søndag, mars 25, 2007

Tilfeldigheitar ..?

Av ein eller annan årsak, gjekk eg i fleire dagar i dei to føregåande vekene og tenkte på Kirsti, som eg budde i kollektiv i lag med for ti år sidan. Eg undra meg litt over kvifor i all verda ho tok så mykje plass i hovudet mitt, men då eg var på seminar fekk eg det eg meiner eg forklaringa, for der, mellom eit par hundre menneske, såg eg plutseleg nettopp Kirsti. Vi fekk oss ein god lunsj i lag, og det var artig å møta att eit menneske som tydde så mykje for meg då me budde i lag.

Dagen i dag er byrjinga på morgondagen

Som student i psykisk helsevern fekk eg torsdag høve til å vere med på eit seminar i Trondheim. Tittelen var "Dagen i dag er byrjinga på morgondagen", og føredragshaldar var Arnhild Lauveng, forfattar og psykolog. Lauveng har mellom anna skrive boka "I morgen var jeg alltid en løve" som er ein sterk sjølvbiografi om korleis ho sjølv opplevde det å vere psykisk sjuk.

I føredraget hadde Lauveng fokus på korleis vi behandlar psykisk sjuke menneske, at vi ofte behandlar dei som diagnoser i staden for som menneske, og med mange gode eksempel kjente eg at ho iallfall tok meg på kornet, og truleg mange andre i salen òg. Og eg veit at mitt neste leseprosjekt (kanhenda det vert etter bacheloroppgåva) vert Lauvengs andre bok; "Unyttig som en rose".

Og for dei av dykk som ikkje har lese "I morgen var jeg alltid en løve": Gjer det!

laurdag, mars 17, 2007

Sofa


Eg har lenge irritert meg over den sofaen vi hadde. Ikkje var den spesielt fin, og ikkje var den god å ligga eller sitja i. Difor har eg lenge tenkt på å bytta ut han, og takka vere ein annonse på finn.no vart det endeleg ei råd, så i dag kom ein ny (brukt) sofa inn i huset, og stova vart som ny!

Einaste ulempe er at det no har vorte ganske strenge restriksjonar på kva ein til dømes kan ete i sofaen. Ikkje meir kveldsmateting medan ein ser barne-tv, men ungane synstest òg sofaen vart fin, så det har ikkje vorte lagt inn protest mot restriksjonane enno ...