fredag, desember 30, 2005

Herlege mellomjul!

Det er så godt med juleferie! Litt (eller; VELDIG) spesielt var det i år, då me ikkje hadde ein einaste unge på julaften, men det vart då vellukka likevel. Tor Inge og eg var på Inderøya i lag med mamma og Oddvar på julaften, og me storkosa oss alle saman. Etterpå gjekk dagane "slag i slag" med vitjingar her og der, og fjerde juledag fekk Tor Inge heim sine to minste, og femte juledag kom Hulda og Even, så då vart alt på skikk att.

I morgon kjem Tor Inge og ungane hit og feirar treårsdagen til Even, før me skal til syster hans og ete kalkun og sjå på rakettar. Og 1. nyårsdag vert det kombinert 3- og 7årsdag med familie og slekt.

onsdag, desember 21, 2005

Juleferie!!

Som vanleg vart førjulstida meir stressande enn eg trudde ho skulle bli, men no har eg diverse julekaker i boks, og stort sett oversyn over kva eg har eller ikkje har. Har vaska og styra litt i dag, så det vert nok jul i år òg. :)

fredag, desember 02, 2005

Praksis på sjukehus

No har eg vore i sjukehuspraksis i to veker, og eg stortrivast! Eg er på hjarteavdelinga på Medisin B, og kvar dag er like spennande og interessant. Eg byrjar få taket på puls, blodtrykk og temperaturmålingar, eg kan samtala med pasientane utan å vere redd for å seie dumme eller gale ting, og eg er ganske godt kjent i avdelinga no. Frametter vert det mykje oppgaveskriving og slikt, men me er heldige og får juleferie allereie 16. desember.