måndag, desember 10, 2007

Flytting

Det blir flytting av bloggen. Ver snill og oppdater bokmerka dine. Den nye adressa er http://www.blogg.gausen.net/ men det vert nok vidaresending frå http://www.monica.gausen.net i tillegg. ;)

fredag, desember 07, 2007

Testing av wordpress

Driv og testar ut wordpress. Førebels resultat ser du her: http://www.blogg.gausen.net/Har freista importera gamle innlegg og kommentarar, men noko har ramla ut, ser eg ... Velvel, vi får sjå om flyttinga vert permanent!

onsdag, desember 05, 2007

Kokosmakronar

I dag laga eg kokosmakronar og inviterte mannen på kaffi:

Reknar eigentleg med at Oddvar/Besten dukker opp til "godkjenningssmaking" av makronane i næraste framtid. Og velkommen skal han vere! ;)

Oppskrifta på desse er frå boka "Norsk jul" av Sivertsen og Strømstad og var såre enkel! Boka er forresten veldig bra, så dersom du ynskjer deg ei bok med mellom anna matoppskrifter, tips til juleverkstad samt gjennomgang av alle merkedagane fram til jul, bør du vurdera denne!

tysdag, desember 04, 2007

Julekakebaking

Medan ungane var på skule og i barnehage i dag, laga eg deig til "kvitkjeks" og serinakaker.


Denne boksen er eit kjært barndomsminne. Den kosta som de ser kr 28,40 på Epa, og det må vere mange år sidan! Boksen har vore "kvitkjeksboks" så langt attende eg kan hugsa, og den tradisjonen tenkjer eg å halda i hevd.





Ungane er i full gang med å stikke ut figurar. Vi var alle tre kledd i forklær mamma har sydd. Det forkleet Even har på vart faktisk sydd til meg for rundt 25 år sidan ...


(Dersom du klikker på eit bilete, kjem du forresten til ei side med større utgåver av alle desse bileta.)



Her er det serinakakene som står for tur!

Diverre vart dei ingen suksess. Eg trur eg var litt vel raus med den flytande margarinen, men det skal eg notera meg til neste år. Serinakakene vart nemleg meir som serinapletter enn kaker, men smaken var iallfall bra!



Slik skal boksen sjå ut i denne søte adventstid! Og eg må innrømma at eg er glad eg slo frå meg tanken på å doble mammas gamle oppskrift, for deigen ga desse kakene:

Planen er at vi kan ete opp kakene frå den fremste boksen, medan kvitkjeksboksen skal vere urørt. Så no må du skunde deg på besøk, pappa! Kvitkjeksene smaker nett som dei skal!



Mamma Hjørdis si oppskrift på kvitkjeks/kakemenn/spekulasi:

4 koppar sukker
1/2 kopp smør
-Rørast kvitt

Sett til:
1 kopp mjølk
1 kopp vatn
4 toppa ts vaniljesukker
4 ts hjortesalt
og den noko kryptiske:
Mjøl til passe deig

Deigen skal vere litt klissen og kan gjerne stå ei stund og godgjere seg. Viss du har i for mykje mjøl, blir kakene sprø, og det skal dei helst ikkje vere.

Steik midt i omnen i 8 minutt på 180 grader.



Til Barne-TV vart det prøvesmaking og julebruskos. Julebrusen var forresten restane etter første søndag i advent, men ungane syntest tydelegvis den var like god etter å ha stått opna i kjøleskåp i to dagar.


To fornøgde ungar på den fyrste julekakebakedagen vår:

måndag, desember 03, 2007

Even sin lykkedag

I barnehagen til Even har dei pepparkake-kalender. I fjor gjekk det så vidt eg hugsar ganske langt ut i desember før Even fekk kake, men i år vart det rettare. Då eg henta han i dag, viste han stolt fram denne pepparkakemannen! Det einaste som fekk han frå å ete den opp på heimturen, var at eg skulle ta bilete, men som de ser var det vanskeleg å halda fingrane unna sjølv den korte stunda. Eg og Hulda fekk og smaka, og på kjøkkenet ligg det to små bitar som skulle vere til Tor Inge når han kjem frå arbeid i kveld.

Forresten: Eg set stor pris på kommentarar frå alle som er innom, og må innrømma at eg er litt fornærma over gjengen på Lovund som har vore innom seinast i dag utan nokon gong å leggje att kommentar. Eg ser dykk nok! Hah!! ;)

Endeleg advent!

Adventskalenderen er på plass! Hulda og Even har pakker for kvar dag, medan Linn-Therese og Thomas har for dei dagane dei skal vere her i desember (pluss nokre ekstra berre for moro skuld)


Det vart vel omlag 70 pakker, trur eg. Alle er merka med dato og namn slik at det ikkje skal bli forvirring om kven som skal ha kva.




To fornøgde ungar som pakkar opp etter at dei kom heim frå "pappa-helg".


Even fann sine med ein gong, men som de ser leitar Hulda framleis etter sin.





Julestemning på kjøkkenet.

Tape og snøspray gjer underverk!

Endeleg har adventstida byrja, og eg stor-kosar meg

torsdag, november 29, 2007

Hulda si ønskeliste

Inspirert av Even, ville Hulda òg presentera ønskelista si. Here goes:
Barbie og barbiehest, Sims, bamser, Babyborn, klede, Malin på månen, Celine sin CD, vaffeljern, julekrybbe, dataspel, smålego/legoslott, DVD, spel til Playstation 2 og til Nintendo DS, bøker/leseløve, hårstrikk/spenner, skistaver, smykker/armband, radiostyrt bil/fly/helikopter, twist, hoppestokk, mobil, flaggermus, fisk, mus, rotte, edderkopp, slange (ufarleg), lavalampe, puter, pledd, caps, hoppestrikk eller -tau, bærbar pc, penner, blyanter, lamper, diskokule, cd'er, nisser til nissehuset mitt, garn, tøfler, morgonkåpe, lue, hansker, votter, akebrett, saccosekk, trimsykkel, fotball, baller, glassenglar, daim, badebasseng, japp, toblerone, undertøy, penner med viskelær, sprettball, kompass, vekkarklokke som ikkje går baklengs, armbandsur og MGPJR cdar.

*puh* Då var lista formidla til kven som no enn måtte ønske å bruka ho. :)

Evens ønskeliste

I går ba eg Even fortelje kva han ynskjer seg til jul, og her er lista for interesserte:

* Ungar
* Jesus
(ikkje spør; eg veit rett og slett ikkje kva han meiner!)

* Tre-klossar
* Barbie-hest og -dokke
* Doktorsaker
* Lynet Mc Queen
* Skjelettmaske
* Klede

Dersom det dukkar opp fleire ønske, skal eg prøve å hugse å oppdatere. :)

Kreativ datter / My creative daughter

Hulda på snart 9 og eg skulle kose oss med å lage julekort. For å seie det enkelt: Eg vil ikkje syne fram mitt. Ikkje kjem nokon til å få det til jul heller ... Så korleis i hampen har eg fått ei så flink dotter?

My 8 year old daughter and I were making christmas cards the other day. Or, I made one, that is, and it's definitively nothing to show. It will not be given away either. So how come my daughter can make this?
Eg er faktisk litt misunneleg for at ho får det til ...

Gotta admit I'm a bit jealous!

Winter wonderland

This is actually the view from our garden there days:



Beautiful, isn't it?

søndag, november 18, 2007

Julehandel

I går var eg og Tor Inge i Trondheim på julegåvehandel. Det vart med ein julegåve til oss sjølve og:

Frå før har vi to støvsugarar: Ein Volta som er bortimot antikk. Eg arva han etter mamma, og den er lekkert 70-talls oransje nesten utan filtrering trur eg. Iallfall har det ofte stått ei støvsky bak støvsugaren ved oppstart, så den har kanskje spreidd meir støv enn den har sugd opp. Den andre støvsugaren vår er av nyare dato, men den hadde eit uhell med ei glo, og etter det har den laga fæl lukt ved bruk ... Så i går, då pengane likevel flaug ut, vart denne støvsugaren med heim frå Obs. Så no kan det hende sofaen blir rein til jul. ;)

Elles driv eg i dag med innpakking av kalendergåver til ungane. Koseleg syssel på ein søndag!

tysdag, november 13, 2007

Kristinlua er ferdig! / My baggy hat is done.

"Baggy lue" som Kristin har funne opp, er no ferdig. Eg brukte Sandes Alfa på pinne 6,5, og det gjekk med nesten to nøste.

The baggy hat with pattern made by Kristin is now done. I knitted it in Sandnes Alfa and used almost two skeins.

Slik vart resultatet / Here's the result:



I'll try to hang on to this hat and keep it from my daughter. My ears are cold, so I need it myself! ;)

Skal prøve å halda denne lua unna Hulda, for eg frys på øyra sjølv. :)

måndag, november 12, 2007

Ubedne gjestar/ Uninvited guests

Vi har hatt gjestar i matbua!
Og dei har som de ser lagt spor etter seg. Berre så det er sagt; eg er hysterisk redd for mus, så eg frys berre eg ser på dette biletet.

Mannen i huset er heller ikkje overbegeistra for skadedyra, men han er likevel myyyykje tøffare enn det eg er, så no er han helten min.

Vi (les: Tor Inge) har lagt ut gift til musene slik at vi skal bli kvitt dei. Og etterpå skal inngangsporten til matbua tettast slik at dei ikkje kjem seg inn att.

We've had uninvited guests in the room where we keep some of our food stored. And for the record: I'm extremely afraid of mice! I can jump up on a table if I see one, and I won't come down until someone rescues me ... Luckily I have a Hero in my house, and he's putting out poison to get rid of the horrible animals.

Helten min!

My hero!

søndag, november 11, 2007

11/11

Sjølv etter sju år er smerten til stades, og alt eg ynskjer er å bli ferdig med desse tunge dagane eg har. Eg stør meg framleis til diktet av Karl Asplund:

TRÄDET

Vad dumt det är att tro, att man kan glömma,

och dumt att tro, att tiden läker såren.

Den stora sorgen - den är intet sår.

Den är ett frö, som föll i hjärtats gömma

och gror och växer till ett träd med åren

och bär en bitter blomning varje vår.

Og desse dagane er min "vår" i så måte ...

måndag, november 05, 2007

Firkantlue/Square hat

Firkantlue er ferdig!

Mønsteret fann eg i boka Krymp! av Birte Aartun, og lua er strikka i Viking sportsgarn på pinne 4, og deretter tova i maskina på 40 grader. Lua vart adoptert av Hulda med ein gong, og den var visst både god og varm.

-----

The square hat is done! Pattern from the norwegian book Krymp by Birte Aartun and knitted in Viking Sportsgarn. My daughter Hulda adopted this hat right away, and she likes it a lot. It was really easy to make too.

søndag, november 04, 2007

Allehelgensmesse

I dag har vi vore i Sakshaug kyrkje til allehelgensmesse. Då vert namnet til alle som er gravlagte i sognet siste år lese opp, og det var difor vi var der i dag, for å minnast mamma.

Det var mange menneske i kyrkja, og det vart ei ganske fin stund. Hulda vart med på søndagsskulen, og proklamerte at ho skulle attende iallfall, så det vert vel fleire gudstenester på oss. :)

Etter gudsteneste og kyrkjekaffi, var me på grava til mamma. Oddvar hadde pynta så vakkert der, og Hulda tente eit ljos for mormor.

Etterpå var me på Sandvollan der Oddvar serverte oss årets fyrste ribbe. Det smakte fantastisk, og svoren var sprø og fin! Alt i alt vart det ein god søndag som gjev kraft til ei ny arbeidsveke for både store og små.

laurdag, november 03, 2007

Laurdag/Saturday

I dag er det avslappingsdag i heimen. Mannen er ute på jakt, og eg strikker firkantlue og høyrer "Ligge i grønne enger" på lydbok. I tillegg driv eg og snusar inne på Ravelry der eg kom inn i dag. Og nettopp på grunn av dette, bør eg vel prøva meg på å bli litt meir tospråkleg i bloggen innimellom, sjølv om engelsken min er litt rusten...

Ha ein fin laurdag alle saman!

---
Today I'm just relaxing. My man is out hunting and I'm curled up on the sofa, knitting and listening to a audiobook. I finally got in to Ravelry today, so I guess it's about time to start blogging in English. Haven't used English for many years, so I'll obviously makelots ofmistakes, but hopefully you'll understand me anyway.

Have a nice saturday, everyone!

fredag, november 02, 2007

Sjå kva eg har fått!

Eg har fått TAKK-gåve frå Mona på hobbyforum:

Lekkert, ikkje sant? Kluten er nok for fin til å bli kjøkkenklut, så det kan henda den må bu på badet. Det bur jo trass alt fleire prinsesser/dronningar her i huset, så den passar perfekt! Både knappane, rosene og glittertråden vil nok koma til nytte. Tusen takk Mona!

laurdag, oktober 27, 2007

Tag

Lise har tagga meg med ei utfordring som er på engelsk:

YOUR ROCK STAR NAME: (first pet & current car) = Siri Voyager

YOUR GANGSTA NAME: (fav. ice cream flavor, favorite cookie) = Vanilla Safari

YOUR "FLY GIRL" NAME: (first initial of first name, first three letters of last name) = Mgau

YOUR DETECTIVE NAME: (favorite color, favorite animal) = Purple Tiger

YOUR SOAP OPERA NAME: (middle name, city where you were born) = No Trondheim

YOUR STAR WARS NAME: (the first 3 letters of your last name, first 2 letters of your first) = Gaumo

SUPERHERO NAME: (2nd favorite color, favorite drink, put "The" first) = The Turquise Corona

STRIPPER NAME: (the name of your favorite perfume/cologne, favorite candy) = Lolita Licorice

WITNESS PROTECTION NAME: (mother's & father's middle names) = NoNo

torsdag, oktober 25, 2007

Endeleg!

Endeleg har eg tid og ork til å blogge att!

Som eg skreiv i førre post, hadde vi besøk av pappa og Synnøve førre tysdag. Hulda var smart nok til å syne Besta noko ho ønska seg i ei av strikkebøkene mine, og i mangel på scanner, vart oppskrifta kopiert slik:

Ikkje noko problem når ein har eit godt digitalkamera!

Eg ymta frampå om at det jentungen ville ha kanskje kunne tene som julegåve eller noko, men tysdag denne veka fekk Hulda pakke i posten.

Ho vart ekstremt nøgd, og eg måtte vere streng med ho for å få ho frå å ha på seg settet inne resten av kvelden ...






Då Even oppdaga kva storesyster hadde på seg då ho skulle på skulen morgonen etter vart han sitjande og sjå på ho ei stund, før han seier: "Men Hulda! Du vart fin som ei dronning med det der!"

Og eg må nesten seie at eg er samd med han! :)

søndag, oktober 21, 2007

Slapp bloggeveke

Denne veka har alle dagane vore travle. Måndag, onsdag, torsdag og fredag var det arbeid, tysdag hadde vi kjempekoseleg besøk av pappa og Synnøve, i går var eg og Tor Inge på bursdag, og i dag skal eg på arbeid att. Neste fridag er torsdag. Eg gler meg allereie!

laurdag, oktober 13, 2007

Genser med gut

(eller gut med genser då).

Her ser de genseren i bruk:

fredag, oktober 12, 2007

(Hyper)aktiv fredag

I dag fekk eg ei rosande tekstmelding om aktivitetsnivået mitt frå syskjenbarnet mitt, så eg fann ut at det passa bra å skryta litt meir.

I dag er det eg, Thomas og Even som har vore heime, og eg har vaska huset slik at det vart godt å ta helg etterpå. Som belønning til meg sjølv kjøpte eg desse:

Det er så godt når huset er reint å ha ein vakker bukett blomar på bordet!









I tillegg til husvask har eg og gutane baka bollar, så til formiddagsmat koste vi oss med nybakte boller og kakao ...


Og siste skryt for i dag er at genseren til Even endeleg vart ferdig i kveld. Reknar med eg kjem med bilete med gut inni i morgon, men til no får de nøye dykk med dette:


Detalj frå arma (det skal vere ein daudningeskalle):

torsdag, oktober 11, 2007

Boka til mamma

Som de veit, gjekk mamma bort 6. januar i år. Ho var eit skrivande menneske, og etterlet seg mange dikt som ho drøymde om å gje ut i bokform ein dag. Og veit de kva? Oddvar, min kjære stefar, har no bestemt at dette skal setjast ut i livet. Det einaste som står att no, er å sortere nokre av teikningane før materialet skal leverast til trykkjeriet. Eg er så stolt!

I og med at Oktober er "brystkreftmånaden" får de her ein smakebit av eit av mammas dikt ssom handlar om korleis ho opplevde det å få brystkreft.

Kreft

Eg saknar eit bryst
før hadde eg to,
men kreften tok frå meg
det eine

Vonløysa lura - lokka og dro,
eg undra; koss vert det
å leva no
eg kjende meg stengd
og åleine.

Men tida ho sveiv
sitt store hjul
og synte meg fleire
som streva.

Somme kava "for salt og sul"
mens andre mest kvomna
og kraup i skjul
men alle så freista
dei leva -.

No takkar eg livet
- eg er som eg er
og kring meg veks liv
eg får dela.

Eg ser på dei hine
og har dei kjær
Dei ler og dei gret
og dei er meg så nær!
_ _ _

Og meg kunne hendt
det som verre er;
- eg kunne mist noko
av sjela - - .

Hjørdis Gausen Renli

NB: Ikkje bruk dette diktet utan å spørje om lov!

tysdag, oktober 09, 2007

Gut på tur

Even og fire andre av dei eldste i barnehagen skal på hyttetur i Vera og liggje over ei natt. Even var oppsatt på å ha med seg fiskestanga, så her ser de han klar for tur; sekken på ryggen, sovepose i ei hand og fiskestanga i den andre. :)

Synd på meg ...

"Nokon" synast veldig synd på seg sjølv ...

I ettertid har bandasjen vorte fjerna, noko som er ei soge for seg sjølv. Å fjerna bandasje frå poten til ein hund med angstanfall er definitivt ikkje lett! Ved første forsøk måtte vi gje opp, og dagen etter ringde eg dyrlegen. Han meinte vi burde komma dit med hunden, men eg fortalde at vi var på arbeid begge to, og det fekk vere måte på styr. Då vart resultatet at legen skreiv ut Vival(!). Vi skulle gje ein tablett og venta ein time for å sjå om det virka, og gje nok ein tablett viss det ikkje gav effekt. I alt tre tablettar kunne han få. Legen sjølv var ikkje overlykkeleg for løysinga, men eg trøysta han med at eg er sjukepleiar, så eg burde kunne observere verknad av vival sjølv om det er til ein hund.

Fredag kveld var dagen vi hadde sett av til dette. Fyrst 1 Vival pakka inn i brødskive med leverpostei. Effekt: Ingen! Hunden vart like nervøs då eg nærma meg poten. Men etter to tablettar vart det ganske annleis. Eg er sikker på at han gliste! ;) Han fann seg i at eg fjerna bandasjen og vaska litt, men det vart ikkje aktuelt å leggja på ny bandasje, men det hadde dyrlegen allereie sagt vi kunne droppe i og med at hunden er så redd.

Han får framleis antibiotika, og det ser ut til at det går rett veg. Men han vil framleis at det skal vere litt synd på han innimellom, då ...

fredag, oktober 05, 2007

Løp og kjøp!

Fram til søndag kveld klokka 22 kan du kjøpa lekre handlaga ting i Oktoberrosaauksjonen. Desse gjenstandane er laga av kvinner rundt om i Noreg, og dei er gjeve bort til auksjonen for at pengane vi betalar kan gå direkte til Foreininga for brystkreftopererte. Her er det masse flott! Ta turen innom og gjer gjerne litt av julehandelen her, så kan du i tillegg til å gjere andre glade, få betre samvit sjølv.

torsdag, oktober 04, 2007

Sjuklingen

Den tidlegare omtala sjuklingen var til dyrlegen, og slik vart resultatet:
Då dyrlegen endeleg fekk sedert hunden (som forøvrig oppførte seg som om han trudde han aldri skulle koma heim meir), fann han ut at Reico hadde kløyvd ei klo på venstre frampote. Denne vart desinfisert og bandasjert, og Reico fekk penicillin og smertestillande. På biletet til venstre har han enno ikkje vakna etter sederinga.

Det viste seg etter kvart at Reico til no ikkje har trengt den kragen han har på seg, for han let faktisk bandasjen vere i fred. Eg er oppnemnt til medikamentansvarleg, for Reico skal ha antibiotikatablett og flytande smertestillande morgon og kveld. Dette var eg spent på, men innpakka i brødskive med leverpostei går det meste glatt ned ...

Eg må innrømma at det var ein liten vekkar at hunden vart sjuk, for no fann eg ut at eg eigentleg set veldig stor pris på å ha han som familiemedlem. Og no når han er sjuk, vert han ein smule bortskjemt. Her ser de han når han i dag fekk vere med og køyre ungane i skule og barnehage. Gjett om han var fornøgd!

tysdag, oktober 02, 2007

Sjukdom i familien

I dag skal vi til legen!

Den som er sjuk er elghunden Reico. Han har hatt problem med ein framlabb i fleire dagar no, og når han i tillegg er slapp, sliten og "ikkje lik seg", er det på tide å gjere noko. Truleg har han trampa noko inn i foten under jakt, men vi får liksom ikkje lov å sjå etter ordentleg, for då gjev han klårt uttrykk for at det er VONDT! Så i dag vert det legetur på oss. Spennande ...

måndag, oktober 01, 2007

Sitteunderlag

No har eg strikka mitt fyrste sitteunderlag som Hulda skal ha. Laga i Fritidsgarn frå Sandnes garn og garnforbruket vart omlag 150 g. La opp 70 masker og strikka rillestrikk til det vart "passe langt", og deretter tova i vaskemaskin på 40 grader.

Takk til Synnøve for rettleiing!

Nedst i høgre hjørne ser de forresten lappen eg tinga frå mina namnband.

søndag, september 30, 2007

Rosa for oktober


Som de ser har bloggen fått ny bakgrunnsfarge. Årsaka til dette er at i morgon er det fyrste oktober, og med oktober kjem den årlege rosa sløyfe-aksjonen. Formålet med denne aksjonen er å setja fokus på brystkreft og skaffa pengar til forsking.

I år har 12 kvinner stilt opp i ein kalender som høyrer inn under eit prosjekt som heiter Lykke. Ei av kvinnene som er med på dette, er Betty. Ta turen innom bloggen hennar for å lesa meir.

Ei anna side du òg kan kikka innom er Oktoberrosa. Her har mange kreative menneske laga ting som skal auksjonerast bort på QXL, og pengane går uavkorta til Foreininga for brystkreftopererte.

Eg oppmodar alle bloggarar til å markere årets rosa sløyfe-aksjon i bloggen sin. Stafettpinne herved sendt!

(For dei som kanskje ikkje vil gjere heile bloggen rosa, vil eg oppmoda til å henta seg eit banner frå Pink for October)

Desse bloggarane veit eg at allereie har markert seg:

Virtuella, Betty, Sina, Be-ty, Mrs Darcy, Irenesol, Guri, Anett, Frk.Badegakk, Anette K., Anne, Frøken ij, Mimouna, Ruth, Hege,

Oppdatering 01.10.07: Flyttar no oversikta over rosa-bloggings til sidestolpen, der lista skal få ligge heile månaden. Ta turen innom bloggane, og grip stafettpinnen sjølv! Vil du eg skal lenke til rosa-bloggingsen din, håpar eg du legg att ein kommentar.

torsdag, september 27, 2007

Veske ferdig!

Førre helg byrja eg på ei veske med garnet eg fekk frå min hemmelege ven på Hobbyforum,og no er veska ferdig. Slik såg ho ut før dekorering:


Litt kjedeleg som einsfarga, kanskje, men eg likte fasongen veldig godt.

Litt dekorering og stasj måtte til for å få veska slik eg helst ville ha ho, og det ferdige resultatet vart ganske så bra om eg skal seie det sjølv ...


Slik ser altså den ferdige veska ut:

Eg gler meg til å ta ho i bruk!

Strikka etter oppskrift frå Familien nr 5/07 og tova på 40 grader i vaskemaskina.

tysdag, september 25, 2007

Kosedag

I dag har eg kveldsvakt, så Even har vore heime saman med meg på formiddagen. Veret var strålande i dag, så vi har hatt litt av kvart å gjere. Even har renska fuglekassa slik at ho er klar til neste år.

I år budde det ein fluesnapparfamilie der. Kanskje dei kjem att til våren?

Vi gjorde og eit forsøk som potetbønder i år og sette 6 potetar, men "åkeren" har vore neglisjert heile sommaren. Eg og Even tok for oss tre av plantane i dag, og sanneleg hadde det vorte potetbabyar! Her er den største og den minste poteten:
Til saman fann vi 13 potetar, og det synast eg er ganske bra. Dei tre siste plantene skal vi grave opp til helga når resten av ungane kjem, tenkjer eg.















Og etter arbeidsøkta smakte det visst godt med knekkebrød med geitost på! (Eg derimot, held meg til den vanlege fløytemysosten ...)

Men no må vi hiva oss rundt; eg skal snart på arbeid. Men det var godt å ha fri ein formiddag!

måndag, september 24, 2007

Epleplukking

I dag har vi kosa oss på Inderøya og plukka eple med Besten. Eg var derimot meir ivrig med kameraet enn eg var med plukkinga ... Slik vart min dokumentasjon av plukkinga: