Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg

fredag, oktober 12, 2007

(Hyper)aktiv fredag

I dag fekk eg ei rosande tekstmelding om aktivitetsnivået mitt frå syskjenbarnet mitt, så eg fann ut at det passa bra å skryta litt meir.

I dag er det eg, Thomas og Even som har vore heime, og eg har vaska huset slik at det vart godt å ta helg etterpå. Som belønning til meg sjølv kjøpte eg desse:

Det er så godt når huset er reint å ha ein vakker bukett blomar på bordet!









I tillegg til husvask har eg og gutane baka bollar, så til formiddagsmat koste vi oss med nybakte boller og kakao ...


Og siste skryt for i dag er at genseren til Even endeleg vart ferdig i kveld. Reknar med eg kjem med bilete med gut inni i morgon, men til no får de nøye dykk med dette:


Detalj frå arma (det skal vere ein daudningeskalle):

måndag, september 17, 2007

Bursdag!


Mannen i huset fyller 36 år i dag! Ei rose til deg, Tor Inge, og gratulerer så masse med dagen!

Gåve er innkjøpt, og eg gler meg til mannen er ferdig på jobb og ungane kjem heim, for det fyrste fordi eg elskar å gje gåver, og nettopp denne gåva trur eg mannen heilt har gløymd at han ønskjer seg. Den andre grunnen er at i dag skal vi ha ein nydeleg middag som vi alt for sjeldan tek oss tid til ...





Til middag skal vi ha dette:


Ei stor gryte med fårikål står og putrar på omnen. Skal han nokre pølser i tillegg då, for det er ikkje heilt sikkert at alle ungane likar sauesmaken ...

I ettermiddag kjem familien på bursdagsbesøk, og då skal vi mellom anna kose oss med denne her:


Eg gler meg kjempemykje, både på mat og kake og besøk. Men no skal eg tusla bort og bake den tidlegare blogga formkake med kakao.

onsdag, september 12, 2007

Bake bake bake

I går fann eg ut at det var på tide å baka brød att. Det går relativt store mengder brød her i huset, og eg likar godt å baka dei sjølv. Eg er ikkje sikker på om eg sparer pengar på det, men den store fordelen i mine auge er at brødet smakar betre, det er litt meir næring i det og ikkje minst; eg veit kva vi får i oss når eg sjølv har bakt. (Dessutan får eg godt samvit og kjenner meg som ei Flink Mor ...)

Brødet de ser her, har tre "sysken" lenger borte på benken. To brød går rett i frysaren, og to vert ikkje frose.

I går kveld, fekk eg lyst på sjokoladekake. Då eg var lita, baka mamma fleire gonger sjokoladekake til laurdagsgodt. Eg syntest det var heilt topp. Fyrst i vaksen alder har eg forstått at det var eit økonomisk spørsmål ...

Men iallfall; mamma bakte sjokoladekake, og kaka var usannsynleg god! Då eg vart eldre (og familieøkonomien hadde betra seg), etterlyste eg denne kaka, men mamma greidde ikkje å hugsa kva for kake eg meinte. Ho prøvde mange ulike oppskrifter, men trefte aldri på Den Kaka. Fyrst i går kom eg på det; høgst sannsynleg var det ei formkake med kakao ho bakte! Eg googla og på Det søte liv fann eg ei Ingrid Espelid-oppskrift. Denne kaka heiter opprinneleg "formkake med kakao". Eg kasta meg over prosjektet, og sanneleg; dette var kaka. Sprø og nydeleg skorpe, ikkje for søt og ikkje for tung. Diverre vart ho ikkje så fin, men smaken var perfekt. Tre store stykke gumla eg i meg medan eg såg Medium i går kveld. Oppskrifta er såre enkel:

125 g smør
2 dl sukker
2 egg
2 ss kakao
2 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
150 g kveitemjøl
1 dl mjølk


Rør saman smør og sukker. Pisk inn eitt og eitt egg. Sikt saman det tørre, og vend inn det tørre og mjølka vekselvis. Dessutan skal ein visst ikkje røra for mykje (kvifor ikkje? Vert kaka tung då?). Ha deigen i ei godt smurt form. Eg nytta ei av mine vanlege brødformer, og i tillegg la eg eit bakepapir i botnen. Steik på 175 grader på nedste rille i ca 50 minutt. Test med strikkepinne (eller liknande) at kaka er gjennomsteika. La stå eit par minutt før du kvelvar ho ut av forma. Nytast med eit glas kald mjølk eller ein kopp kaffi. (I og med at kaka var ferdig så seint, vart det mjølk her i huset, og det gav skikkeleg flashback av barndomsminne) Nokon som vart inspirerte no? :)

fredag, september 07, 2007

Puh!

No har eg endeleg teke ein pust i bakken. Til no i dag har eg:

Bakt brød. Desse står i omnen no. Og det luktar nydeleg, om eg skal seie det sjølv. (Og det må eg jo nesten, for den einaste som er her i lag med meg er Even, og han har ikkje kommentert det enno)




Skore opp 5 kotelettar og to kjøttpølser som skal vere med i middagen i dag ...








... og laga sausjamninga som er basisen for lapskausen vi skal ete. Denne har Even prøvesmakt, og han meinte det var godt. Det som ligg og flyt i sausen er bein frå kotelettane. Eg hadde ikkje kjøttkraft til sausen, så eg sette til buljong, og kokar som de ser kotelettbein i lag med sausen. Reknar med det gjer susen, eg.



Og no syntest eg at eg fortente ein kvil, om ikkje anna så for å skryta over kor flink eg har vore. Eg skal straks springa over golvet med moppen slik at det iallfall luktar reint til helga!

måndag, september 03, 2007

Ny veke, nye moglegheiter

I dag er det måndag, og har vore flink (synast eg sjølv iallfall) og bakt kake etter eg kom heim frå arbeid. Kvifor? Tja, mest for at eg trur denne kaka er god. Og så er det kjekt å ha noko i frysaren i fall det kjem uventa gjestar. (Eller når eg sjølv "må" ha noko søtt)

Kaka er det eg kallar "skoff-kak". "Bestefarskake" har eg òg høyrd bruk om denne. Har ikkje prøvesmakt enno, men eg håpar ho er god. Ungane likte røra iallfall. ;)

måndag, august 06, 2007

Heldige meg!

Førre veke synast eg at eg eigentleg ikkje gjorde anna enn å vere på arbeid og å sova mellom slaga. Torsdag var eg og Tor Inge invitert heim til svigermor for å ete heimelaga elgsodd, men eg skulle (sjølvsagt) på kveldsvakt, så eg kunne jo ikkje vere med ... Men svigermor veit kor glad eg er i mat, så då Mannen skulle heim, hadde ho gjort klar ei bøtte med sodd slik at eg òg skulle få! Dette fekk eg meska meg med før kveldsvakta på fredag:

Soddet inneheldt forresten mjølbollar òg, men desse unngjekk eg glatt.

Onsdag hadde eg forresten òg kveldvakt, og då eg kom heim den kvelden, sat mannen og venta på meg med biff med bearnaise, soppstuing og pommes frites. Då er det eigentleg ganske greit å arbeida ein del.