Viser innlegg med etiketten hus og heim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hus og heim. Vis alle innlegg

tysdag, desember 04, 2007

Julekakebaking

Medan ungane var på skule og i barnehage i dag, laga eg deig til "kvitkjeks" og serinakaker.


Denne boksen er eit kjært barndomsminne. Den kosta som de ser kr 28,40 på Epa, og det må vere mange år sidan! Boksen har vore "kvitkjeksboks" så langt attende eg kan hugsa, og den tradisjonen tenkjer eg å halda i hevd.





Ungane er i full gang med å stikke ut figurar. Vi var alle tre kledd i forklær mamma har sydd. Det forkleet Even har på vart faktisk sydd til meg for rundt 25 år sidan ...


(Dersom du klikker på eit bilete, kjem du forresten til ei side med større utgåver av alle desse bileta.)



Her er det serinakakene som står for tur!

Diverre vart dei ingen suksess. Eg trur eg var litt vel raus med den flytande margarinen, men det skal eg notera meg til neste år. Serinakakene vart nemleg meir som serinapletter enn kaker, men smaken var iallfall bra!



Slik skal boksen sjå ut i denne søte adventstid! Og eg må innrømma at eg er glad eg slo frå meg tanken på å doble mammas gamle oppskrift, for deigen ga desse kakene:

Planen er at vi kan ete opp kakene frå den fremste boksen, medan kvitkjeksboksen skal vere urørt. Så no må du skunde deg på besøk, pappa! Kvitkjeksene smaker nett som dei skal!



Mamma Hjørdis si oppskrift på kvitkjeks/kakemenn/spekulasi:

4 koppar sukker
1/2 kopp smør
-Rørast kvitt

Sett til:
1 kopp mjølk
1 kopp vatn
4 toppa ts vaniljesukker
4 ts hjortesalt
og den noko kryptiske:
Mjøl til passe deig

Deigen skal vere litt klissen og kan gjerne stå ei stund og godgjere seg. Viss du har i for mykje mjøl, blir kakene sprø, og det skal dei helst ikkje vere.

Steik midt i omnen i 8 minutt på 180 grader.



Til Barne-TV vart det prøvesmaking og julebruskos. Julebrusen var forresten restane etter første søndag i advent, men ungane syntest tydelegvis den var like god etter å ha stått opna i kjøleskåp i to dagar.


To fornøgde ungar på den fyrste julekakebakedagen vår:

torsdag, november 29, 2007

Winter wonderland

This is actually the view from our garden there days:



Beautiful, isn't it?

søndag, november 18, 2007

Julehandel

I går var eg og Tor Inge i Trondheim på julegåvehandel. Det vart med ein julegåve til oss sjølve og:

Frå før har vi to støvsugarar: Ein Volta som er bortimot antikk. Eg arva han etter mamma, og den er lekkert 70-talls oransje nesten utan filtrering trur eg. Iallfall har det ofte stått ei støvsky bak støvsugaren ved oppstart, så den har kanskje spreidd meir støv enn den har sugd opp. Den andre støvsugaren vår er av nyare dato, men den hadde eit uhell med ei glo, og etter det har den laga fæl lukt ved bruk ... Så i går, då pengane likevel flaug ut, vart denne støvsugaren med heim frå Obs. Så no kan det hende sofaen blir rein til jul. ;)

Elles driv eg i dag med innpakking av kalendergåver til ungane. Koseleg syssel på ein søndag!

måndag, november 12, 2007

Ubedne gjestar/ Uninvited guests

Vi har hatt gjestar i matbua!
Og dei har som de ser lagt spor etter seg. Berre så det er sagt; eg er hysterisk redd for mus, så eg frys berre eg ser på dette biletet.

Mannen i huset er heller ikkje overbegeistra for skadedyra, men han er likevel myyyykje tøffare enn det eg er, så no er han helten min.

Vi (les: Tor Inge) har lagt ut gift til musene slik at vi skal bli kvitt dei. Og etterpå skal inngangsporten til matbua tettast slik at dei ikkje kjem seg inn att.

We've had uninvited guests in the room where we keep some of our food stored. And for the record: I'm extremely afraid of mice! I can jump up on a table if I see one, and I won't come down until someone rescues me ... Luckily I have a Hero in my house, and he's putting out poison to get rid of the horrible animals.

Helten min!

My hero!

tysdag, oktober 02, 2007

Sjukdom i familien

I dag skal vi til legen!

Den som er sjuk er elghunden Reico. Han har hatt problem med ein framlabb i fleire dagar no, og når han i tillegg er slapp, sliten og "ikkje lik seg", er det på tide å gjere noko. Truleg har han trampa noko inn i foten under jakt, men vi får liksom ikkje lov å sjå etter ordentleg, for då gjev han klårt uttrykk for at det er VONDT! Så i dag vert det legetur på oss. Spennande ...

tysdag, september 25, 2007

Kosedag

I dag har eg kveldsvakt, så Even har vore heime saman med meg på formiddagen. Veret var strålande i dag, så vi har hatt litt av kvart å gjere. Even har renska fuglekassa slik at ho er klar til neste år.

I år budde det ein fluesnapparfamilie der. Kanskje dei kjem att til våren?

Vi gjorde og eit forsøk som potetbønder i år og sette 6 potetar, men "åkeren" har vore neglisjert heile sommaren. Eg og Even tok for oss tre av plantane i dag, og sanneleg hadde det vorte potetbabyar! Her er den største og den minste poteten:
Til saman fann vi 13 potetar, og det synast eg er ganske bra. Dei tre siste plantene skal vi grave opp til helga når resten av ungane kjem, tenkjer eg.















Og etter arbeidsøkta smakte det visst godt med knekkebrød med geitost på! (Eg derimot, held meg til den vanlege fløytemysosten ...)

Men no må vi hiva oss rundt; eg skal snart på arbeid. Men det var godt å ha fri ein formiddag!

laurdag, september 22, 2007

Jaktenke II

Frå å berre vere jaktenke vart eg brått "den glade jaktenke". Coop-butikken hadde 25% på mellom anna Smart og Fritidsgarn, og i tillegg har eg handla meg litt å kosa meg med i helga. Berre sjå:

Sjokoladen og potetgullet vart ikkje med på biletet då. Treng ikkje å dokumentere alt for ettertida heller!

Snart skal eg krypa opp i sofakroken og bli der resten av dagen. Ute er det berre grisever likevel, og det gjer det jo ekstra godt å vere inne.

tysdag, september 11, 2007

På tide å tenkje seg om ...


Den siste månaden har vore økonomisk ganske trong. Ikkje slik at vi har lidd naud eller noko, men slik at eg har vore nøydd til å tenkje både ein og to gonger før eg har lagt varer i handlekorga. Likevel; vi har hatt det pålegget vi har lyst på, vi har drukke både mjølk, juice og brus og vi har hatt (meir enn) nok middag kvar dag og laurdagsgodt i helga. For meg har det vore nesten som ein konkurranse; korleis kan eg organisere matlaging og handling slik at det kostar minst mogleg?

I dag ser eg at eg faktisk har vunne konkurransen. Ut frå det eg hadde planlagt, skulle det no vore rundt 200,- på kontoen, for i morgon er det lønningsdag. Men kontoen inneheld fire gonger så mykje! Dersom eg greier å oppretthalde konkurranseinnstinktet, vil eg tydelegvis kunne spara ganske store summar ... Frå no av trur eg at eg alltid skal tenkje to gonger før eg handlar. Om ikkje anna kan ein jo bruka dei resterande kronene til noko artig?

fredag, september 07, 2007

Puh!

No har eg endeleg teke ein pust i bakken. Til no i dag har eg:

Bakt brød. Desse står i omnen no. Og det luktar nydeleg, om eg skal seie det sjølv. (Og det må eg jo nesten, for den einaste som er her i lag med meg er Even, og han har ikkje kommentert det enno)




Skore opp 5 kotelettar og to kjøttpølser som skal vere med i middagen i dag ...








... og laga sausjamninga som er basisen for lapskausen vi skal ete. Denne har Even prøvesmakt, og han meinte det var godt. Det som ligg og flyt i sausen er bein frå kotelettane. Eg hadde ikkje kjøttkraft til sausen, så eg sette til buljong, og kokar som de ser kotelettbein i lag med sausen. Reknar med det gjer susen, eg.



Og no syntest eg at eg fortente ein kvil, om ikkje anna så for å skryta over kor flink eg har vore. Eg skal straks springa over golvet med moppen slik at det iallfall luktar reint til helga!

måndag, september 03, 2007

Ny veke, nye moglegheiter

I dag er det måndag, og har vore flink (synast eg sjølv iallfall) og bakt kake etter eg kom heim frå arbeid. Kvifor? Tja, mest for at eg trur denne kaka er god. Og så er det kjekt å ha noko i frysaren i fall det kjem uventa gjestar. (Eller når eg sjølv "må" ha noko søtt)

Kaka er det eg kallar "skoff-kak". "Bestefarskake" har eg òg høyrd bruk om denne. Har ikkje prøvesmakt enno, men eg håpar ho er god. Ungane likte røra iallfall. ;)

onsdag, august 29, 2007

Tussar på ferde?

Det har vorte kaldare i Trøndelag, og Even saknar regnvottar. Eg har leita over alt, men finn ikkje ein einaste regnvott. Har det vore tussar på ferde?

Det positive er at eg har sett igjennom alle andre kleda vi har no, så eg veit kva vi treng til vinteren, trur eg iallfall.

måndag, august 27, 2007

Husarbeid

I verda mi vert husarbeid gjort etter skippertak-metoden, og no var det sanneleg på tide att. I helga har eg rydda og vaska rommet til jentene og i dag har eg byrja med Even sitt rom. Innimellom vaskar, heng opp og legg eg saman kle. På jenterommet var det så mykje skittentøy på dei mest utenkjelege plassar, at berre det tek jo ein halv dag å vaska. Eg angrar sterkt på at eg ikkje tok før- og etter-bilete på jenterommet, for det er ikkje til å kjenne att. Men korleis i hampen skal eg få dei til å halda det ryddig frametter? Gode tips vert tekne i mot med stor takk!

No er det på tide å tømme ei ny vaskemaskin...

laurdag, august 25, 2007

Hauststorm

I dag vakna eg kvart på 8 av at eg nesten blas ut av senga. Å ha to vindauge i luftestilling var tydelegvis nok til at vinden fekk godt tak. Vel vel, eg får nytta dagen når eg er oppe så tidleg. Hunden syntest det var på tide med ein tur ut allereie før ni, så eg hyra på meg og trassa vinden. Og som vanleg; når eg fyrst kom meg i gong, var det ganske godt, sjølv om eg fekk kjensla av å gå vannrett innimellom!

No står frukosten for tur; egg er straks ferdigkokte og kaffien er varm.

Ha ein fin laurdag alle saman!

(Eigentleg skulle dette innlegget pregast med bilete av hunden og meg på tur, men det ser ikkje ut til at eg greidde å senda dei til meg sjølv på e-post med mobilen i dag. Viss dei mirakuløst dukkar opp i laupet av dagen, skal eg putta dei inn i bloggen)

torsdag, august 23, 2007

TAKK

Eg har fått mi fyrste TAKK-gåve!

Postkasselokket stod formeleg og hoppa då eg kom til postkassa i dag, og som den pessimisten eg er, må eg innrømme at eg frykta ho var smekk full av rekningar med forfallsdato om 4 dagar eller noko slikt. Stor vart gleda då det låg ein tjukk, brun A4-konvolutt med MITT namn handskrive på!

Og ikkje mindre vart gleda då eg opna pakka. Anette K på hobbyforum har sendt meg stoff, så no må eg setje meg ned og kikka på dei fine (og komplette!) nesten 30 år gamle årgangane med Alt om håndarbeide eg har overteke etter mamma, for mamma tok vare på alle mønsterarka som var med.

Var ikkje stoffa vakre? Og så eg som er så glad i sommerfuglar!

(Det hendte noko rart med fargane frå mobilkameraet, men eg såg det ikkje før eg såg det på dataskjermen. Det er fargen nedst som er mest "naturtru".)

Tusen takk, Anette! Du gjorde denne dagen til ein strålande dag!

måndag, august 20, 2007

Frukostgjestar

Då Hulda sat ved kjøkkenbordet og åt frukost før fyrste skuledag som tredjeklassing, byrja ho plutseleg å flira medan ho peika ut vindauget. Og der, like utanfor hagegjerdet, gjekk det nokon som tydelegvis hadde rømt frå beitet sitt i skogen:

Eg måtte ta biletet gjennom vindauget, for dei er ikkje spesielt glade i folk, desse sauane. Even oppdaga dei like etterpå, og tok på seg jobben med å jaga dei litt oppover vegen att. Det virka tydelegvis, for eg har ikkje sett (eller høyrd) dei meir enno i dag.

måndag, juni 11, 2007

Bursdagsfeiring

Eg har hatt litt motstridande kjensler til datamaskina mi etter innspurten med bacheloroppgåva, og når det i tillegg har vore ei veke samanhengande med finver i Trøndelag, har bloggen vore det siste eg har hatt i tankane. Men eg har lovt å fortella om Den Store Dagen, og då meiner eg bursdagen, sjølv om det har vore fleire (mellom anna avslutninga etter oppgåveinnlevering, fyrste dag i ny jobb osb.)

Bursdagen min feira eg i lag med Tor Inge. Dagen byrja med gåveopning; Lasse og Ellen og ungane hadde sendt ei flott veske som eg tok i bruk med ein gong, og frå Ketil og Kari med famile fekk eg ei bok om "språkblomster" samla og nedteikna av Per Egil Hegge. Pappa og Synnøve hadde sett inn gåve på kontoen min, så dei betalte for bursdagsmiddagen seinare på kvelden. Dinest såg eg i Trønderavisa at eg vart 30 år (Tor Inge hadde sendt inn bilete og gratulasjon), og det var det visst mange som hadde sett, for så mange telefonar og tekstmeldingar trur eg aldri at eg har fått før.

I halv elleve-tida køyrde vi til Trondheim. Vi hadde leigd rom på Britannia Hotell frå laurdag til sundag. Det har vore min draum i 20 år å bu på nettopp det hotellet, så no syntest vi det var på tide. Då vi kom fram, vart eg gratulert med dagen, og vi tinga bord (via resepsjonen) på Jonatan til klokka 20 same kveld, og gjekk opp på rommet og pakka ut. Det er forresten utruleg mykje ein kan greie å ta med seg for ei einaste overnatting, men eg meiner det er betre å ha med for mykje enn forlite, spesielt når ein ikkje skal på fottur.

Etter innsjekking, traska vi rundt i Trondheims gater. Sommaren hadde kome, og det var fantastisk å gå i den byen eg er så glad i istrålande solskinn. I Ravnkloa tok vi årets fyrste kafé-utepils. Og det klokka to på dagen! Ikkje normalkost for oss som for det fyrste har mange ungar og for det andre bur i litt for lang gangavstand til næraste kafé.

Etter utepilsen tråla vi byen på kryss og tvers, og eg trur ikkje Tor Inge visste kor mange små og spennande butikkar eit kvinnemenneske kan finna på nokre få timar, men det var min bursdag, og han gjekk utan å mukka i alle butikkane.

Då vi kom attende til hotellet, møtte dette oss på bordet på rommet:
Ei halv flaske rødvin og gratulasjonar frå resepsjonen. Innhaldet i flaska vart fortært i badekaret; rein nyting ... Og ein fantastisk gest frå hotellet!

Klokka 20 gjekk vi ned på Jonatan. Der fekk me eit koseleg lite bord, og valde oss timianstekt biff frå menyen. Maten, omgivnadene og servicen var heilt topp! Til dessert valde Tor Inge vaniljebakt ananas og eg ville ha Creme Bruleé. Då desserten min kom på bordet, var han pynta med ein sterkt lysande isfakkel, og den vart servert med gratulasjonar frå servitøren. Sjølv eg vart litt forlegen med det same, men det gjekk raskt over. Alle ved naboborda gratulerte, og det vart rett så triveleg. Etterpå såg me på rekninga at desserten min hadde vore på huset si rekning, og då vart jo gleda endå større!

Kvelden vart avslutta i ro og mak på hotellrommet slik at me var opplagte til frukosten i Palmehaven dagen etter, og det trur eg er den mest fantastiske hotellfrukosten eg har ete så langt. Ein ting er iallfall sikkert; det vert fleire overnattingar på Britannia!

Elles: Bursdag har vore feira meir eller mindre heile veka, og det har kome gåver i fleng. Mellom anna desse: Frå Tor Inge og ungane fekk eg Bergansjakke (bukse er òg med i gåven, men dei hadde ikkje storleiken min i butikken. Slik er det å vere xtra small dame), og det er noko eg har ønska meg leeeenge, Oddvar ga meg ei bok om livet; "Det skal merkes at vi lever" av Johannes Møllehave og Benny Andersen, og laurdag 9. juni feira vi dagen min i lag med svigerfamilien, og sanneleg kom det ikkje gåver då òg! Alt frå Sheridan likør via turkis pute til slumreteppe og kjøleskapsmagnet. Eg er kjempefornøgd, og spekulerer på om eg skal feira 30-årsdag kvart år ...

(Og dersom nokon undrar over mangel på bilete: Eg trur eg ga kameraet ferie i lag med datamaskina. Biletet over er teke med mobilen)

Takk til alle som gjorde dagen (eller dagane) min flott!

fredag, mai 18, 2007

Meir om 17. mai

Eg sa eg kanskje kom attende med fleire bilete frå 17. mai, og det gjer eg sanneleg. Eg gjekk i barnetoget i lag med Even og resten av barnehagen hans, og det var kjempekoseleg. Sjølv om det var langt, var Even flink, og traska og gjekk heile vegen utan klaging.

På dette biletet har han oppdaga at han har kjentfolk som publikum på turen. Han likte godt at alle såg på han forresten, men det er vel ikkje noko nytt, eigentleg. Han likar det dersom det er han sjølv som på sett og vis kjenner at han har kontroll over situasjonen. Ein ekte kontrollfrik med andre ord. (Og kven sin unge var det han var no då ...?)


Her er me på Verdalsøra barneskule, frå venstre er bror min Bodvar, hans kone Terje (nei, ingen skrivefeil! Terje er frå Estland, og der nyttar dei det som kvinnenamn), Tor Inge, Hulda, eg og Even.

Slik reagerer forresten Even når han er sliten og ikkje synast han har kontroll. Eg har inntrykk av at opplegget på skulen vart litt for stort for Even, for han trivst ikkje spesielt godt, men det vart mykje betre då vi saman med Thomas og Linn-Therese forflytta oss til Soltun grendehus for å sjå Linn-Therese marsjera med aspirantane i korpset og ete sodd til middag. Då vart alle ungane i betre humør, og dei sprang rundt og leika seg og var med på aktivitetar som om dei var lokalkjende. Og til neste 17. mai er dei jo det, for då har vi vore der før.


Oddvar (min stefar) og Tor Inge tek ein kvil i solveggen ved Soltun. Etterpå køyrde vi heim til oss og drakk kaffe og eg fekk av meg sko som hadde gjeve gnagsår på lilletåa ... Men ikkje ein einaste unge hadde gnagsår, er ikkje det ganske fantastisk?

tysdag, mai 15, 2007

Oppdatering

Chryslern kom heim att før helga, men trur du han hadde funne ut av motorproblema då? Nei, bilen hadde oppførd seg eksemplarisk kvar gong verkstadmannen hadde brukt han, men det vart nokre nye opphengskuler og bytting av styrestag eller noko sånt, og han vart litt tettare i styringa att. Ikkje rart ting rister laus når vi har nesten ein kilometer med dårleg vedlikehaldt kommunal grusveg ... Forresten har ikkje bilen vist teikn til åtferdsproblema sine att enno heller, så eg krysser fingrar.

I dag har eg vore på fagkonferanse i samband med sjukepleiardagen som var på laurdag. Godt å gjere noko anna enn å skriva bacheloroppgåve òg, og det var både artig og nyttig å vere på konferansen, så det var fornuftig tidsbruk, har eg funne ut.

I ettermiddag fekk eg endeleg lagt opp bunaden til Hulda, så snart kan17. mai berre koma.

måndag, mai 07, 2007

Sjuk bil

Bilen min har ei tid hatt åtferdsproblem. Ikkje direkte ADHD-liknande, meir i retning ein depresjon. Han akselererer ikkje som han skal, iallfall ikkje når han har vorte varm og blir stoppa og deretter starta att etter kort tid, og av og til går han dårleg på tomgang. I tillegg er det nokre udefinerbare dunkelydar under bilen, og alt dette gjer no at stakkaren skal inn på verkstad, så for ei tid,vert eg billaus. Eller rettare sagt; Tor Inge blir sprek, for han må sykla til jobb så eg kan bruka den vesle, søte Renaulten hans. Då blir det spennande å sjå om eg framleis handterar manuell giring. :)

laurdag, mars 17, 2007

Sofa


Eg har lenge irritert meg over den sofaen vi hadde. Ikkje var den spesielt fin, og ikkje var den god å ligga eller sitja i. Difor har eg lenge tenkt på å bytta ut han, og takka vere ein annonse på finn.no vart det endeleg ei råd, så i dag kom ein ny (brukt) sofa inn i huset, og stova vart som ny!

Einaste ulempe er at det no har vorte ganske strenge restriksjonar på kva ein til dømes kan ete i sofaen. Ikkje meir kveldsmateting medan ein ser barne-tv, men ungane synstest òg sofaen vart fin, så det har ikkje vorte lagt inn protest mot restriksjonane enno ...