Førre helg byrja eg på ei veske med garnet eg fekk frå min hemmelege ven på Hobbyforum,og no er veska ferdig. Slik såg ho ut før dekorering:
Litt kjedeleg som einsfarga, kanskje, men eg likte fasongen veldig godt.
Litt dekorering og stasj måtte til for å få veska slik eg helst ville ha ho, og det ferdige resultatet vart ganske så bra om eg skal seie det sjølv ...
Slik ser altså den ferdige veska ut:
Eg gler meg til å ta ho i bruk!
Strikka etter oppskrift frå Familien nr 5/07 og tova på 40 grader i vaskemaskina.
torsdag, september 27, 2007
Veske ferdig!
at
18:08
2
comments
torsdag, september 06, 2007
Eg har fått pakke!!!
Denne flotte pakka fekk eg frå min hemmelege ven, Anki, på hobbyforum i går: Fire nøste fritidsgarn frå Sandnes, eit krossting-broderi og dei lekre knappane! Og i tillegg eit flott heimelaga kort med sommarfugl! Og på kortet kom Anki med forslag til kva eg kunne bruka garnet til. Ho foreslo mellom anna at eg kunne laga eit tova sitteunderlag, og eg må innrømma at det fekk eg veldig lyst til, så de skal ikkje sjå bort frå at det blir nettopp det.
Kunne tenkt meg å laga turkis sitteunderlag og dekorere til dømes med filt eller liknande. Og så kunne Hulda ha det med på turdagane på skulen. Då er det iallfall ingen som har likt underlag som ho!
Gler meg til å byrja med broderiet òg. Har sett på det, og det ser ikkje så vanskeleg ut at eg mistar motet iallfall!Synast nesten eg må ha med nærbilete av knappane. Kvaliteten på bileta er framleis ikkje den beste, men kameraet på telefonen er det beste foto-alternativet eg har akkurat no.
Synast desse knappane var fantastiske eg! Gler meg til å finna noko å bruka dei til. Synast nesten dei er for fine til å vere på Calorimetry, dessutan var det jo fem av kvar, og det er jo nok til mykje anna ... Dette må eg grubla vidare på!
Tusen takk, Anki, for ei flott pakke! Går berre rundt og smiler eg! :)
No må eg snart hiva meg rundt og laga ferdig pakke til den eg skal senda til. (Men eg trur eg må venta til etter 12. september, for då er det lønningsdag)
at
10:48
1 comments
onsdag, august 15, 2007
Hemmeleg ven
Eg har meldt meg på Hemmeleg Ven på Hobbyforum. Det fungerer slik at dei som melder seg på får melding om kven dei skal sende pakke til. Verdien på pakka skal vere ca 150,- uten porto, og pakka skal vere sendt innan ein bestemt dato. Ein har lov til å legge litt føringar ved å laga seg ei ønskeliste, så akkurat no er det det eg driv og bryr hovudet mitt med; kva i all verda skal eg ønske meg? Då eg var med på Hemmeleg Sommarven fekk eg mellom anna bambuspinnar frå Sipusa og det vart ein suksess (som gjorde at eg tinga eit lass slike pinnar på ebay) ...
Så kva skal eg ønske denne gongen? Må nok grubla litt over det!
at
12:54
5
comments
Labels: HV