søndag, desember 24, 2006

God jul!

God jul til alle som ser innom bloggen min!

tysdag, november 28, 2006

I rute

Tru det den som vil, men i går pakka eg faktisk inn julekalender gåver heilt fram til og med 20. desember, så eg er definitivt i rute!

Diverre er eg ikkje like i rute med å lesa til eksamen som er 19. desember, men ein rekk då ikkje over alt heller ..?

søndag, november 26, 2006

Bloggetrøbbel

For omlag ein månad sidan, skreiv eg ei posting til bloggen min om vinter, men diverre hendte eitt eller anna under opplasting, så såvidt eg veit, er det ikkje andre enn meg som har sett den posten. Men iallfall; no gjer eg eit forsøk på å posta att, og vonar eg vert synleg for omverda. :)

onsdag, oktober 25, 2006

Påminning

Stø kampen mot brystkreft!
Denne kreftforma er den som kvinner i Noreg vert hyppigst råka av, og statisktisk vil ei av tolv kvinner få brystkreft.
Di raskare ein oppdager at ein har brystkreft, di betre er prognosane.
Raud sløyfe-aksjonen skal visa solidaritet med brystkreftramma og i tillegg vere ein måte å samla inn pengar til forsking og brystkreftrelaterte prosjekt på. Dette er difor ei oppmoding til dei som enno ikkje har handla ei sløyfe; løp og kjøp!

torsdag, september 21, 2006

Sundagstur


Sist sundag var me på tur til Roknesvollen. Veret var strålande og me storkosa oss! Årsaka til at det vart denne turen nettopp denne dagen var at Tor Inge vart 35 år, og når han fekk avgjera kva me skulle gjere, vart det naturleg nok ein tur.

Det er omlag to kilometer frå parkeringa til Vollen, og som biletet syner; Even traska og gjekk. Han var sliten på heimturen, men han greide alt på eigne bein. Hulda og Linn-Therese møtte me ikkje att før me kom fram til Vollen, for dei forsvann nesten rett etter at me hadde byrja turen. Det er fine stiar innover, og det kjennast trygt og godt å la ungane utfalda seg litt og springa som dei sjølv vil.

Vel framme drakk vi kakao og kaffi og elda bål og grilla pølser og ostesmørbrød. Foreldra til Tor Inge vart òg med på turen, og det vart ei triveleg stund for oss alle.

søndag, september 10, 2006

Ut i praksis att

I morgon byrjar eg i praksis att. Dette skuleåret er 70% av tida vår tid me nyttar  ute i praksis. Eg er ikkje sikker på om eg gler meg eller gruar meg, men spennande vert det heilt sikkert.  Fyrste praksis er fram til 20. oktober, og etter det er det ei etterarbeidsveke på skulen før neste praksisperiode tek til. Eitt eller anna seier meg at eg kjem til å vera glad når eg får juleferie ...

fredag, september 01, 2006

September ...

Det har allereie vorte september. Sommaren gjekk raskt i år òg. Men eg er heldigvis litt haustmenneske, så eg gler meg til haustfargane, dei klåre haustdagane og stormane som gjer det godt å vere inne.

laurdag, juli 22, 2006

Ønskereprise

Eg hadde ei posting her, der eg trudde eg hadde posta bilete av Hulda som lastebilsjåfør i familieparken, men neidå. Difor prøver me att med eit par bil-bilete frå Hunderfossen.

Hulda tok "lappen" både for liten bil og lastebil, men eg er stygt redd ho er eit råskinn bak rattet. Då ein medtrafikant vart for treig opp ein bakke med lastebilen sin. køyrde ho like godt inn i han og ga han litt fart ...
Posted by Picasa

Ferietur til Hunderfossen

Eg, Hulda og Tor Inge har vore på ferietur til Hunderfossen familiepark. På turen nedover køyrde vi over Folldal til Ringebu, og desse bileta er tekne på den turen. Det var eit spennande landskap, og for oss vart turen meir spennande enn om me berre hadde køyrd direkte. Dessutan er Hulda verdas mest tolmodige unge på biltur. Ho klaga ikkje ein einaste gong, men ho sov litt innimellom, og det var kanhenda ikkje så rart, for då me tok inn på campinghytte for kvelden, fann me ut at ho hadde feber, stakkar. Men ho vart bra att til dagen etter, heldigvis.


Posted by Picasa

onsdag, juli 12, 2006

Test II

Tankar ved eit tastatur: Testing av Performancing synte meg at skriftstorleiken vart for liten, men no testar me att, for å sjå om eg har retta det opp, og for å undersøka om det er så enkelt å laga lenker i Performancing som eg trur det er. :)

Testing av Performancing

Takka være bror Lasse, fann eg ut at eg ville prøva Firefox, og med Firefox, kom det og ein masse anna "dill" som eg er nøydd til å testa. Ein av desse tinga er programmet Performancing, som skal gjere det enklare å blogga. Og det må naturleg nok prøvast i praksis, så dette er ein testpost.

fredag, juni 30, 2006

Skrytepost

I går fekk eg eksamensresultatet, og denne gongen er eg nøgd. Eg fekk B. :) Snittkarakteren i år var D, så det tyder vel at oppgåva mi var god. 2 personar hadde fått A og 19 hadde fått B. Litt interessant er det jo at av dei eg har prata med, er det vi med ein del ungar som har fått dei beste karakterane. Kanhenda er me meir strukturerte enn mange andre? Eller berre meir ærgjerrige? Vel, så lenge det funkar og gjev gode resultat, er eg nøgd.

tysdag, juni 27, 2006

Vedarbeid

Sommarferie er fint, og måndag ettermiddag nytta me til og med til noko fornuftig. Vinterveden som Tor Inge tidlegare har kappa, vart klyvd, og no ligg veden og tørkar og ventar på å koma i hus. Stor takk til mannen som truleg er verdas greiaste husvert. Han har lånt bort vedmaskin og traktor, og det er på hans eigedom trea har vore tidlegare. Som de ser, syntest Even det var stor stas med traktoren, men han gjorde litt nytte for seg og bar ved innimellom han òg. Posted by Picasa

fredag, juni 16, 2006

Kjendis

Så har eg vorte kjendis! Du finn meg på bileta frå Vømmølfestivalen.

torsdag, juni 15, 2006

Skremmande om AMK

Adresseavisa melder i ein artikkel om slurv frå AMK. Dette høyrast skremmande ut, i og med at det er dei, og berre dei, me skal lita på i ein krisesituasjon. Artikkelen fortel mellom anna at AMK nyttar mykje tid på å avklara om det er alkohol i biletet. Kva i all verda tyder det då? At dersom eg ringer om at nokon har kutta pulsåra eller ligg livlaus ein eller annan stad, må eg fyrst svara på om det er alkohol med i biletet? Førstehjelpa endrast vel ikkje, og det er vel det som skal vera det vesentlege?

Ein annan tankevekkar var at dei som arbeider på AMK meiner sjølv at dei følger boka, men i følge lydloggen gjer dei ikkje det. Og det er vanskeleg å skapa endringar viss folk sjølv ikkje ser at dei gjer feil.

onsdag, juni 14, 2006

Ny bloggar

I lista over bloggarar har eg i dag lagt til eit nytt bidrag; Kristin. Ei særs god venninne som eg har mykje å takka for. Mellom anna er ho skuld i at eg har eit kjærleiksforhald til ein bil, av alle ting. Og ho har ein herleg tendens til å vere tilstades anten fysisk eller psykisk når eg treng ho. Takk for du, Kikka!

Sommarferie, ja ...

No har eg altså hatt sommarferie nokre dagar, og det er godt. Likevel har ikkje hovudet gira ned til feriemodus enno, og det fører med seg at eg ryddar og vaskar og vaskar og ryddar og heng opp kle og brettar kle osb osb osb. Men reint vert det no iallfall, sjølv om noko av ryddinga ser mest ut som flytting av rot. ;)

Det er framleis mange esker og søppelsekkar å ta tak i etter flyttinga, så arbeidslaus vert eg nok ikkje. I tillegg er ettermiddagane travle. Eg visste ikkje at det medførte så mykje styr å ha ein fotballspelande fyrsteklassing, det er avslutningar og turneringar og grillkveldar og alt mogleg denne veka, så me vert iallfall sosiale nok.

torsdag, juni 08, 2006

Eksamen er levert

No har eg endeleg levert heimeeksamen! Kvar på ni i dag ga eg frå meg papira, og det kjennast godt. No er det berre å vente i tre veker på resultaten. Men frå og med i dag har eg faktisk SOMMARFERIE, og det er ei herleg kjensle. Eg skal lese mykje anna enn fag og slappe av og kvila meg opp til hausten, for då treng eg vel krefter til å byrja på det siste året i utdaninga.

Takk for alle gratulasjonar og gåver på bursdagen, det vart sett pris på sjølv om eg ikkje har gjeve lyd fra meg.

fredag, juni 02, 2006

fredag, april 07, 2006

Travle dagar

No er eg attende i sjukehuspraksis att, etter nokre veker på skulen. Denne praksisen varer til slutten av mai, og rett etterpå er det eksamen. Må innrømma at det er slitsamt med praksis, loggar, oppgåver og så vidare. Du er ikkje på arbeid når du er i praksis. Du veit at kvar minste ting du gjer skal vurderast av fagpersonell rundt deg, sånår vakta er ferdig, er hovudet ofte tomt. :)

No har me påskeferie. Det vil seie, eg skal ha den obligatoriske studentnattevakta mi frå sundag til måndag, men etter det, erdet avslapping på høgt plan! Det ser eg verkeleg fram til.

laurdag, mars 25, 2006

Endeleg på nett!!

Då eg flytta,vart eg plutseleg utan breiband. Min tidlegare leverandør Bluecom kunne ikkje levera dit eg flytta, og då byrja panikken.

Etter mykje om og men, fann eg fram til ein leverandør, Tafjord Mimer (TM). Dei var særs hjelpsame, og onsdag denne veka dukka det opp to(!) møntørar som ordna breibandslina mi. Diverre hadde TM gløymd å senda meg ruter, men då eg sendte dei e-post om dette, sendte dei ruteren som bedriftspakke over natta. Torsdag dukka ruteren opp heime hjå meg, ei særs flott teknisk innretning som i tillegg til å vera eit modem òg skulle fungera som ein ruter for trådlaus tilknytting og IP-telefoni. Dette hadde jo vore ein genial måte å bli kvitthundrevis av ledningar på. Dersom den hadde virka som han skulle då, men det gjorde den jo ikkje. Etter mange,mange timar på telefon med TM både torsdag og fredag, vart løysinga til sist at dei skulle senda meg eit godt gamalt Zyxel-modem i staden, og det modemet vart levert på døra mi i dag. Så eg må innrømma at trass i nokre problem, er TM iallfall kjempeflinke til å finna raske løysingar når noko går gale. :)

onsdag, februar 08, 2006

Hrmpf!

Då eg endeleg fann 4 personar å utfordra, fann eg i ettertid ut at tre av dei har slike lukka MSN-sider.

*knurr*

torsdag, februar 02, 2006

Firer-liste

Så fekk eg ein god grunn til å oppdatera bloggen; Ellen har tagget meg!

Fire jobbar eg har hatt:

Avisbud -då eg var ung ...
Ekstrahjelp på dyrebutikk
Mobiltelefonselgar (usj ...)
Reinhaldar

Fire filmar eg kan sjå omatt:

Pulp fiction
Heat
From Dusk Till Dawn
Training Day

Fire stader eg har budd:

Risvollan i Trondheim
Hovslundvegen på Orkanger
Jådåren i Beitstad
Halsanvegen på Levanger

Fire TV-serier eg liker:

Frustrerte fruer
Seks fot under
Den tredje vakten (men den får eg ikkje sett så ofte på grunn av at det går så seint på kveldane og eg har ikkje DVD-spelar med opptak ...)
Kan eg kalla Nytt på nytt ein serie? Ja, eg gjer det! Så den fjerde "serien" er altså: Nytt på nytt. :)

Fire matrettar eg liker:

Biff med røsti-potetar og soppstuing
Super Nachos etter oppskrifta til Lasse
Laks med rømme og agurksalat
Kalkun med saus som stefaren min lagar

Fire nettsider eg er innom dagleg:

http://www.google.no
http://www.adressa.no
http://www.dagbladet.no
http://www.lassedahl.com/

Fire ting eg vil gjere før eg døyr:

Danse swing med Tor Inge
Gifte meg (vonleg med same mann som over)
Dykke
Skyte elg

Fire personar eg sender dette vidare til:

Anita som definitivt treng noko å skriva om i bloggen sin ...
Ketil, avdi han oppdaterer for sjelden
Preludia -undrar litt påkva ho kjem til å svara?
Hilde som ikkje har oppdatert bloggen sidan i oktober :)

fredag, januar 27, 2006

Medisinsk praksis

No har eg vore åtte veker i medisinsk praksis, og er ferdig med den biten av sjukepleiestudiet. Det har gått raskt, trass i at eg undervegs ikkje såg noko ende på det ...
Det har vore åtte spennande, interessante, utviklande og slitsame veker. Sjukepleiefagleg har eg utvikla meg enormt, men eg skal innrømma at eg har lært mykje om meg sjølv som person òg, og det er spennande, det! Eg har møtt mange, mange menneske med mange ulike lagnader, og det har rørt ved meg, både på godt og vondt.

Eitt veit eg etter desse åtte vekene; eg har funne ut kva eg skal bli når eg vert stor.

Gutane mine

Når eg har vore oppteken i praksis, har ungane vore nøydde til å "nøye seg med" Tor Inge. Dei fyrste dagane var det litt sutring frå Even over at mamma ikkje leverte han i barnehagen slik han var van med, og mamman sleit med dårleg samvit ... Men som de ser; guten hadde det definitivt betre enn han ville eg skulle tru.

Er dei ikkje herlege i lag? :)
 Posted by Picasa

søndag, januar 22, 2006

Brødbaking

Etter at eg fekk Verdas Beste Kjøkkenmaskin i hus, har det vorte ein del brødbaking. Det er fint lite som slår lukta av nysteika brød, og Electroluxen greier store deigar utan problem, noko som er naudsynt når ein innimellom er både seks og sju svoltne personar i huset.

Eg har alltid elska dei heimelaga brøda som mor mi bakte, men eg må innrømma at eg er nok litt stolt over at mine er nesten like gode ...
Posted by Picasa

tysdag, januar 10, 2006

Norton Internet Security

Med den tidlegare nevnte bærbare datamaskina, fekk eg ein 3månaders lisens på programmet Norton Internet Security. Jaja, tenkte eg, eg kunne jo alltids installera Norton fram til eg fekk lasta ned nok ein versjon av F-secure som eg nyttar på den stasjonære maskina.

Etter mykje plunder, fann eg ut at eg måtte installera F-secure allereie same kveld som eg hadde fått maskina i hus, for Norton var særs lite brukarvenleg i mine auge, og det var då det verkelege strevet byrja, for Norton ville ikkje la seg avinstallera heilt utan vidare ... Programmet var ikkje synleg i "Legg til/fjern programmer", Bluecom kunne heller ikkje avinstallera programmet, det fanst ingen menyval for avinstallering i Nortonmappa, og eg vart meir og meir frustrert. Men; eg var sjølvsagt ikkje den fyrste personen i verda med dette problemet, eg googla på "avinstallere Norton", og fann redninga på
denne sida. Det beste rådet eg kan gje til andre, er å ikkje installera Norton med mindre du er heilt sikker på at det er det programmet du ynskjer å nytta ...

måndag, januar 09, 2006

Bærbar pc

Endeleg fekk eg min lenge etterlengta bærbare pc i hus. Det er noko eg har spara til og sett fram til leeeenge, så no er eg lykkeleg! :)

søndag, januar 08, 2006

Sjølvtesting

Start.no spør på http://www.start.no/quiz/2001/11/22-4439.html kva for song som passar best til meg, og etter å ha fylt ut, får eg svaret:

Din sang er Dum Dum Boys' Splitter Pine!Du ser verden gjennom et litt uvanlig filter, kan oppfattes som en rebell, men relativt ufarlig.

Jaja, det er iallfall ein song eg alltid har likt!

tysdag, januar 03, 2006

Godt nytt år!

Godt nytt år alle saman, og takk for det gamle!
Her er Hulda og Even med ein syngande snømann dei fekk i julegåve.

Nyårshelga har vore hektisk, men triveleg med feiring av 3- og 7-årsdag.

Helser til alle som hugsa oss med jule- og bursdagsgåver!
Posted by Picasa