Viser innlegg med etiketten Even. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Even. Vis alle innlegg

tysdag, desember 04, 2007

Julekakebaking

Medan ungane var på skule og i barnehage i dag, laga eg deig til "kvitkjeks" og serinakaker.


Denne boksen er eit kjært barndomsminne. Den kosta som de ser kr 28,40 på Epa, og det må vere mange år sidan! Boksen har vore "kvitkjeksboks" så langt attende eg kan hugsa, og den tradisjonen tenkjer eg å halda i hevd.





Ungane er i full gang med å stikke ut figurar. Vi var alle tre kledd i forklær mamma har sydd. Det forkleet Even har på vart faktisk sydd til meg for rundt 25 år sidan ...


(Dersom du klikker på eit bilete, kjem du forresten til ei side med større utgåver av alle desse bileta.)



Her er det serinakakene som står for tur!

Diverre vart dei ingen suksess. Eg trur eg var litt vel raus med den flytande margarinen, men det skal eg notera meg til neste år. Serinakakene vart nemleg meir som serinapletter enn kaker, men smaken var iallfall bra!



Slik skal boksen sjå ut i denne søte adventstid! Og eg må innrømma at eg er glad eg slo frå meg tanken på å doble mammas gamle oppskrift, for deigen ga desse kakene:

Planen er at vi kan ete opp kakene frå den fremste boksen, medan kvitkjeksboksen skal vere urørt. Så no må du skunde deg på besøk, pappa! Kvitkjeksene smaker nett som dei skal!



Mamma Hjørdis si oppskrift på kvitkjeks/kakemenn/spekulasi:

4 koppar sukker
1/2 kopp smør
-Rørast kvitt

Sett til:
1 kopp mjølk
1 kopp vatn
4 toppa ts vaniljesukker
4 ts hjortesalt
og den noko kryptiske:
Mjøl til passe deig

Deigen skal vere litt klissen og kan gjerne stå ei stund og godgjere seg. Viss du har i for mykje mjøl, blir kakene sprø, og det skal dei helst ikkje vere.

Steik midt i omnen i 8 minutt på 180 grader.



Til Barne-TV vart det prøvesmaking og julebruskos. Julebrusen var forresten restane etter første søndag i advent, men ungane syntest tydelegvis den var like god etter å ha stått opna i kjøleskåp i to dagar.


To fornøgde ungar på den fyrste julekakebakedagen vår:

måndag, desember 03, 2007

Even sin lykkedag

I barnehagen til Even har dei pepparkake-kalender. I fjor gjekk det så vidt eg hugsar ganske langt ut i desember før Even fekk kake, men i år vart det rettare. Då eg henta han i dag, viste han stolt fram denne pepparkakemannen! Det einaste som fekk han frå å ete den opp på heimturen, var at eg skulle ta bilete, men som de ser var det vanskeleg å halda fingrane unna sjølv den korte stunda. Eg og Hulda fekk og smaka, og på kjøkkenet ligg det to små bitar som skulle vere til Tor Inge når han kjem frå arbeid i kveld.

Forresten: Eg set stor pris på kommentarar frå alle som er innom, og må innrømma at eg er litt fornærma over gjengen på Lovund som har vore innom seinast i dag utan nokon gong å leggje att kommentar. Eg ser dykk nok! Hah!! ;)

torsdag, november 29, 2007

Evens ønskeliste

I går ba eg Even fortelje kva han ynskjer seg til jul, og her er lista for interesserte:

* Ungar
* Jesus
(ikkje spør; eg veit rett og slett ikkje kva han meiner!)

* Tre-klossar
* Barbie-hest og -dokke
* Doktorsaker
* Lynet Mc Queen
* Skjelettmaske
* Klede

Dersom det dukkar opp fleire ønske, skal eg prøve å hugse å oppdatere. :)

torsdag, oktober 25, 2007

Endeleg!

Endeleg har eg tid og ork til å blogge att!

Som eg skreiv i førre post, hadde vi besøk av pappa og Synnøve førre tysdag. Hulda var smart nok til å syne Besta noko ho ønska seg i ei av strikkebøkene mine, og i mangel på scanner, vart oppskrifta kopiert slik:

Ikkje noko problem når ein har eit godt digitalkamera!

Eg ymta frampå om at det jentungen ville ha kanskje kunne tene som julegåve eller noko, men tysdag denne veka fekk Hulda pakke i posten.

Ho vart ekstremt nøgd, og eg måtte vere streng med ho for å få ho frå å ha på seg settet inne resten av kvelden ...






Då Even oppdaga kva storesyster hadde på seg då ho skulle på skulen morgonen etter vart han sitjande og sjå på ho ei stund, før han seier: "Men Hulda! Du vart fin som ei dronning med det der!"

Og eg må nesten seie at eg er samd med han! :)

laurdag, oktober 13, 2007

Genser med gut

(eller gut med genser då).

Her ser de genseren i bruk:

tysdag, oktober 09, 2007

Gut på tur

Even og fire andre av dei eldste i barnehagen skal på hyttetur i Vera og liggje over ei natt. Even var oppsatt på å ha med seg fiskestanga, så her ser de han klar for tur; sekken på ryggen, sovepose i ei hand og fiskestanga i den andre. :)

tysdag, september 25, 2007

Kosedag

I dag har eg kveldsvakt, så Even har vore heime saman med meg på formiddagen. Veret var strålande i dag, så vi har hatt litt av kvart å gjere. Even har renska fuglekassa slik at ho er klar til neste år.

I år budde det ein fluesnapparfamilie der. Kanskje dei kjem att til våren?

Vi gjorde og eit forsøk som potetbønder i år og sette 6 potetar, men "åkeren" har vore neglisjert heile sommaren. Eg og Even tok for oss tre av plantane i dag, og sanneleg hadde det vorte potetbabyar! Her er den største og den minste poteten:
Til saman fann vi 13 potetar, og det synast eg er ganske bra. Dei tre siste plantene skal vi grave opp til helga når resten av ungane kjem, tenkjer eg.















Og etter arbeidsøkta smakte det visst godt med knekkebrød med geitost på! (Eg derimot, held meg til den vanlege fløytemysosten ...)

Men no må vi hiva oss rundt; eg skal snart på arbeid. Men det var godt å ha fri ein formiddag!

måndag, september 24, 2007

Epleplukking

I dag har vi kosa oss på Inderøya og plukka eple med Besten. Eg var derimot meir ivrig med kameraet enn eg var med plukkinga ... Slik vart min dokumentasjon av plukkinga:

torsdag, august 30, 2007

Fridag med Even

Tysdag hadde eg og Even fridag, og her leikar han fotomodell:

Er det ikkje ein fin gut eg har?

(For dei som er interesserte i strikkinga mi: Eg driv framleis og tjonar med genseren til mannen. Bolen er ferdig, og eg strikkar på den fyrste arma. Det tek tid, men den er nok ferdig før snøen kjem *bank i bordet*)

onsdag, august 29, 2007

Tussar på ferde?

Det har vorte kaldare i Trøndelag, og Even saknar regnvottar. Eg har leita over alt, men finn ikkje ein einaste regnvott. Har det vore tussar på ferde?

Det positive er at eg har sett igjennom alle andre kleda vi har no, så eg veit kva vi treng til vinteren, trur eg iallfall.

onsdag, august 01, 2007

Dokke-bukse

Då Even skulle til pappaen sin på sundag, kom han plutseleg dregande med ei dokke. Dokka var ein BabyBorn-kopi som Hulda hadde fått for om lag seks år sidan, men då ho fekk ekte BabyBorn, let ho veslebror overta dokka.

Stort sett har Even leika med dokke i lag med systera, og ikkje åleine, men no fortalde han at "ungen hans" skulle vere med til pappa. Eg spurde kva for namn ungen hadde, og fekk svar umiddelbart; "Han heite Tor!". Tor hadde berre på seg ein genser, så vi måtte leite bukse til han, men i og med at det stort sett har vore jentedokker i huset, såg han ganske feminin ut i lakseraud bukse ... Difor sette eg meg med i går, med trysilgarn på pinne nr 5 ogei oppskrift frå Familien, og resultatet ser de på biletet (Modell for buksa er Hulda si BabyBorn).

Prata med Even i telefonen i dag og lovde at eg skulle sende buksa i posten, så den ligg no i ein konvolutt på kjøkkenbordet og ventar. Håpar han vert glad for pakke i posten!

onsdag, juni 20, 2007

Fridag for Even og Mamma

For snart to veker sidan (fredag 8. juni), hadde eg og Even fri frå barnehage og arbeid, og då eg kvelden før spurte han kva me skulle gjera på fridagen, hadde han svaret klart; gå tur til vatnet. Vi har eit vatn som ligg 2,5 - 3 km innover (oppover, eigentleg) i skogen her, og der er det fint å bada og grilla om sommaren og å isfiska og tenna bål om vinteren, ein veldig idyllisk plass. Eg lovte han at vi skulle gå dersom vi kom oss i veg i rett tid, for det var midt i varmeperioden, og eg makta ikkje tanken på å gå i den verste solsteika midt på dagen.

Dagen etter kom guten opp i halv åtte-tida, klar for tur, og litt før ni hadde vi pakka, smurt matpakke og lagt i veg oppover. Fyrste rast vart etter ca 20 minutt, på ein fin utsiktsplass før vi går inn i den litt djupare skogen. På vegen må vi gjennom to grinder og det er sauar på beite i marka,noko som er spennande for både liten og stor.

Å gå tur i lag med ein fireåring er ei oppleving i seg sjølv. Even har kronisk munndiaré (dei seier det er arveleg) og når den som er vaksen er opplagt, er det fantastisk mykje spennande ein kan prata om på ein slik tur. Vi fann spor, dyrebæsj, maurstiar, høyrde ulike fuglar, og etter kvart såg vi sanneleg både bjørnar, tigrar, villvetter, småtussar og hekser mellom trea i skogen ...

Etter å ha gått ein time totalt, var vi framme ved vatnet. Her sit Even på benken ved vatnet og planlegg fisking med "fiskestonga" han fann på vegen.
Han hadde òg med seg eit skosnøre i sekken som han knytte på pinnen han hadde funne, men det vart lite fisk av dette likevel. Men han skal definitivt ha poeng for innsatsen!

Guten hadde forresten hevda at han skulle bada, så klea forsvann fort, men den helt store badeseansen vart det ikkje, til det var det for kaldt i vatnet, men vassing og fisking med pinne vart det. Den noko dårlege biletekvaliteten skuldast forresten at eg hadde gløymd kamera, så alle bileta er teke med mobiltelefonen. Men dei gjev iallfall eit lite inntrykk av korleis det var på tur.











Etter ei stund med vassing, fisking og utforsking av området, tok vi fram matpakkene og kosa oss, og då me sat og åt, fekk vi storfint besøk. Desse var det litt vanskeleg å ta godt bilete av, då dei er ganske sky og lite villige til å posera for fotografen, så eg måtte knipsa i motlys.








Då me hadde vore ved vatnet ein times tid, syntest Even det var på tide å returnera, så då vart sekkene pakka att, og vi la i veg heimover. På heimturen var det òg mykje å sjå på og prata om, og det ser ut til at Even er av den typen som meiner at "vegen er målet", det viktigaste er å gå på tur, ikkje å koma fram dit ein skal. :)

Då vi kom heim var guten sliten, han ville sjå film, og det tok ikkje lang tid før vi fann han slik på sofaen:


Ein vellukka, men slitsam tur for ein liten gut!

torsdag, juni 14, 2007

Ridande rytter til hest

Even har prata om hest leeenge, og han har hatt lyst til å ri. Gjett om han vart glad då Tvistvold barnehage skulle på tur heim til den eine assistenten i barnehagen og ri på nordlandshest?

Må innrømma at eg var litt skeptisk til om Even var så tøff som han ga inntrykk av, så eg ba pent om å få lov å koma og sjå på når han rei. Det fekk eg, og sanneleg; guten var ein tøffing han! Det vart to turar på han, på to ulike hestar, og han såg eigentleg ut som om han passa på hesteryggen. Trur nok dette vert noko å bygga vidare på frametter!