torsdag, august 30, 2007

Fridag med Even

Tysdag hadde eg og Even fridag, og her leikar han fotomodell:

Er det ikkje ein fin gut eg har?

(For dei som er interesserte i strikkinga mi: Eg driv framleis og tjonar med genseren til mannen. Bolen er ferdig, og eg strikkar på den fyrste arma. Det tek tid, men den er nok ferdig før snøen kjem *bank i bordet*)

onsdag, august 29, 2007

Tussar på ferde?

Det har vorte kaldare i Trøndelag, og Even saknar regnvottar. Eg har leita over alt, men finn ikkje ein einaste regnvott. Har det vore tussar på ferde?

Det positive er at eg har sett igjennom alle andre kleda vi har no, så eg veit kva vi treng til vinteren, trur eg iallfall.

måndag, august 27, 2007

Husarbeid

I verda mi vert husarbeid gjort etter skippertak-metoden, og no var det sanneleg på tide att. I helga har eg rydda og vaska rommet til jentene og i dag har eg byrja med Even sitt rom. Innimellom vaskar, heng opp og legg eg saman kle. På jenterommet var det så mykje skittentøy på dei mest utenkjelege plassar, at berre det tek jo ein halv dag å vaska. Eg angrar sterkt på at eg ikkje tok før- og etter-bilete på jenterommet, for det er ikkje til å kjenne att. Men korleis i hampen skal eg få dei til å halda det ryddig frametter? Gode tips vert tekne i mot med stor takk!

No er det på tide å tømme ei ny vaskemaskin...

laurdag, august 25, 2007

Hauststorm

I dag vakna eg kvart på 8 av at eg nesten blas ut av senga. Å ha to vindauge i luftestilling var tydelegvis nok til at vinden fekk godt tak. Vel vel, eg får nytta dagen når eg er oppe så tidleg. Hunden syntest det var på tide med ein tur ut allereie før ni, så eg hyra på meg og trassa vinden. Og som vanleg; når eg fyrst kom meg i gong, var det ganske godt, sjølv om eg fekk kjensla av å gå vannrett innimellom!

No står frukosten for tur; egg er straks ferdigkokte og kaffien er varm.

Ha ein fin laurdag alle saman!

(Eigentleg skulle dette innlegget pregast med bilete av hunden og meg på tur, men det ser ikkje ut til at eg greidde å senda dei til meg sjølv på e-post med mobilen i dag. Viss dei mirakuløst dukkar opp i laupet av dagen, skal eg putta dei inn i bloggen)

torsdag, august 23, 2007

TAKK

Eg har fått mi fyrste TAKK-gåve!

Postkasselokket stod formeleg og hoppa då eg kom til postkassa i dag, og som den pessimisten eg er, må eg innrømme at eg frykta ho var smekk full av rekningar med forfallsdato om 4 dagar eller noko slikt. Stor vart gleda då det låg ein tjukk, brun A4-konvolutt med MITT namn handskrive på!

Og ikkje mindre vart gleda då eg opna pakka. Anette K på hobbyforum har sendt meg stoff, så no må eg setje meg ned og kikka på dei fine (og komplette!) nesten 30 år gamle årgangane med Alt om håndarbeide eg har overteke etter mamma, for mamma tok vare på alle mønsterarka som var med.

Var ikkje stoffa vakre? Og så eg som er så glad i sommerfuglar!

(Det hendte noko rart med fargane frå mobilkameraet, men eg såg det ikkje før eg såg det på dataskjermen. Det er fargen nedst som er mest "naturtru".)

Tusen takk, Anette! Du gjorde denne dagen til ein strålande dag!

Eg har byrja ...

... med eit nytt prosjekt. Biletet vart ikkje så bra. Ønskjer meg ny mobil med betre kamera! Men iallfall; eg broderer i krossting. Det er nok ei stund til eg kan visa fram det ferdige resultatet, men det er ganske koseleg å halda på og "små-tjone" med!

måndag, august 20, 2007

Frukostgjestar

Då Hulda sat ved kjøkkenbordet og åt frukost før fyrste skuledag som tredjeklassing, byrja ho plutseleg å flira medan ho peika ut vindauget. Og der, like utanfor hagegjerdet, gjekk det nokon som tydelegvis hadde rømt frå beitet sitt i skogen:

Eg måtte ta biletet gjennom vindauget, for dei er ikkje spesielt glade i folk, desse sauane. Even oppdaga dei like etterpå, og tok på seg jobben med å jaga dei litt oppover vegen att. Det virka tydelegvis, for eg har ikkje sett (eller høyrd) dei meir enno i dag.

laurdag, august 18, 2007

Dagens reklame

Irenes innlegg på Hobbyforum fekk meg til å hugsa at eg tenkte eg skulle reklamera for nettstaden Knitting Daily. Viss ein registrerer seg der, får ein tilgang til mellom anna mange fine gratis oppskrifter, og mykje anna som kan vere noko å kose seg med for strikkeinteresserte. Ta turen innom!
ru knitting daily?

Helg!

I dag har eg teke (kort) helg. Eg har vore på arbeid frå 7-15 i dag, men skal ikkje på arbeid før klokka 15:30 i morgon. Då går det liksom an å kjenne at ein har litt fri likevel. I tillegg er det ein flott gjeng eg arbeider i lag med, så helga er eigentleg ganske grei om ein er på arbeid òg.

Men i kveld skal eg berre kosa meg og slappa av, og det håpar eg de andre gjer òg!

fredag, august 17, 2007

Brev på tur

Hulda hadde ein veldig god ven i barnehagen då vi budde på Levanger, og ho er framleis veldig glad i han. I dag let ho kreativiteten få frie tøylar, og resultatet vart eit brev som ho no har sykla for å putta i postkassa.

Håpar det er ein gut som vert glad når dette dukkar opp!

Arbeidshelg

Etter å ha teke in del ekstravakter i sommar, er det eigentleg litt godt å ha arbeidshelg, for då veit eg iallfall at denne gongen er det tre veker til neste helg eg skal arbeida.

Denne helga er forresten ei av dei betre; kveldsvakt i dag, dagvakt i morgon og kveld på søndag. Då får eg iallfall litt fri på laurdag kveld og kan kosa meg med familien. Det gler eg meg til!

torsdag, august 16, 2007

Mor mi

Mamma var ein diktar. Ho skreiv heile livet, og ho skreiv godt. Dikta hennar er att etter ho, og eg har mange av dei lagra på datamaskina. I desse kan eg finna trøyst og von når eg treng det, eller eg kan la tårene trilla og kjenna på saknet viss eg ynskjer det.

Etter å ha lese nokre bloggar i samband med Oktoberrosa-aksjonen, kom eg til å minnast eit dikt mamma skreiv, og det ynskjer eg å dela med dykk. Håpar de òg likar det, og at de spør om lov dersom de sjølve har lyst til å bruka det til noko.

Hvis jeg fikk leve -

Hvis jeg fikk leve
mitt liv
om igjen


skulle jeg
smile mer
og gråte oftere

Jeg skulle stå opp
flere tidlige
sommermorgener


og gå barbent
i gresset
helt alene

Jeg skulle bruke
mer tid på
å finne ut


hvem jeg er
enn hva som
forventes av meg.


Hjørdis Gausen Renli


Men eg trur at dei siste åra mamma levde, gjorde ho mykje av dette. Ho fann nok ut kven ho var, og ho slutta tenkje på kva som vart forventa av ho. Mamma levde og nyta livet den siste tida, og det er det godt å tenkje på i ettertid ...

Eg har forresten redigert dette innlegget mange gongar no, for eg har problem med å hugsa at eg skal skriva i fortid. Trur det går lang tid før eg har vent meg på at ho ikkje er i lag med oss på jorda meir.

onsdag, august 15, 2007

Hemmeleg ven

Eg har meldt meg på Hemmeleg Ven på Hobbyforum. Det fungerer slik at dei som melder seg på får melding om kven dei skal sende pakke til. Verdien på pakka skal vere ca 150,- uten porto, og pakka skal vere sendt innan ein bestemt dato. Ein har lov til å legge litt føringar ved å laga seg ei ønskeliste, så akkurat no er det det eg driv og bryr hovudet mitt med; kva i all verda skal eg ønske meg? Då eg var med på Hemmeleg Sommarven fekk eg mellom anna bambuspinnar frå Sipusa og det vart ein suksess (som gjorde at eg tinga eit lass slike pinnar på ebay) ...

Så kva skal eg ønske denne gongen? Må nok grubla litt over det!

Bloggar som får ein til å tenkje

Av og til hender det at eg dumpar innom bloggar som verkeleg får meg til å tenkje over livet. Bloggen til Betty er ein av desse. Denne kvinna har vorte operert for brystkreft, og i bloggen sindeler ho tankar om livet og ikkje minst det å Leva (med stor L!).

Betty vart òg intervjua i programmet Det skjedde i de dager, som kan høyrast via nettradioen til Nrk via denne linken. Klikk på programmet som gjekk den 11.08.07 for å høyra programmet.

Rosa sløyfe-aksjonen

Kvart år i oktober skipar Kreftforeninga og Foreninga for brystkreftopererte aksjonen "Rosa sløyfe" i Noreg for å setja fokus på brystkreft og å samla inn pengar til forsking.

Tidlegare år har eg støtta aksjonen ved å kjøpe rosa sløyfe eller andre ting som har vore relevante. I år har eg kome over ein kanskje meir spennande måte å ta del i dette på (men eg lover ingen ting enno ...): Oktoberrosa!

For å bli med, skal du laga noko sjølv som kan selgast på Qxl, og inntektene går uavkorta til Foreninga for brystkreftopererte.

Kanskje dette er noko å tenke på for kreative sjeler der ute?

torsdag, august 09, 2007

Valgomat

Eg har (etter oppmoding frå Lasse) testa kva eg bør røysta ved valet via Valgomaten i Aftenposten, og dette vart resultatet:

Rød Valgallianse:
Rød Valgallianse vil bryte ned klasseskillene, skape sosial likhet og bidra til miljørettet ressursforvaltning.
Slik ble din profil
Rød Valgallianse:
88 % | Rød Valgallianse
Sosialistisk Venstreparti:
86 % | Sosialistisk Venstreparti
Senterpartiet:
46 % | Senterpartiet
Arbeiderpartiet:
46 % | Arbeiderpartiet
Venstre:
41 % | Venstre
Kristelig Folkeparti:
32 % | Kristelig Folkeparti
Høyre:
9 % | Høyre
Fremskrittspartiet:
8 % | Fremskrittspartiet

tysdag, august 07, 2007

Garn og garn og garn


Var på ein liten butikkrunde i går, og sanneleg kom eg tilfeldigvis til å rota meg innom garnbutikken ... Dette vart med heim: 4 nøster Kitten Mohair (30% rabatt på grunn av at fargen skulle gå ut av sortimentet), 3 nøster Alfa med glitter og ein strikkepakke til born. Strikkepakka kosta 59,-og inneheldt 2 nøster fritidsgarn (rosa og lilla), eit par små, søte strikkepinnar storleik 5 samt eit lærehefte. Ser spennande ut!

måndag, august 06, 2007

Heldige meg!

Førre veke synast eg at eg eigentleg ikkje gjorde anna enn å vere på arbeid og å sova mellom slaga. Torsdag var eg og Tor Inge invitert heim til svigermor for å ete heimelaga elgsodd, men eg skulle (sjølvsagt) på kveldsvakt, så eg kunne jo ikkje vere med ... Men svigermor veit kor glad eg er i mat, så då Mannen skulle heim, hadde ho gjort klar ei bøtte med sodd slik at eg òg skulle få! Dette fekk eg meska meg med før kveldsvakta på fredag:

Soddet inneheldt forresten mjølbollar òg, men desse unngjekk eg glatt.

Onsdag hadde eg forresten òg kveldvakt, og då eg kom heim den kvelden, sat mannen og venta på meg med biff med bearnaise, soppstuing og pommes frites. Då er det eigentleg ganske greit å arbeida ein del.

fredag, august 03, 2007

Litt misunneleg

Bror Lasse har vore på sommarferie med familien, og han har nokre lekre bilete på sida si. Eg må nok innrømma at eg er litt misunneleg ... Samstundes så unner eg dei det òg, og er takksam fordei nydelege bileta Lasse delte med oss.

onsdag, august 01, 2007

Dokke-bukse

Då Even skulle til pappaen sin på sundag, kom han plutseleg dregande med ei dokke. Dokka var ein BabyBorn-kopi som Hulda hadde fått for om lag seks år sidan, men då ho fekk ekte BabyBorn, let ho veslebror overta dokka.

Stort sett har Even leika med dokke i lag med systera, og ikkje åleine, men no fortalde han at "ungen hans" skulle vere med til pappa. Eg spurde kva for namn ungen hadde, og fekk svar umiddelbart; "Han heite Tor!". Tor hadde berre på seg ein genser, så vi måtte leite bukse til han, men i og med at det stort sett har vore jentedokker i huset, såg han ganske feminin ut i lakseraud bukse ... Difor sette eg meg med i går, med trysilgarn på pinne nr 5 ogei oppskrift frå Familien, og resultatet ser de på biletet (Modell for buksa er Hulda si BabyBorn).

Prata med Even i telefonen i dag og lovde at eg skulle sende buksa i posten, så den ligg no i ein konvolutt på kjøkkenbordet og ventar. Håpar han vert glad for pakke i posten!

Bambuspinnar

Etter å ha prøvd eit par bambuspinnar som eg fekk i sommarven-gåve, var det ingen veg attende; eg måtte ha fleire! På hobbyforum såg eg at mange hadde kjøpt pinnar via e-bay, og eg fann ut at det var verdt eit forsøk.

Eg meldte meg på ein auksjon, og endte opp med 15 rundpinnar (50 cm) frå 2 mm og oppover, og og 15 par strømpepinnar frå 2 mm og oppover ... For alt dette inkludert porto frå Hong Kong, betalte eg Nkr 230,- !!!

Pakken kom rekommandert til meg etter ca 14 dagar, og eg er kjempefornøgd! Postmannen såg litt rart på meg då eg avslørte innhaldet i den rekommanderte sendinga, men han trakk litt på smilebandet og sa at han nok kunne tru det hadde vore krise dersom strikkepinnane forsvann i posten ... :)