søndag, september 30, 2007

Rosa for oktober


Som de ser har bloggen fått ny bakgrunnsfarge. Årsaka til dette er at i morgon er det fyrste oktober, og med oktober kjem den årlege rosa sløyfe-aksjonen. Formålet med denne aksjonen er å setja fokus på brystkreft og skaffa pengar til forsking.

I år har 12 kvinner stilt opp i ein kalender som høyrer inn under eit prosjekt som heiter Lykke. Ei av kvinnene som er med på dette, er Betty. Ta turen innom bloggen hennar for å lesa meir.

Ei anna side du òg kan kikka innom er Oktoberrosa. Her har mange kreative menneske laga ting som skal auksjonerast bort på QXL, og pengane går uavkorta til Foreininga for brystkreftopererte.

Eg oppmodar alle bloggarar til å markere årets rosa sløyfe-aksjon i bloggen sin. Stafettpinne herved sendt!

(For dei som kanskje ikkje vil gjere heile bloggen rosa, vil eg oppmoda til å henta seg eit banner frå Pink for October)

Desse bloggarane veit eg at allereie har markert seg:

Virtuella, Betty, Sina, Be-ty, Mrs Darcy, Irenesol, Guri, Anett, Frk.Badegakk, Anette K., Anne, Frøken ij, Mimouna, Ruth, Hege,

Oppdatering 01.10.07: Flyttar no oversikta over rosa-bloggings til sidestolpen, der lista skal få ligge heile månaden. Ta turen innom bloggane, og grip stafettpinnen sjølv! Vil du eg skal lenke til rosa-bloggingsen din, håpar eg du legg att ein kommentar.

torsdag, september 27, 2007

Veske ferdig!

Førre helg byrja eg på ei veske med garnet eg fekk frå min hemmelege ven på Hobbyforum,og no er veska ferdig. Slik såg ho ut før dekorering:


Litt kjedeleg som einsfarga, kanskje, men eg likte fasongen veldig godt.

Litt dekorering og stasj måtte til for å få veska slik eg helst ville ha ho, og det ferdige resultatet vart ganske så bra om eg skal seie det sjølv ...


Slik ser altså den ferdige veska ut:

Eg gler meg til å ta ho i bruk!

Strikka etter oppskrift frå Familien nr 5/07 og tova på 40 grader i vaskemaskina.

tysdag, september 25, 2007

Kosedag

I dag har eg kveldsvakt, så Even har vore heime saman med meg på formiddagen. Veret var strålande i dag, så vi har hatt litt av kvart å gjere. Even har renska fuglekassa slik at ho er klar til neste år.

I år budde det ein fluesnapparfamilie der. Kanskje dei kjem att til våren?

Vi gjorde og eit forsøk som potetbønder i år og sette 6 potetar, men "åkeren" har vore neglisjert heile sommaren. Eg og Even tok for oss tre av plantane i dag, og sanneleg hadde det vorte potetbabyar! Her er den største og den minste poteten:
Til saman fann vi 13 potetar, og det synast eg er ganske bra. Dei tre siste plantene skal vi grave opp til helga når resten av ungane kjem, tenkjer eg.















Og etter arbeidsøkta smakte det visst godt med knekkebrød med geitost på! (Eg derimot, held meg til den vanlege fløytemysosten ...)

Men no må vi hiva oss rundt; eg skal snart på arbeid. Men det var godt å ha fri ein formiddag!

måndag, september 24, 2007

Epleplukking

I dag har vi kosa oss på Inderøya og plukka eple med Besten. Eg var derimot meir ivrig med kameraet enn eg var med plukkinga ... Slik vart min dokumentasjon av plukkinga:

søndag, september 23, 2007

Eg har vorte tagga!

Kristin har tagga meg.

Her er reglane:
1. Link til den som har tagget deg
2. Fortel 7 sanningar om deg, litt forskjellig og litt rart!
3. Tag 7 folk i slutten av blogginnlegget
4. Legg ei melding i bloggen deira for å seie at dei har vorte tagga.

7 ting om meg:
1. Eg er godtoman og særs glad i cola.
2. Eg var god til å skriva noveller ein gong i tida. (No skriv eg stort sett berre i bloggen. Eller prosedyrer til bruk på jobb)
3. Hovudgrunnen til at eg byrja å strikka var at eg ikkje kunne sitje i ro utan å gjere noko etter at mamma døydde.
4. Eg likar lange togturar
5. Eg har 55 bloggar i Google-reader-lista mi. Og det vert stadig fleire ...
6. Eg er kjempeglad i julefeiring!
7. Eg får litt prestasjonsangst når eg blir tagga.

Eg tagger Betty, Sipusa, Anita, Ellen, Hege, Frøken Strøken og Irenesol.

laurdag, september 22, 2007

Noko ferdig og noko eg har byrja på

I kveld har eg stort sett strikka og kosa meg, nett som eg sa eg skulle gjera. Eg har ete marinert kyllingfilet med ris og saus, eg har drukke te, ete sjokolade, lese vekeblad og i tillegg høyrer eg på lydboka "Presidentens valg" av Anne Holt.
Desse har eg gjort ferdig i kveld:
Det går raskt å strikka når ein høyrer lydbok!






Då pulsvarmarane var ferdige, måtte eg jo byrja med noko nytt. I Familien nr 5/07 var det mønster på ei tova veske, og den har eg byrja med:

Men no er det vel snart på tide å finna senga, sjølv om lydboka er så god at det er vanskeleg å slutta å høyre på ho ...

Jaktenke II

Frå å berre vere jaktenke vart eg brått "den glade jaktenke". Coop-butikken hadde 25% på mellom anna Smart og Fritidsgarn, og i tillegg har eg handla meg litt å kosa meg med i helga. Berre sjå:

Sjokoladen og potetgullet vart ikkje med på biletet då. Treng ikkje å dokumentere alt for ettertida heller!

Snart skal eg krypa opp i sofakroken og bli der resten av dagen. Ute er det berre grisever likevel, og det gjer det jo ekstra godt å vere inne.

Jaktenke

I dag tok gubben med seg sekken, soveposen, teltet og bikkja og drog på fjellet på rypejakt. Og eg skal vere att heime. Han gav meg (snill som han er ...) tilbod om å vere med, men eg greidde å takka nei, gitt.

Kva eg skal finna på? Tja, eg har enno ikkje kome ut av morgonkåpa, så eg vil tru det neste på programmet er eit bad. Etter det har eg ingen andre planar enn kos og avslapping i einsam majestet. Høyrast ikkje det godt ut kanskje?

Ha ei flott helg, alle saman!

fredag, september 21, 2007

Visdomsord

I går gjorde mannen meg merksam på dette visdomsordet han hadde hengt på kjøleskapet for nokre dagar sidan:

"Det er fred i det hjem hvor mannen er døv og kona er blind"

I og med at eg ikkje såg det før han peika det ut for meg, kan ein kanskje seie at eg er blind, og då er det iallfall ikkje eg som skapar ein eventuell ufred i heimen. ;)

onsdag, september 19, 2007

Flygeblad

denne sida finn du eit flygeblad om Oktoberrosa-aksjonen. Skriv det ut og legg det på ulike stader. Sjølv tenkjer eg å henga det på oppslagstavla på jobben iallfall. :)

måndag, september 17, 2007

Bursdag!


Mannen i huset fyller 36 år i dag! Ei rose til deg, Tor Inge, og gratulerer så masse med dagen!

Gåve er innkjøpt, og eg gler meg til mannen er ferdig på jobb og ungane kjem heim, for det fyrste fordi eg elskar å gje gåver, og nettopp denne gåva trur eg mannen heilt har gløymd at han ønskjer seg. Den andre grunnen er at i dag skal vi ha ein nydeleg middag som vi alt for sjeldan tek oss tid til ...





Til middag skal vi ha dette:


Ei stor gryte med fårikål står og putrar på omnen. Skal han nokre pølser i tillegg då, for det er ikkje heilt sikkert at alle ungane likar sauesmaken ...

I ettermiddag kjem familien på bursdagsbesøk, og då skal vi mellom anna kose oss med denne her:


Eg gler meg kjempemykje, både på mat og kake og besøk. Men no skal eg tusla bort og bake den tidlegare blogga formkake med kakao.

Lue

Eg har strikka to luer dei siste dagane, ei til meg sjølv og ei til Tor Inge. Bilete av Tor Inge si kjem seinare, men mi ser de her:
Problemet var berre at den vesle modelljenta nekta å kvitta seg med lua, så lua mi er i skrivande stund på skulen, og eg reknar med at eg må strikka ei ny til meg sjølv. Strikka i Sandnes Alfa glitter etter eigenkomponert "oppskrift".

fredag, september 14, 2007

God helg!

På surferunde etter noko så interessant som kake, fann eg denne på Kunstkakeriet. Synast den var ekstremt flott og dessutan passa den så bra. I kveld har eg og mannen barnefri. Han hadde tilbod om å delta på teambuilding saman med jobben, men i og med at vi nesten ikkje har sett kvarandre i det siste, vart vi (eg?) samde om at han heller skulle teambuilde litt med meg. Elles kunne det hende det vart dårleg med team etter kvart, fortalde eg han. ;)

Kake vert det ikkje i kveld, det får venta til måndag når Tor Inge har bursdag, men biff og litt pils skal det bli. Resten av helga skal eg arbeida, og så vidt eg veit har mannen i huset planar om jakt.

God helg til alle!

Er det noko å skryta av?

Eg høyrde Bush på TV nettopp. Han prata om suksess i Irak. I følgje Bush var det visstnok suksess at amerikanske styrkar hadde teke til fange eller drepe 1500 "fiendtlege troppar" per månad sidan januar i år. 1500 menneske kvar månad er anten drepne eller tekne til fange. Det vil seie at utan september, er det alt i alt 12000 menneske. Truleg er dei fleste drepne, andre er kanhenda torturerte, og det er noko han er stolt av? Det er meir enn eg kan forstå ...

onsdag, september 12, 2007

Bake bake bake

I går fann eg ut at det var på tide å baka brød att. Det går relativt store mengder brød her i huset, og eg likar godt å baka dei sjølv. Eg er ikkje sikker på om eg sparer pengar på det, men den store fordelen i mine auge er at brødet smakar betre, det er litt meir næring i det og ikkje minst; eg veit kva vi får i oss når eg sjølv har bakt. (Dessutan får eg godt samvit og kjenner meg som ei Flink Mor ...)

Brødet de ser her, har tre "sysken" lenger borte på benken. To brød går rett i frysaren, og to vert ikkje frose.

I går kveld, fekk eg lyst på sjokoladekake. Då eg var lita, baka mamma fleire gonger sjokoladekake til laurdagsgodt. Eg syntest det var heilt topp. Fyrst i vaksen alder har eg forstått at det var eit økonomisk spørsmål ...

Men iallfall; mamma bakte sjokoladekake, og kaka var usannsynleg god! Då eg vart eldre (og familieøkonomien hadde betra seg), etterlyste eg denne kaka, men mamma greidde ikkje å hugsa kva for kake eg meinte. Ho prøvde mange ulike oppskrifter, men trefte aldri på Den Kaka. Fyrst i går kom eg på det; høgst sannsynleg var det ei formkake med kakao ho bakte! Eg googla og på Det søte liv fann eg ei Ingrid Espelid-oppskrift. Denne kaka heiter opprinneleg "formkake med kakao". Eg kasta meg over prosjektet, og sanneleg; dette var kaka. Sprø og nydeleg skorpe, ikkje for søt og ikkje for tung. Diverre vart ho ikkje så fin, men smaken var perfekt. Tre store stykke gumla eg i meg medan eg såg Medium i går kveld. Oppskrifta er såre enkel:

125 g smør
2 dl sukker
2 egg
2 ss kakao
2 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
150 g kveitemjøl
1 dl mjølk


Rør saman smør og sukker. Pisk inn eitt og eitt egg. Sikt saman det tørre, og vend inn det tørre og mjølka vekselvis. Dessutan skal ein visst ikkje røra for mykje (kvifor ikkje? Vert kaka tung då?). Ha deigen i ei godt smurt form. Eg nytta ei av mine vanlege brødformer, og i tillegg la eg eit bakepapir i botnen. Steik på 175 grader på nedste rille i ca 50 minutt. Test med strikkepinne (eller liknande) at kaka er gjennomsteika. La stå eit par minutt før du kvelvar ho ut av forma. Nytast med eit glas kald mjølk eller ein kopp kaffi. (I og med at kaka var ferdig så seint, vart det mjølk her i huset, og det gav skikkeleg flashback av barndomsminne) Nokon som vart inspirerte no? :)

tysdag, september 11, 2007

Dagen derpå

Lasse vart ikkje ordførar i Fauske. SV gjekk attende der òg, og det er eg lei meg for. Men eg veit at Lasse og partiet hans kjem til å vere gode i opposisjon, og så vonar vi at SV kjem sterkare attende ved neste val!

Lukke til, Lasse!

På tide å tenkje seg om ...


Den siste månaden har vore økonomisk ganske trong. Ikkje slik at vi har lidd naud eller noko, men slik at eg har vore nøydd til å tenkje både ein og to gonger før eg har lagt varer i handlekorga. Likevel; vi har hatt det pålegget vi har lyst på, vi har drukke både mjølk, juice og brus og vi har hatt (meir enn) nok middag kvar dag og laurdagsgodt i helga. For meg har det vore nesten som ein konkurranse; korleis kan eg organisere matlaging og handling slik at det kostar minst mogleg?

I dag ser eg at eg faktisk har vunne konkurransen. Ut frå det eg hadde planlagt, skulle det no vore rundt 200,- på kontoen, for i morgon er det lønningsdag. Men kontoen inneheld fire gonger så mykje! Dersom eg greier å oppretthalde konkurranseinnstinktet, vil eg tydelegvis kunne spara ganske store summar ... Frå no av trur eg at eg alltid skal tenkje to gonger før eg handlar. Om ikkje anna kan ein jo bruka dei resterande kronene til noko artig?

Genser ferdig

Endeleg ferdig med genseren til mannen! Han vart glad og eg vart nøgd. Men neste gong trur eg det vert genser med raglan-felling ... ;)



Her er genseren utan modell. "Mønsteret" har eg stort sett teke ut av hovudet, men grunnoppskrifta hadde eg frå eit Gjestal-hefte. Genseren er strikka i Topp-t-tå-garn, og det gjekk raskt å strikka. Sjølv om eg innimellom hadde lyst til å gje opp heile prosjektet ...









Her er genseren med modell. Som de ser er han ganske fornøgd. :)

Vesle Even er forresten veldig misunneleg og ønskjer seg svart og grøn genser med "hatterifnatter og spøkelse" på. Eg reknar med "hatterifnatter"er hattifnatter frå Mummidalen. Men finnast det mønster på desse då?

søndag, september 09, 2007

Valdagen

I dag har eg og Tor Inge vore i Soltun grendehus og røysta. Diverre stilte ikkje partiet mitt noko liste til kommune- eller fylkesting denne gongen, så eg måtte finna eit alternativ. Det som var viktigast for meg denne gongen, var skule. Barneskulen er for liten, og det må byggast nye lokale, men usemja har vore kva ein skal gjere med ungdomsskulen. Nokre parti har meint at ny ungdomsskule bør byggjast ved vidaregåande, men dette er noko eg ikkje ynskjer. Eitt av partia som har uttalt seg tydeleg mot flytting av ungdomsskole er SV, og dette var ei av årsakene til at mi røyst denne gongen gjekk til nettopp dei.

I år er forresten lokalvalet i Fauske kommune òg spennande for meg, for der stiller bror Lasse som ordførarkandidat. Det hadde vore tøft å kunne seie "bror min, som er ordførar ...". Dessutan er eg heilt sikker på at han kjem til å gjere ein kjempejobb dersom han blir ordførar, for han er ein særs fornuftig fyr. :)

Heia Lasse! Og godt val til dei som les bloggen min.

fredag, september 07, 2007

Puh!

No har eg endeleg teke ein pust i bakken. Til no i dag har eg:

Bakt brød. Desse står i omnen no. Og det luktar nydeleg, om eg skal seie det sjølv. (Og det må eg jo nesten, for den einaste som er her i lag med meg er Even, og han har ikkje kommentert det enno)




Skore opp 5 kotelettar og to kjøttpølser som skal vere med i middagen i dag ...








... og laga sausjamninga som er basisen for lapskausen vi skal ete. Denne har Even prøvesmakt, og han meinte det var godt. Det som ligg og flyt i sausen er bein frå kotelettane. Eg hadde ikkje kjøttkraft til sausen, så eg sette til buljong, og kokar som de ser kotelettbein i lag med sausen. Reknar med det gjer susen, eg.



Og no syntest eg at eg fortente ein kvil, om ikkje anna så for å skryta over kor flink eg har vore. Eg skal straks springa over golvet med moppen slik at det iallfall luktar reint til helga!

torsdag, september 06, 2007

Trønderskrøne

I bloggen til Tromp fann eg ei trønderskrøne de bør lesa: The Tromp Tower: Arti trønderhistorie
Trøndarar fornektar seg ikkje. :)

Eg har fått pakke!!!

Denne flotte pakka fekk eg frå min hemmelege ven, Anki, på hobbyforum i går:

Fire nøste fritidsgarn frå Sandnes, eit krossting-broderi og dei lekre knappane! Og i tillegg eit flott heimelaga kort med sommarfugl! Og på kortet kom Anki med forslag til kva eg kunne bruka garnet til. Ho foreslo mellom anna at eg kunne laga eit tova sitteunderlag, og eg må innrømma at det fekk eg veldig lyst til, så de skal ikkje sjå bort frå at det blir nettopp det.

Kunne tenkt meg å laga turkis sitteunderlag og dekorere til dømes med filt eller liknande. Og så kunne Hulda ha det med på turdagane på skulen. Då er det iallfall ingen som har likt underlag som ho!

Gler meg til å byrja med broderiet òg. Har sett på det, og det ser ikkje så vanskeleg ut at eg mistar motet iallfall!

Synast nesten eg må ha med nærbilete av knappane. Kvaliteten på bileta er framleis ikkje den beste, men kameraet på telefonen er det beste foto-alternativet eg har akkurat no.

Synast desse knappane var fantastiske eg! Gler meg til å finna noko å bruka dei til. Synast nesten dei er for fine til å vere på Calorimetry, dessutan var det jo fem av kvar, og det er jo nok til mykje anna ... Dette må eg grubla vidare på!

Tusen takk, Anki, for ei flott pakke! Går berre rundt og smiler eg! :)

No må eg snart hiva meg rundt og laga ferdig pakke til den eg skal senda til. (Men eg trur eg må venta til etter 12. september, for då er det lønningsdag)

onsdag, september 05, 2007

Dikt til ettertanke

Av og til dumpar ein borti ting på nettet som set seg fast, og på sida til Helle fann eg ein slik ting. Helle deler dikta sine med oss, og dette var verkeleg verdt å lesa og å hugsa ...

tysdag, september 04, 2007

Ei lita oppmoding ...

Eg skal følga denne oppmodinga frå oktoberrosa:

la bloggen bli rosa i oktober

Gjer du det same?

70-årsdag!

Hipp hipp hurra for verdas beste stefar som fyller 70 år i dag!!!



Verdalsmafiaen gratulerer så mykje med dagen, og vi kjem i kveld!
Vi er kjempeglade i deg, Oddvar!

måndag, september 03, 2007

Ny veke, nye moglegheiter

I dag er det måndag, og har vore flink (synast eg sjølv iallfall) og bakt kake etter eg kom heim frå arbeid. Kvifor? Tja, mest for at eg trur denne kaka er god. Og så er det kjekt å ha noko i frysaren i fall det kjem uventa gjestar. (Eller når eg sjølv "må" ha noko søtt)

Kaka er det eg kallar "skoff-kak". "Bestefarskake" har eg òg høyrd bruk om denne. Har ikkje prøvesmakt enno, men eg håpar ho er god. Ungane likte røra iallfall. ;)