Viser innlegg med etiketten Hulda. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hulda. Vis alle innlegg

tysdag, desember 04, 2007

Julekakebaking

Medan ungane var på skule og i barnehage i dag, laga eg deig til "kvitkjeks" og serinakaker.


Denne boksen er eit kjært barndomsminne. Den kosta som de ser kr 28,40 på Epa, og det må vere mange år sidan! Boksen har vore "kvitkjeksboks" så langt attende eg kan hugsa, og den tradisjonen tenkjer eg å halda i hevd.





Ungane er i full gang med å stikke ut figurar. Vi var alle tre kledd i forklær mamma har sydd. Det forkleet Even har på vart faktisk sydd til meg for rundt 25 år sidan ...


(Dersom du klikker på eit bilete, kjem du forresten til ei side med større utgåver av alle desse bileta.)



Her er det serinakakene som står for tur!

Diverre vart dei ingen suksess. Eg trur eg var litt vel raus med den flytande margarinen, men det skal eg notera meg til neste år. Serinakakene vart nemleg meir som serinapletter enn kaker, men smaken var iallfall bra!



Slik skal boksen sjå ut i denne søte adventstid! Og eg må innrømma at eg er glad eg slo frå meg tanken på å doble mammas gamle oppskrift, for deigen ga desse kakene:

Planen er at vi kan ete opp kakene frå den fremste boksen, medan kvitkjeksboksen skal vere urørt. Så no må du skunde deg på besøk, pappa! Kvitkjeksene smaker nett som dei skal!



Mamma Hjørdis si oppskrift på kvitkjeks/kakemenn/spekulasi:

4 koppar sukker
1/2 kopp smør
-Rørast kvitt

Sett til:
1 kopp mjølk
1 kopp vatn
4 toppa ts vaniljesukker
4 ts hjortesalt
og den noko kryptiske:
Mjøl til passe deig

Deigen skal vere litt klissen og kan gjerne stå ei stund og godgjere seg. Viss du har i for mykje mjøl, blir kakene sprø, og det skal dei helst ikkje vere.

Steik midt i omnen i 8 minutt på 180 grader.



Til Barne-TV vart det prøvesmaking og julebruskos. Julebrusen var forresten restane etter første søndag i advent, men ungane syntest tydelegvis den var like god etter å ha stått opna i kjøleskåp i to dagar.


To fornøgde ungar på den fyrste julekakebakedagen vår:

torsdag, november 29, 2007

Hulda si ønskeliste

Inspirert av Even, ville Hulda òg presentera ønskelista si. Here goes:
Barbie og barbiehest, Sims, bamser, Babyborn, klede, Malin på månen, Celine sin CD, vaffeljern, julekrybbe, dataspel, smålego/legoslott, DVD, spel til Playstation 2 og til Nintendo DS, bøker/leseløve, hårstrikk/spenner, skistaver, smykker/armband, radiostyrt bil/fly/helikopter, twist, hoppestokk, mobil, flaggermus, fisk, mus, rotte, edderkopp, slange (ufarleg), lavalampe, puter, pledd, caps, hoppestrikk eller -tau, bærbar pc, penner, blyanter, lamper, diskokule, cd'er, nisser til nissehuset mitt, garn, tøfler, morgonkåpe, lue, hansker, votter, akebrett, saccosekk, trimsykkel, fotball, baller, glassenglar, daim, badebasseng, japp, toblerone, undertøy, penner med viskelær, sprettball, kompass, vekkarklokke som ikkje går baklengs, armbandsur og MGPJR cdar.

*puh* Då var lista formidla til kven som no enn måtte ønske å bruka ho. :)

torsdag, oktober 25, 2007

Endeleg!

Endeleg har eg tid og ork til å blogge att!

Som eg skreiv i førre post, hadde vi besøk av pappa og Synnøve førre tysdag. Hulda var smart nok til å syne Besta noko ho ønska seg i ei av strikkebøkene mine, og i mangel på scanner, vart oppskrifta kopiert slik:

Ikkje noko problem når ein har eit godt digitalkamera!

Eg ymta frampå om at det jentungen ville ha kanskje kunne tene som julegåve eller noko, men tysdag denne veka fekk Hulda pakke i posten.

Ho vart ekstremt nøgd, og eg måtte vere streng med ho for å få ho frå å ha på seg settet inne resten av kvelden ...






Då Even oppdaga kva storesyster hadde på seg då ho skulle på skulen morgonen etter vart han sitjande og sjå på ho ei stund, før han seier: "Men Hulda! Du vart fin som ei dronning med det der!"

Og eg må nesten seie at eg er samd med han! :)

måndag, september 24, 2007

Epleplukking

I dag har vi kosa oss på Inderøya og plukka eple med Besten. Eg var derimot meir ivrig med kameraet enn eg var med plukkinga ... Slik vart min dokumentasjon av plukkinga:

fredag, august 17, 2007

Brev på tur

Hulda hadde ein veldig god ven i barnehagen då vi budde på Levanger, og ho er framleis veldig glad i han. I dag let ho kreativiteten få frie tøylar, og resultatet vart eit brev som ho no har sykla for å putta i postkassa.

Håpar det er ein gut som vert glad når dette dukkar opp!

måndag, juni 25, 2007

Sommartopp i bruk


Her har Hulda teke sommartoppen i bruk. Biletet vart relativt dårleg, men det får gå for denne gongen. Ho vart iallfall kjempefin!!

laurdag, juni 16, 2007

Sommartopp


Eg har strikka ferdig sommartopp til Hulda i Mandarin Petit.
No manglar det ein heklekant i multifargar rundt halsringing, ermer og nedst på toppen, men for å få til det, må nok plagget overlatast i meir kyndige hender enn mine ... :)

søndag, april 29, 2007

Fotball-cup

I helga har det vore Bend-it-cup i Verdalshallen, og dagen til Hulda vart redda då ho skaut to mål i den siste kampen og laget hennar vann 2-1. Jentungen er ganske ærekjær (er det arveleg tru?), så for "fotballframtida" hennar (og mitt stolte morshjarte) var det ein stor fordel at det vart mål.

Mygg-spelarane har forresten endra seg mykje frå i fjor, i år liknar det definitivt meir på fotball enn det har gjort tidlegare, og innsatsen er på topp til alle spelarane.

laurdag, juli 22, 2006

Ferietur til Hunderfossen

Eg, Hulda og Tor Inge har vore på ferietur til Hunderfossen familiepark. På turen nedover køyrde vi over Folldal til Ringebu, og desse bileta er tekne på den turen. Det var eit spennande landskap, og for oss vart turen meir spennande enn om me berre hadde køyrd direkte. Dessutan er Hulda verdas mest tolmodige unge på biltur. Ho klaga ikkje ein einaste gong, men ho sov litt innimellom, og det var kanhenda ikkje så rart, for då me tok inn på campinghytte for kvelden, fann me ut at ho hadde feber, stakkar. Men ho vart bra att til dagen etter, heldigvis.


Posted by Picasa