fredag, januar 27, 2006

Medisinsk praksis

No har eg vore åtte veker i medisinsk praksis, og er ferdig med den biten av sjukepleiestudiet. Det har gått raskt, trass i at eg undervegs ikkje såg noko ende på det ...
Det har vore åtte spennande, interessante, utviklande og slitsame veker. Sjukepleiefagleg har eg utvikla meg enormt, men eg skal innrømma at eg har lært mykje om meg sjølv som person òg, og det er spennande, det! Eg har møtt mange, mange menneske med mange ulike lagnader, og det har rørt ved meg, både på godt og vondt.

Eitt veit eg etter desse åtte vekene; eg har funne ut kva eg skal bli når eg vert stor.

Gutane mine

Når eg har vore oppteken i praksis, har ungane vore nøydde til å "nøye seg med" Tor Inge. Dei fyrste dagane var det litt sutring frå Even over at mamma ikkje leverte han i barnehagen slik han var van med, og mamman sleit med dårleg samvit ... Men som de ser; guten hadde det definitivt betre enn han ville eg skulle tru.

Er dei ikkje herlege i lag? :)
 Posted by Picasa

søndag, januar 22, 2006

Brødbaking

Etter at eg fekk Verdas Beste Kjøkkenmaskin i hus, har det vorte ein del brødbaking. Det er fint lite som slår lukta av nysteika brød, og Electroluxen greier store deigar utan problem, noko som er naudsynt når ein innimellom er både seks og sju svoltne personar i huset.

Eg har alltid elska dei heimelaga brøda som mor mi bakte, men eg må innrømma at eg er nok litt stolt over at mine er nesten like gode ...
Posted by Picasa

tysdag, januar 10, 2006

Norton Internet Security

Med den tidlegare nevnte bærbare datamaskina, fekk eg ein 3månaders lisens på programmet Norton Internet Security. Jaja, tenkte eg, eg kunne jo alltids installera Norton fram til eg fekk lasta ned nok ein versjon av F-secure som eg nyttar på den stasjonære maskina.

Etter mykje plunder, fann eg ut at eg måtte installera F-secure allereie same kveld som eg hadde fått maskina i hus, for Norton var særs lite brukarvenleg i mine auge, og det var då det verkelege strevet byrja, for Norton ville ikkje la seg avinstallera heilt utan vidare ... Programmet var ikkje synleg i "Legg til/fjern programmer", Bluecom kunne heller ikkje avinstallera programmet, det fanst ingen menyval for avinstallering i Nortonmappa, og eg vart meir og meir frustrert. Men; eg var sjølvsagt ikkje den fyrste personen i verda med dette problemet, eg googla på "avinstallere Norton", og fann redninga på
denne sida. Det beste rådet eg kan gje til andre, er å ikkje installera Norton med mindre du er heilt sikker på at det er det programmet du ynskjer å nytta ...

måndag, januar 09, 2006

Bærbar pc

Endeleg fekk eg min lenge etterlengta bærbare pc i hus. Det er noko eg har spara til og sett fram til leeeenge, så no er eg lykkeleg! :)

søndag, januar 08, 2006

Sjølvtesting

Start.no spør på http://www.start.no/quiz/2001/11/22-4439.html kva for song som passar best til meg, og etter å ha fylt ut, får eg svaret:

Din sang er Dum Dum Boys' Splitter Pine!Du ser verden gjennom et litt uvanlig filter, kan oppfattes som en rebell, men relativt ufarlig.

Jaja, det er iallfall ein song eg alltid har likt!

tysdag, januar 03, 2006

Godt nytt år!

Godt nytt år alle saman, og takk for det gamle!
Her er Hulda og Even med ein syngande snømann dei fekk i julegåve.

Nyårshelga har vore hektisk, men triveleg med feiring av 3- og 7-årsdag.

Helser til alle som hugsa oss med jule- og bursdagsgåver!
Posted by Picasa