Viser innlegg med etiketten jobb. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jobb. Vis alle innlegg

fredag, august 17, 2007

Arbeidshelg

Etter å ha teke in del ekstravakter i sommar, er det eigentleg litt godt å ha arbeidshelg, for då veit eg iallfall at denne gongen er det tre veker til neste helg eg skal arbeida.

Denne helga er forresten ei av dei betre; kveldsvakt i dag, dagvakt i morgon og kveld på søndag. Då får eg iallfall litt fri på laurdag kveld og kan kosa meg med familien. Det gler eg meg til!

onsdag, juli 25, 2007

Feriemodus!

Sjølv om ferieveka mi er over, er eg framleis i feriemodus. Å blogga står ikkje i høgsetet desse dagane. Eg kjenner angsten for at sommaren snart er over (og at den i år òg vart for kort) blanda med ei kjensle av at hausten snart kjem og gjev oss mørke kveldar og høve til å sitja i sofaen med godt samvit ...

Jepp, det var berre eit lite livsteikn, så de veit at eg framleis bloggar. ;)

onsdag, mai 02, 2007

Jobb og slikt

Det ser sanneleg ut til at eg får arbeid allereie før eg er ferdig på skulen. Det jobbintervjuet eg var på førte til eit tilbod om 50% stilling som sjukepleiar ved ein sjukeheim i Levanger, og dette seier eg nok ja til.

Gler meg til å byrja i jobb og få bruka kunnskapen eg har samla dei siste tre åra.

tysdag, mai 01, 2007

Gratulerer med dagen!

1. mai er feira på Verdal med frukost og tog. Vi gjekk under parolene til Verkstedklubben Aker (fellesforbundet) med "Forsvar AFP", og Hulda og Even bar stolt eigne plakatar. Toget gjekk til Minsaas Plass der det var appellar og tale.





Parolene som tok mest plass og merksemd i toget var nok AFP-ordninga og parolene mot kalkovn på Ørin. Eg må innrømma at oppmøtet faktisk var større enn eg på førehand trudde det skulle bli, så for min del vart det ein brukandes 1. mai.



Eit glimt frå toget:


Helsar til alle med fyrste vers av "Seieren følger våre faner" av Arne Paasche Aasen

Seiren følger våre faner
fram gjennom stormer og strid,
løft dem høyt i sterke hender
over vår jernhårde tid.
Det er fedres dyre arv,
de var trofast med
der hvor slitets menn og kvinner
for sin frihet stred.
De gav kraft og pågangsmot
når vi gikk til slag:
Seiren følger våre faner!
Arbeidsfolk, slå lag!

måndag, april 16, 2007

Jobbintervju

I dag har eg vore på mitt fyrste jobbintervju nokon sinne. Eg har søkt på stilling som sjukepleiar i Levanger kommune, og kom gjennom nålauget til intervjuet. Eg veit ikkje korleis det gjekk, men i følge intervjuarane (dei var tre!) hadde eg visst klart meg ganske bra. Men eg er usikker påom eg får stillinga, for det var mange godt kvalifiserte søkarar til ho. Vi krysser fingrar!