

Det er ganske utruleg kor mykje mat vi greier å pakka i oss, men samstundes er det enno meir imponerande at eg og Tor Inge nesten alltid handlar og lagar dobbelt så mykje som vi eigentleg treng. Men for å seie det slik; dersom vi får uventa besøk, vert nok alle mette likevel! Og elles er vi gode til å ete restemat i etterkant av slike fråtse-måltid.


Even fann seg ein grillspyd som han var heilt overtydd om at skulle brukast til å grilla desserten hans ...







Seinare på kvelden fyra vi i den store badestampen før vi tok ein tur på sjøen og fiska.

Hulda fekk ein diger torsk, bilete av denne kjem seinare, for dei vart teke med Hege sin telefon.

Etter sjøturen var vatnet i badestampen framleis berre 25 grader, men dette skremte ikkje Even som vart fyrstemann uti. Etter å ha sjekka temperaturen, tok han sjansen på å dukka nedi, men han meinte det ikkje var riktig godt og varmt enno då ...










Hulda var ikkje direkte imponert over temperaturen så tidleg, så ho nøyde seg med å vassa litt i fyrste omgang:

Etter kvart som det vart fart på fyringa, vart temperaturen heilt opp på 39 grader, og då var det så varmt at sjølv mor kunne bada!

Det gjorde godt med ei avslappingshelg att, eg trur vi kosa oss alle mann.

Sommartopp i bruk


Her har Hulda teke sommartoppen i bruk. Biletet vart relativt dårleg, men det får gå for denne gongen. Ho vart iallfall kjempefin!!

torsdag, juni 21, 2007

Eksamensresultat

I dag kom resultatet av bacheloroppgåva, og eg fekk B, så eg må nok seie meg nøgd.

No er tre års høgskule endeleg avslutta, og eg er sjukepleiar heilt på ordentleg.

onsdag, juni 20, 2007

Test av kamera

Vi har eit speilreflekskamera som ikkje er heilt friskt. Av og til, får vi feilkode "Err 99", og dette gjer at vi eigentleg ikkje nyttar kameraet så mykje som vi kanskje elles ville gjort. Det er trist når ein ikkje får til dei blinkskota ein ser ein har høve til.

Eg prøvde å lasta ned nokre nye drivarar i dag, men det hjalp diverre ikkje. Likevel, det vart nokre fine testbilete frå naturen rundt husveggane her:

Fridag for Even og Mamma

For snart to veker sidan (fredag 8. juni), hadde eg og Even fri frå barnehage og arbeid, og då eg kvelden før spurte han kva me skulle gjera på fridagen, hadde han svaret klart; gå tur til vatnet. Vi har eit vatn som ligg 2,5 - 3 km innover (oppover, eigentleg) i skogen her, og der er det fint å bada og grilla om sommaren og å isfiska og tenna bål om vinteren, ein veldig idyllisk plass. Eg lovte han at vi skulle gå dersom vi kom oss i veg i rett tid, for det var midt i varmeperioden, og eg makta ikkje tanken på å gå i den verste solsteika midt på dagen.

Dagen etter kom guten opp i halv åtte-tida, klar for tur, og litt før ni hadde vi pakka, smurt matpakke og lagt i veg oppover. Fyrste rast vart etter ca 20 minutt, på ein fin utsiktsplass før vi går inn i den litt djupare skogen. På vegen må vi gjennom to grinder og det er sauar på beite i marka,noko som er spennande for både liten og stor.

Å gå tur i lag med ein fireåring er ei oppleving i seg sjølv. Even har kronisk munndiaré (dei seier det er arveleg) og når den som er vaksen er opplagt, er det fantastisk mykje spennande ein kan prata om på ein slik tur. Vi fann spor, dyrebæsj, maurstiar, høyrde ulike fuglar, og etter kvart såg vi sanneleg både bjørnar, tigrar, villvetter, småtussar og hekser mellom trea i skogen ...

Etter å ha gått ein time totalt, var vi framme ved vatnet. Her sit Even på benken ved vatnet og planlegg fisking med "fiskestonga" han fann på vegen.
Han hadde òg med seg eit skosnøre i sekken som han knytte på pinnen han hadde funne, men det vart lite fisk av dette likevel. Men han skal definitivt ha poeng for innsatsen!

Guten hadde forresten hevda at han skulle bada, så klea forsvann fort, men den helt store badeseansen vart det ikkje, til det var det for kaldt i vatnet, men vassing og fisking med pinne vart det. Den noko dårlege biletekvaliteten skuldast forresten at eg hadde gløymd kamera, så alle bileta er teke med mobiltelefonen. Men dei gjev iallfall eit lite inntrykk av korleis det var på tur.











Etter ei stund med vassing, fisking og utforsking av området, tok vi fram matpakkene og kosa oss, og då me sat og åt, fekk vi storfint besøk. Desse var det litt vanskeleg å ta godt bilete av, då dei er ganske sky og lite villige til å posera for fotografen, så eg måtte knipsa i motlys.








Då me hadde vore ved vatnet ein times tid, syntest Even det var på tide å returnera, så då vart sekkene pakka att, og vi la i veg heimover. På heimturen var det òg mykje å sjå på og prata om, og det ser ut til at Even er av den typen som meiner at "vegen er målet", det viktigaste er å gå på tur, ikkje å koma fram dit ein skal. :)

Då vi kom heim var guten sliten, han ville sjå film, og det tok ikkje lang tid før vi fann han slik på sofaen:


Ein vellukka, men slitsam tur for ein liten gut!

tysdag, juni 19, 2007

Ferdig sommartopp!


Laurdag sendte eg sommartoppen til stemora mi, Synnøve i Trondheim, og i dag fekk eg MMS med biletet til venstre. Dette gjekk sanneleg raskt, og riktig lekkert vart det!

Tusen takk for hjelpa, Synnøve! Eg er kjempeimponert! Og kjempeglad! :) Reknar med mottakaren vert det òg.

laurdag, juni 16, 2007

Sommartopp


Eg har strikka ferdig sommartopp til Hulda i Mandarin Petit.
No manglar det ein heklekant i multifargar rundt halsringing, ermer og nedst på toppen, men for å få til det, må nok plagget overlatast i meir kyndige hender enn mine ... :)

torsdag, juni 14, 2007

Ridande rytter til hest

Even har prata om hest leeenge, og han har hatt lyst til å ri. Gjett om han vart glad då Tvistvold barnehage skulle på tur heim til den eine assistenten i barnehagen og ri på nordlandshest?

Må innrømma at eg var litt skeptisk til om Even var så tøff som han ga inntrykk av, så eg ba pent om å få lov å koma og sjå på når han rei. Det fekk eg, og sanneleg; guten var ein tøffing han! Det vart to turar på han, på to ulike hestar, og han såg eigentleg ut som om han passa på hesteryggen. Trur nok dette vert noko å bygga vidare på frametter!