Viser innlegg med etiketten rosa sløyfe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten rosa sløyfe. Vis alle innlegg

torsdag, oktober 11, 2007

Boka til mamma

Som de veit, gjekk mamma bort 6. januar i år. Ho var eit skrivande menneske, og etterlet seg mange dikt som ho drøymde om å gje ut i bokform ein dag. Og veit de kva? Oddvar, min kjære stefar, har no bestemt at dette skal setjast ut i livet. Det einaste som står att no, er å sortere nokre av teikningane før materialet skal leverast til trykkjeriet. Eg er så stolt!

I og med at Oktober er "brystkreftmånaden" får de her ein smakebit av eit av mammas dikt ssom handlar om korleis ho opplevde det å få brystkreft.

Kreft

Eg saknar eit bryst
før hadde eg to,
men kreften tok frå meg
det eine

Vonløysa lura - lokka og dro,
eg undra; koss vert det
å leva no
eg kjende meg stengd
og åleine.

Men tida ho sveiv
sitt store hjul
og synte meg fleire
som streva.

Somme kava "for salt og sul"
mens andre mest kvomna
og kraup i skjul
men alle så freista
dei leva -.

No takkar eg livet
- eg er som eg er
og kring meg veks liv
eg får dela.

Eg ser på dei hine
og har dei kjær
Dei ler og dei gret
og dei er meg så nær!
_ _ _

Og meg kunne hendt
det som verre er;
- eg kunne mist noko
av sjela - - .

Hjørdis Gausen Renli

NB: Ikkje bruk dette diktet utan å spørje om lov!

søndag, september 30, 2007

Rosa for oktober


Som de ser har bloggen fått ny bakgrunnsfarge. Årsaka til dette er at i morgon er det fyrste oktober, og med oktober kjem den årlege rosa sløyfe-aksjonen. Formålet med denne aksjonen er å setja fokus på brystkreft og skaffa pengar til forsking.

I år har 12 kvinner stilt opp i ein kalender som høyrer inn under eit prosjekt som heiter Lykke. Ei av kvinnene som er med på dette, er Betty. Ta turen innom bloggen hennar for å lesa meir.

Ei anna side du òg kan kikka innom er Oktoberrosa. Her har mange kreative menneske laga ting som skal auksjonerast bort på QXL, og pengane går uavkorta til Foreininga for brystkreftopererte.

Eg oppmodar alle bloggarar til å markere årets rosa sløyfe-aksjon i bloggen sin. Stafettpinne herved sendt!

(For dei som kanskje ikkje vil gjere heile bloggen rosa, vil eg oppmoda til å henta seg eit banner frå Pink for October)

Desse bloggarane veit eg at allereie har markert seg:

Virtuella, Betty, Sina, Be-ty, Mrs Darcy, Irenesol, Guri, Anett, Frk.Badegakk, Anette K., Anne, Frøken ij, Mimouna, Ruth, Hege,

Oppdatering 01.10.07: Flyttar no oversikta over rosa-bloggings til sidestolpen, der lista skal få ligge heile månaden. Ta turen innom bloggane, og grip stafettpinnen sjølv! Vil du eg skal lenke til rosa-bloggingsen din, håpar eg du legg att ein kommentar.