Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg

torsdag, november 29, 2007

Kreativ datter / My creative daughter

Hulda på snart 9 og eg skulle kose oss med å lage julekort. For å seie det enkelt: Eg vil ikkje syne fram mitt. Ikkje kjem nokon til å få det til jul heller ... Så korleis i hampen har eg fått ei så flink dotter?

My 8 year old daughter and I were making christmas cards the other day. Or, I made one, that is, and it's definitively nothing to show. It will not be given away either. So how come my daughter can make this?
Eg er faktisk litt misunneleg for at ho får det til ...

Gotta admit I'm a bit jealous!

måndag, november 12, 2007

Ubedne gjestar/ Uninvited guests

Vi har hatt gjestar i matbua!
Og dei har som de ser lagt spor etter seg. Berre så det er sagt; eg er hysterisk redd for mus, så eg frys berre eg ser på dette biletet.

Mannen i huset er heller ikkje overbegeistra for skadedyra, men han er likevel myyyykje tøffare enn det eg er, så no er han helten min.

Vi (les: Tor Inge) har lagt ut gift til musene slik at vi skal bli kvitt dei. Og etterpå skal inngangsporten til matbua tettast slik at dei ikkje kjem seg inn att.

We've had uninvited guests in the room where we keep some of our food stored. And for the record: I'm extremely afraid of mice! I can jump up on a table if I see one, and I won't come down until someone rescues me ... Luckily I have a Hero in my house, and he's putting out poison to get rid of the horrible animals.

Helten min!

My hero!

søndag, november 04, 2007

Allehelgensmesse

I dag har vi vore i Sakshaug kyrkje til allehelgensmesse. Då vert namnet til alle som er gravlagte i sognet siste år lese opp, og det var difor vi var der i dag, for å minnast mamma.

Det var mange menneske i kyrkja, og det vart ei ganske fin stund. Hulda vart med på søndagsskulen, og proklamerte at ho skulle attende iallfall, så det vert vel fleire gudstenester på oss. :)

Etter gudsteneste og kyrkjekaffi, var me på grava til mamma. Oddvar hadde pynta så vakkert der, og Hulda tente eit ljos for mormor.

Etterpå var me på Sandvollan der Oddvar serverte oss årets fyrste ribbe. Det smakte fantastisk, og svoren var sprø og fin! Alt i alt vart det ein god søndag som gjev kraft til ei ny arbeidsveke for både store og små.

torsdag, oktober 25, 2007

Endeleg!

Endeleg har eg tid og ork til å blogge att!

Som eg skreiv i førre post, hadde vi besøk av pappa og Synnøve førre tysdag. Hulda var smart nok til å syne Besta noko ho ønska seg i ei av strikkebøkene mine, og i mangel på scanner, vart oppskrifta kopiert slik:

Ikkje noko problem når ein har eit godt digitalkamera!

Eg ymta frampå om at det jentungen ville ha kanskje kunne tene som julegåve eller noko, men tysdag denne veka fekk Hulda pakke i posten.

Ho vart ekstremt nøgd, og eg måtte vere streng med ho for å få ho frå å ha på seg settet inne resten av kvelden ...






Då Even oppdaga kva storesyster hadde på seg då ho skulle på skulen morgonen etter vart han sitjande og sjå på ho ei stund, før han seier: "Men Hulda! Du vart fin som ei dronning med det der!"

Og eg må nesten seie at eg er samd med han! :)

fredag, oktober 12, 2007

(Hyper)aktiv fredag

I dag fekk eg ei rosande tekstmelding om aktivitetsnivået mitt frå syskjenbarnet mitt, så eg fann ut at det passa bra å skryta litt meir.

I dag er det eg, Thomas og Even som har vore heime, og eg har vaska huset slik at det vart godt å ta helg etterpå. Som belønning til meg sjølv kjøpte eg desse:

Det er så godt når huset er reint å ha ein vakker bukett blomar på bordet!









I tillegg til husvask har eg og gutane baka bollar, så til formiddagsmat koste vi oss med nybakte boller og kakao ...


Og siste skryt for i dag er at genseren til Even endeleg vart ferdig i kveld. Reknar med eg kjem med bilete med gut inni i morgon, men til no får de nøye dykk med dette:


Detalj frå arma (det skal vere ein daudningeskalle):

torsdag, oktober 11, 2007

Boka til mamma

Som de veit, gjekk mamma bort 6. januar i år. Ho var eit skrivande menneske, og etterlet seg mange dikt som ho drøymde om å gje ut i bokform ein dag. Og veit de kva? Oddvar, min kjære stefar, har no bestemt at dette skal setjast ut i livet. Det einaste som står att no, er å sortere nokre av teikningane før materialet skal leverast til trykkjeriet. Eg er så stolt!

I og med at Oktober er "brystkreftmånaden" får de her ein smakebit av eit av mammas dikt ssom handlar om korleis ho opplevde det å få brystkreft.

Kreft

Eg saknar eit bryst
før hadde eg to,
men kreften tok frå meg
det eine

Vonløysa lura - lokka og dro,
eg undra; koss vert det
å leva no
eg kjende meg stengd
og åleine.

Men tida ho sveiv
sitt store hjul
og synte meg fleire
som streva.

Somme kava "for salt og sul"
mens andre mest kvomna
og kraup i skjul
men alle så freista
dei leva -.

No takkar eg livet
- eg er som eg er
og kring meg veks liv
eg får dela.

Eg ser på dei hine
og har dei kjær
Dei ler og dei gret
og dei er meg så nær!
_ _ _

Og meg kunne hendt
det som verre er;
- eg kunne mist noko
av sjela - - .

Hjørdis Gausen Renli

NB: Ikkje bruk dette diktet utan å spørje om lov!

tysdag, oktober 09, 2007

Synd på meg ...

"Nokon" synast veldig synd på seg sjølv ...

I ettertid har bandasjen vorte fjerna, noko som er ei soge for seg sjølv. Å fjerna bandasje frå poten til ein hund med angstanfall er definitivt ikkje lett! Ved første forsøk måtte vi gje opp, og dagen etter ringde eg dyrlegen. Han meinte vi burde komma dit med hunden, men eg fortalde at vi var på arbeid begge to, og det fekk vere måte på styr. Då vart resultatet at legen skreiv ut Vival(!). Vi skulle gje ein tablett og venta ein time for å sjå om det virka, og gje nok ein tablett viss det ikkje gav effekt. I alt tre tablettar kunne han få. Legen sjølv var ikkje overlykkeleg for løysinga, men eg trøysta han med at eg er sjukepleiar, så eg burde kunne observere verknad av vival sjølv om det er til ein hund.

Fredag kveld var dagen vi hadde sett av til dette. Fyrst 1 Vival pakka inn i brødskive med leverpostei. Effekt: Ingen! Hunden vart like nervøs då eg nærma meg poten. Men etter to tablettar vart det ganske annleis. Eg er sikker på at han gliste! ;) Han fann seg i at eg fjerna bandasjen og vaska litt, men det vart ikkje aktuelt å leggja på ny bandasje, men det hadde dyrlegen allereie sagt vi kunne droppe i og med at hunden er så redd.

Han får framleis antibiotika, og det ser ut til at det går rett veg. Men han vil framleis at det skal vere litt synd på han innimellom, då ...

torsdag, oktober 04, 2007

Sjuklingen

Den tidlegare omtala sjuklingen var til dyrlegen, og slik vart resultatet:
Då dyrlegen endeleg fekk sedert hunden (som forøvrig oppførte seg som om han trudde han aldri skulle koma heim meir), fann han ut at Reico hadde kløyvd ei klo på venstre frampote. Denne vart desinfisert og bandasjert, og Reico fekk penicillin og smertestillande. På biletet til venstre har han enno ikkje vakna etter sederinga.

Det viste seg etter kvart at Reico til no ikkje har trengt den kragen han har på seg, for han let faktisk bandasjen vere i fred. Eg er oppnemnt til medikamentansvarleg, for Reico skal ha antibiotikatablett og flytande smertestillande morgon og kveld. Dette var eg spent på, men innpakka i brødskive med leverpostei går det meste glatt ned ...

Eg må innrømma at det var ein liten vekkar at hunden vart sjuk, for no fann eg ut at eg eigentleg set veldig stor pris på å ha han som familiemedlem. Og no når han er sjuk, vert han ein smule bortskjemt. Her ser de han når han i dag fekk vere med og køyre ungane i skule og barnehage. Gjett om han var fornøgd!

tysdag, oktober 02, 2007

Sjukdom i familien

I dag skal vi til legen!

Den som er sjuk er elghunden Reico. Han har hatt problem med ein framlabb i fleire dagar no, og når han i tillegg er slapp, sliten og "ikkje lik seg", er det på tide å gjere noko. Truleg har han trampa noko inn i foten under jakt, men vi får liksom ikkje lov å sjå etter ordentleg, for då gjev han klårt uttrykk for at det er VONDT! Så i dag vert det legetur på oss. Spennande ...

laurdag, september 22, 2007

Jaktenke

I dag tok gubben med seg sekken, soveposen, teltet og bikkja og drog på fjellet på rypejakt. Og eg skal vere att heime. Han gav meg (snill som han er ...) tilbod om å vere med, men eg greidde å takka nei, gitt.

Kva eg skal finna på? Tja, eg har enno ikkje kome ut av morgonkåpa, så eg vil tru det neste på programmet er eit bad. Etter det har eg ingen andre planar enn kos og avslapping i einsam majestet. Høyrast ikkje det godt ut kanskje?

Ha ei flott helg, alle saman!

fredag, september 21, 2007

Visdomsord

I går gjorde mannen meg merksam på dette visdomsordet han hadde hengt på kjøleskapet for nokre dagar sidan:

"Det er fred i det hjem hvor mannen er døv og kona er blind"

I og med at eg ikkje såg det før han peika det ut for meg, kan ein kanskje seie at eg er blind, og då er det iallfall ikkje eg som skapar ein eventuell ufred i heimen. ;)

måndag, september 17, 2007

Bursdag!


Mannen i huset fyller 36 år i dag! Ei rose til deg, Tor Inge, og gratulerer så masse med dagen!

Gåve er innkjøpt, og eg gler meg til mannen er ferdig på jobb og ungane kjem heim, for det fyrste fordi eg elskar å gje gåver, og nettopp denne gåva trur eg mannen heilt har gløymd at han ønskjer seg. Den andre grunnen er at i dag skal vi ha ein nydeleg middag som vi alt for sjeldan tek oss tid til ...





Til middag skal vi ha dette:


Ei stor gryte med fårikål står og putrar på omnen. Skal han nokre pølser i tillegg då, for det er ikkje heilt sikkert at alle ungane likar sauesmaken ...

I ettermiddag kjem familien på bursdagsbesøk, og då skal vi mellom anna kose oss med denne her:


Eg gler meg kjempemykje, både på mat og kake og besøk. Men no skal eg tusla bort og bake den tidlegare blogga formkake med kakao.

tysdag, september 04, 2007

70-årsdag!

Hipp hipp hurra for verdas beste stefar som fyller 70 år i dag!!!



Verdalsmafiaen gratulerer så mykje med dagen, og vi kjem i kveld!
Vi er kjempeglade i deg, Oddvar!

fredag, august 17, 2007

Arbeidshelg

Etter å ha teke in del ekstravakter i sommar, er det eigentleg litt godt å ha arbeidshelg, for då veit eg iallfall at denne gongen er det tre veker til neste helg eg skal arbeida.

Denne helga er forresten ei av dei betre; kveldsvakt i dag, dagvakt i morgon og kveld på søndag. Då får eg iallfall litt fri på laurdag kveld og kan kosa meg med familien. Det gler eg meg til!

torsdag, august 16, 2007

Mor mi

Mamma var ein diktar. Ho skreiv heile livet, og ho skreiv godt. Dikta hennar er att etter ho, og eg har mange av dei lagra på datamaskina. I desse kan eg finna trøyst og von når eg treng det, eller eg kan la tårene trilla og kjenna på saknet viss eg ynskjer det.

Etter å ha lese nokre bloggar i samband med Oktoberrosa-aksjonen, kom eg til å minnast eit dikt mamma skreiv, og det ynskjer eg å dela med dykk. Håpar de òg likar det, og at de spør om lov dersom de sjølve har lyst til å bruka det til noko.

Hvis jeg fikk leve -

Hvis jeg fikk leve
mitt liv
om igjen


skulle jeg
smile mer
og gråte oftere

Jeg skulle stå opp
flere tidlige
sommermorgener


og gå barbent
i gresset
helt alene

Jeg skulle bruke
mer tid på
å finne ut


hvem jeg er
enn hva som
forventes av meg.


Hjørdis Gausen Renli


Men eg trur at dei siste åra mamma levde, gjorde ho mykje av dette. Ho fann nok ut kven ho var, og ho slutta tenkje på kva som vart forventa av ho. Mamma levde og nyta livet den siste tida, og det er det godt å tenkje på i ettertid ...

Eg har forresten redigert dette innlegget mange gongar no, for eg har problem med å hugsa at eg skal skriva i fortid. Trur det går lang tid før eg har vent meg på at ho ikkje er i lag med oss på jorda meir.

måndag, august 06, 2007

Heldige meg!

Førre veke synast eg at eg eigentleg ikkje gjorde anna enn å vere på arbeid og å sova mellom slaga. Torsdag var eg og Tor Inge invitert heim til svigermor for å ete heimelaga elgsodd, men eg skulle (sjølvsagt) på kveldsvakt, så eg kunne jo ikkje vere med ... Men svigermor veit kor glad eg er i mat, så då Mannen skulle heim, hadde ho gjort klar ei bøtte med sodd slik at eg òg skulle få! Dette fekk eg meska meg med før kveldsvakta på fredag:

Soddet inneheldt forresten mjølbollar òg, men desse unngjekk eg glatt.

Onsdag hadde eg forresten òg kveldvakt, og då eg kom heim den kvelden, sat mannen og venta på meg med biff med bearnaise, soppstuing og pommes frites. Då er det eigentleg ganske greit å arbeida ein del.

måndag, juli 16, 2007

Ferie og hemmeleg sommarven

Endeleg har eg ferie, og det i ei heil veke ... ;) Men eg skal iallfall nyta desse dagane.

I førre veke fekk eg pakke frå min hemmelege sommarven på Hobbyforum! Det viste seg å vere Sipusa som hadde sendt denne flotte pakken, eg tok i bruk bambuspinnane med ein gong, og dei var knall-gode å strikka med!

måndag, juni 25, 2007

Hyttetur


I helga var vi på hyttetur i Aker Verdal si hytte i Trongsundet i Mosvik. Hytta har åtte sengeplassar fordelt på 3 soverom og i tillegg er det stue, kjøkken eit lite bad og ein romsleg veranda med badestamp med vedfyring. Til hytta høyrer òg ein båt som vi nytta flittig heile helga.




Fredag kveld grilla vi, og her ser de vi et (og et og et). Even var ikkje så veldig interessert i middag; på biletet her, står han i bakgrunnen og grillar Marshmallows.

Det er ganske utruleg kor mykje mat vi greier å pakka i oss, men samstundes er det enno meir imponerande at eg og Tor Inge nesten alltid handlar og lagar dobbelt så mykje som vi eigentleg treng. Men for å seie det slik; dersom vi får uventa besøk, vert nok alle mette likevel! Og elles er vi gode til å ete restemat i etterkant av slike fråtse-måltid.


Even fann seg ein grillspyd som han var heilt overtydd om at skulle brukast til å grilla desserten hans ...







Seinare på kvelden fyra vi i den store badestampen før vi tok ein tur på sjøen og fiska.

Hulda fekk ein diger torsk, bilete av denne kjem seinare, for dei vart teke med Hege sin telefon.

Etter sjøturen var vatnet i badestampen framleis berre 25 grader, men dette skremte ikkje Even som vart fyrstemann uti. Etter å ha sjekka temperaturen, tok han sjansen på å dukka nedi, men han meinte det ikkje var riktig godt og varmt enno då ...










Hulda var ikkje direkte imponert over temperaturen så tidleg, så ho nøyde seg med å vassa litt i fyrste omgang:

Etter kvart som det vart fart på fyringa, vart temperaturen heilt opp på 39 grader, og då var det så varmt at sjølv mor kunne bada!

Det gjorde godt med ei avslappingshelg att, eg trur vi kosa oss alle mann.

torsdag, juni 14, 2007

Ridande rytter til hest

Even har prata om hest leeenge, og han har hatt lyst til å ri. Gjett om han vart glad då Tvistvold barnehage skulle på tur heim til den eine assistenten i barnehagen og ri på nordlandshest?

Må innrømma at eg var litt skeptisk til om Even var så tøff som han ga inntrykk av, så eg ba pent om å få lov å koma og sjå på når han rei. Det fekk eg, og sanneleg; guten var ein tøffing han! Det vart to turar på han, på to ulike hestar, og han såg eigentleg ut som om han passa på hesteryggen. Trur nok dette vert noko å bygga vidare på frametter!

måndag, juni 11, 2007

Bursdagsfeiring

Eg har hatt litt motstridande kjensler til datamaskina mi etter innspurten med bacheloroppgåva, og når det i tillegg har vore ei veke samanhengande med finver i Trøndelag, har bloggen vore det siste eg har hatt i tankane. Men eg har lovt å fortella om Den Store Dagen, og då meiner eg bursdagen, sjølv om det har vore fleire (mellom anna avslutninga etter oppgåveinnlevering, fyrste dag i ny jobb osb.)

Bursdagen min feira eg i lag med Tor Inge. Dagen byrja med gåveopning; Lasse og Ellen og ungane hadde sendt ei flott veske som eg tok i bruk med ein gong, og frå Ketil og Kari med famile fekk eg ei bok om "språkblomster" samla og nedteikna av Per Egil Hegge. Pappa og Synnøve hadde sett inn gåve på kontoen min, så dei betalte for bursdagsmiddagen seinare på kvelden. Dinest såg eg i Trønderavisa at eg vart 30 år (Tor Inge hadde sendt inn bilete og gratulasjon), og det var det visst mange som hadde sett, for så mange telefonar og tekstmeldingar trur eg aldri at eg har fått før.

I halv elleve-tida køyrde vi til Trondheim. Vi hadde leigd rom på Britannia Hotell frå laurdag til sundag. Det har vore min draum i 20 år å bu på nettopp det hotellet, så no syntest vi det var på tide. Då vi kom fram, vart eg gratulert med dagen, og vi tinga bord (via resepsjonen) på Jonatan til klokka 20 same kveld, og gjekk opp på rommet og pakka ut. Det er forresten utruleg mykje ein kan greie å ta med seg for ei einaste overnatting, men eg meiner det er betre å ha med for mykje enn forlite, spesielt når ein ikkje skal på fottur.

Etter innsjekking, traska vi rundt i Trondheims gater. Sommaren hadde kome, og det var fantastisk å gå i den byen eg er så glad i istrålande solskinn. I Ravnkloa tok vi årets fyrste kafé-utepils. Og det klokka to på dagen! Ikkje normalkost for oss som for det fyrste har mange ungar og for det andre bur i litt for lang gangavstand til næraste kafé.

Etter utepilsen tråla vi byen på kryss og tvers, og eg trur ikkje Tor Inge visste kor mange små og spennande butikkar eit kvinnemenneske kan finna på nokre få timar, men det var min bursdag, og han gjekk utan å mukka i alle butikkane.

Då vi kom attende til hotellet, møtte dette oss på bordet på rommet:
Ei halv flaske rødvin og gratulasjonar frå resepsjonen. Innhaldet i flaska vart fortært i badekaret; rein nyting ... Og ein fantastisk gest frå hotellet!

Klokka 20 gjekk vi ned på Jonatan. Der fekk me eit koseleg lite bord, og valde oss timianstekt biff frå menyen. Maten, omgivnadene og servicen var heilt topp! Til dessert valde Tor Inge vaniljebakt ananas og eg ville ha Creme Bruleé. Då desserten min kom på bordet, var han pynta med ein sterkt lysande isfakkel, og den vart servert med gratulasjonar frå servitøren. Sjølv eg vart litt forlegen med det same, men det gjekk raskt over. Alle ved naboborda gratulerte, og det vart rett så triveleg. Etterpå såg me på rekninga at desserten min hadde vore på huset si rekning, og då vart jo gleda endå større!

Kvelden vart avslutta i ro og mak på hotellrommet slik at me var opplagte til frukosten i Palmehaven dagen etter, og det trur eg er den mest fantastiske hotellfrukosten eg har ete så langt. Ein ting er iallfall sikkert; det vert fleire overnattingar på Britannia!

Elles: Bursdag har vore feira meir eller mindre heile veka, og det har kome gåver i fleng. Mellom anna desse: Frå Tor Inge og ungane fekk eg Bergansjakke (bukse er òg med i gåven, men dei hadde ikkje storleiken min i butikken. Slik er det å vere xtra small dame), og det er noko eg har ønska meg leeeenge, Oddvar ga meg ei bok om livet; "Det skal merkes at vi lever" av Johannes Møllehave og Benny Andersen, og laurdag 9. juni feira vi dagen min i lag med svigerfamilien, og sanneleg kom det ikkje gåver då òg! Alt frå Sheridan likør via turkis pute til slumreteppe og kjøleskapsmagnet. Eg er kjempefornøgd, og spekulerer på om eg skal feira 30-årsdag kvart år ...

(Og dersom nokon undrar over mangel på bilete: Eg trur eg ga kameraet ferie i lag med datamaskina. Biletet over er teke med mobilen)

Takk til alle som gjorde dagen (eller dagane) min flott!