søndag, november 27, 2005

Tannverk

Det finnast ikkje noko verre enn tannverk!Det heile byrja onsdag kveld (det vil seie, det byrja vel tidlegare, for eg har trass alt kjent det ei stund ...), og torsdag hadde eg så vondt i underkjeven på venstre side at eg trudde eg skulle døy. Vegleiaren min på praksisplassen fekk meg til å ringa til ulike tannlegar på levanger, og hjå den tredje fekk eg napp, og time fredag klokka 10:30.

Då tannlegen hadde bora og kika og pirka i tanna mi og teke røntgenbilete, fann han ut at det var ei gamal rotfylling som var problemet. Det er verk under den tanna, og i fyrste omgang fekk eg penicillin og paralgin forte. Så i dag ser eg ... eh ... interessant(?) ut, med ei hoven venstre side av andletet, men det er mindre smertefullt, og eg gler meg til neste tannlegetime.

måndag, november 21, 2005

Ei herleg helg!

Denne helga har vore ei "oppladingshelg" av dei store! Etter ei stressande veke med sjuke ungar, og før eg skulle ut i praksis, var det Store Målet for helga å slappa av.
Fredag var Tor Inge på arbeid til klokka 20. Då han kom hit, hadde eg laga Super Nachos (takk, Lasse!) og guacamole (takk, Stian!). Mannen vart glad og mett, og det vart definitivt eg òg.
Helga vart ikkje dårlegare av at min kjære hadde ei overrasking til meg på fredag; han hadde tinga rom på Rica på Hell frå laurdag til sundag, med julebord inkludert. I tillegg hadde me fått badekar på rommet (altso, på badet på rommet, ja ...), så då sundagen kom, var me to mette, reine (veldig reine), utkvilte og glade menneske som køyrde heim for å vere klare for ei ny, travel veke.

fredag, november 18, 2005

Endeleg helg, folkens!

Etter ei lang veke, med ein sjuk son, praksisførebuing på skulen, oppgåveskriving, stress og mas, er det faktisk HELG! No skal eg slappa av og ni-kosa meg. Kanhenda det vert ein tur ut for å handla julegåver i morgon, men stress skal eg ikkje ha noko av.

onsdag, november 16, 2005

Spennande tider

No går eg spennande tider i møte. Neste veke byrjar min fyrste sjukehuspraksis, og eg har ikkje peiling på kva eg går til. Det er stort og skremmande med mange utfordringar, som til dømes korleis ein skal rekka over alt, korleis turnusen min vert oppsett, korleis me studentar vert mottekne i avdelinga, og sist men ikkje minst: Greier eg dette? Har eg det som skal til for å vera ein god sjukepleiar? Eg er spent, særs spent. Men eg gler meg litt òg då. :)

Biletetest


Må berre testa korleis det vert med bilete i bloggen, så her kjem ein frå ein tur på Tor Inge sin bursdag. Bursdagsbarnet var fotograf.

tysdag, november 15, 2005

Attende

Då var eg attende i bloggeverda. Berre på testestadiet enno, men me får sjå ...