Viser innlegg med etiketten skule. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skule. Vis alle innlegg

torsdag, juni 21, 2007

Eksamensresultat

I dag kom resultatet av bacheloroppgåva, og eg fekk B, så eg må nok seie meg nøgd.

No er tre års høgskule endeleg avslutta, og eg er sjukepleiar heilt på ordentleg.

torsdag, mai 31, 2007

FERDIG!

I går leverte eg bacheloroppgåva mi, og er endeleg ferdig. Det har vore eit slit dei siste vekene, men no er det faktisk gjort. Og om tre veker håpar eg at eg kan kalla meg sjukepleiar. :)

søndag, mai 27, 2007

Ikkje heilt fornøgd

Eg var til vegleiing torsdag, og vegleiaren var ikkje heilt fornøgd med oppgåva. Ein del av drøftinga likna særs lite på drøfting, så det har eg prøvd å gjere noko med no.

No er eg meir attende til den vanlege kjensla eg plar ha ved innleveringar; eg har ikkje peiling på om oppgåva er god eller dårleg, eg veit berre at ho snart er ferdig ...

onsdag, mai 23, 2007

Eg ser slutten

... på oppgåva. Det er ei veke og ein dag att til innleveringsdato, og i morgon skal eg på mi siste vegleiing. Eg håpar at vegleiar er samd med meg i at oppgåva ser (så godt som) ferdig ut. I så fall er det fint lite att å gjere, og det tyder at eg kanskje kan levera _før_ den 31. mai, noko som er ein fordel med tanke på stress og kø og mas dei siste dagane.

*krysse fingrar og tær*

tysdag, mai 15, 2007

Oppdatering

Chryslern kom heim att før helga, men trur du han hadde funne ut av motorproblema då? Nei, bilen hadde oppførd seg eksemplarisk kvar gong verkstadmannen hadde brukt han, men det vart nokre nye opphengskuler og bytting av styrestag eller noko sånt, og han vart litt tettare i styringa att. Ikkje rart ting rister laus når vi har nesten ein kilometer med dårleg vedlikehaldt kommunal grusveg ... Forresten har ikkje bilen vist teikn til åtferdsproblema sine att enno heller, så eg krysser fingrar.

I dag har eg vore på fagkonferanse i samband med sjukepleiardagen som var på laurdag. Godt å gjere noko anna enn å skriva bacheloroppgåve òg, og det var både artig og nyttig å vere på konferansen, så det var fornuftig tidsbruk, har eg funne ut.

I ettermiddag fekk eg endeleg lagt opp bunaden til Hulda, så snart kan17. mai berre koma.

fredag, mai 04, 2007

Meir bacheloroppgåve

Eg trudde eg hadde kome langt i oppgåva mi, då eg plutseleg oppdaga at det eg hadde gjort var direkte feil! Det eg trudde var drøfting, var slett ikkje det, det skulle inn i teorikapittelet, og det eg hadde skrive i teorikapittelet, høyrde ikkje heime nokon stad. Så då var det berre å fjerna ein 2-3000 ord, og byrja om att. *sukk*

Men det eg sletta frå oppgåva, er framleis lagra i tilfelle eg skal få bruk for det ein eller annan stad. Om ikkje anna lærte eg sikkert meir på det å skriva litt ekstra ...

onsdag, april 25, 2007

Bacheloroppgåve

I desse dagar skal det skrivast bacheloroppgåva. Eg synast eg tenkjer på oppgåva heile tida, men det er vanskeleg å samanfatta alt og få det ned på data. Eg har til no stort sett ferdigstilt dei to fyrste kapitla; innleiinga og metode-kapittelet. Innleiinga må sjølvsagt reviderast etter kvart, men i grove trekk har eg avgjort innhaldet iallfall. Så no er det berre det verste att; teorigrunnlaget, drøftinga og avslutninga.

Oppgåva skal leverast 31. mai, og, tru meg, det er ikkje så lenge til. Måndag skal eg på vegleiing, så vi får sjå om eg har vorte klokare etter det.

*attende til skrivinga*

(PS: Dersom eg framleis har vener og familie trass i grov vanskjøtsel i laupet av 3 år på skulen: Eg vil gjerne prata med dykk og sjå dykk att etter 31. mai ..!)

måndag, april 16, 2007

Jobbintervju

I dag har eg vore på mitt fyrste jobbintervju nokon sinne. Eg har søkt på stilling som sjukepleiar i Levanger kommune, og kom gjennom nålauget til intervjuet. Eg veit ikkje korleis det gjekk, men i følge intervjuarane (dei var tre!) hadde eg visst klart meg ganske bra. Men eg er usikker påom eg får stillinga, for det var mange godt kvalifiserte søkarar til ho. Vi krysser fingrar!

torsdag, april 12, 2007

Snart sjukepleiar ...

No er eg ferdig med min siste praksis! Hadde sluttevaluering i dag, og dette var faktisk den siste praksisen i heile studiet. Det einaste som står att no, er ein oppgåve relatert til psykiatrien, 4 dagar på skulen og dinest intensiv skriving av bacheloroppgåve.

Eg gler meg eigentleg til å skriva bacheloroppgåva, men samstundes er eg litt nervøs, for eg veit jo ikkje heilt kva som må til for å få den karakteren eg vil ha. Men det er vel berre å brette opp armane og setja i gong. 31. mai er innleveringsdatoen, og etter det skal eg freista finna ut om det er eit liv utanfor HiNT.

søndag, mars 25, 2007

Dagen i dag er byrjinga på morgondagen

Som student i psykisk helsevern fekk eg torsdag høve til å vere med på eit seminar i Trondheim. Tittelen var "Dagen i dag er byrjinga på morgondagen", og føredragshaldar var Arnhild Lauveng, forfattar og psykolog. Lauveng har mellom anna skrive boka "I morgen var jeg alltid en løve" som er ein sterk sjølvbiografi om korleis ho sjølv opplevde det å vere psykisk sjuk.

I føredraget hadde Lauveng fokus på korleis vi behandlar psykisk sjuke menneske, at vi ofte behandlar dei som diagnoser i staden for som menneske, og med mange gode eksempel kjente eg at ho iallfall tok meg på kornet, og truleg mange andre i salen òg. Og eg veit at mitt neste leseprosjekt (kanhenda det vert etter bacheloroppgåva) vert Lauvengs andre bok; "Unyttig som en rose".

Og for dei av dykk som ikkje har lese "I morgen var jeg alltid en løve": Gjer det!

søndag, september 10, 2006

Ut i praksis att

I morgon byrjar eg i praksis att. Dette skuleåret er 70% av tida vår tid me nyttar  ute i praksis. Eg er ikkje sikker på om eg gler meg eller gruar meg, men spennande vert det heilt sikkert.  Fyrste praksis er fram til 20. oktober, og etter det er det ei etterarbeidsveke på skulen før neste praksisperiode tek til. Eitt eller anna seier meg at eg kjem til å vera glad når eg får juleferie ...

fredag, juni 30, 2006

Skrytepost

I går fekk eg eksamensresultatet, og denne gongen er eg nøgd. Eg fekk B. :) Snittkarakteren i år var D, så det tyder vel at oppgåva mi var god. 2 personar hadde fått A og 19 hadde fått B. Litt interessant er det jo at av dei eg har prata med, er det vi med ein del ungar som har fått dei beste karakterane. Kanhenda er me meir strukturerte enn mange andre? Eller berre meir ærgjerrige? Vel, så lenge det funkar og gjev gode resultat, er eg nøgd.

torsdag, juni 08, 2006

Eksamen er levert

No har eg endeleg levert heimeeksamen! Kvar på ni i dag ga eg frå meg papira, og det kjennast godt. No er det berre å vente i tre veker på resultaten. Men frå og med i dag har eg faktisk SOMMARFERIE, og det er ei herleg kjensle. Eg skal lese mykje anna enn fag og slappe av og kvila meg opp til hausten, for då treng eg vel krefter til å byrja på det siste året i utdaninga.

Takk for alle gratulasjonar og gåver på bursdagen, det vart sett pris på sjølv om eg ikkje har gjeve lyd fra meg.

fredag, april 07, 2006

Travle dagar

No er eg attende i sjukehuspraksis att, etter nokre veker på skulen. Denne praksisen varer til slutten av mai, og rett etterpå er det eksamen. Må innrømma at det er slitsamt med praksis, loggar, oppgåver og så vidare. Du er ikkje på arbeid når du er i praksis. Du veit at kvar minste ting du gjer skal vurderast av fagpersonell rundt deg, sånår vakta er ferdig, er hovudet ofte tomt. :)

No har me påskeferie. Det vil seie, eg skal ha den obligatoriske studentnattevakta mi frå sundag til måndag, men etter det, erdet avslapping på høgt plan! Det ser eg verkeleg fram til.

laurdag, mars 25, 2006

Endeleg på nett!!

Då eg flytta,vart eg plutseleg utan breiband. Min tidlegare leverandør Bluecom kunne ikkje levera dit eg flytta, og då byrja panikken.

Etter mykje om og men, fann eg fram til ein leverandør, Tafjord Mimer (TM). Dei var særs hjelpsame, og onsdag denne veka dukka det opp to(!) møntørar som ordna breibandslina mi. Diverre hadde TM gløymd å senda meg ruter, men då eg sendte dei e-post om dette, sendte dei ruteren som bedriftspakke over natta. Torsdag dukka ruteren opp heime hjå meg, ei særs flott teknisk innretning som i tillegg til å vera eit modem òg skulle fungera som ein ruter for trådlaus tilknytting og IP-telefoni. Dette hadde jo vore ein genial måte å bli kvitthundrevis av ledningar på. Dersom den hadde virka som han skulle då, men det gjorde den jo ikkje. Etter mange,mange timar på telefon med TM både torsdag og fredag, vart løysinga til sist at dei skulle senda meg eit godt gamalt Zyxel-modem i staden, og det modemet vart levert på døra mi i dag. Så eg må innrømma at trass i nokre problem, er TM iallfall kjempeflinke til å finna raske løysingar når noko går gale. :)

fredag, januar 27, 2006

Medisinsk praksis

No har eg vore åtte veker i medisinsk praksis, og er ferdig med den biten av sjukepleiestudiet. Det har gått raskt, trass i at eg undervegs ikkje såg noko ende på det ...
Det har vore åtte spennande, interessante, utviklande og slitsame veker. Sjukepleiefagleg har eg utvikla meg enormt, men eg skal innrømma at eg har lært mykje om meg sjølv som person òg, og det er spennande, det! Eg har møtt mange, mange menneske med mange ulike lagnader, og det har rørt ved meg, både på godt og vondt.

Eitt veit eg etter desse åtte vekene; eg har funne ut kva eg skal bli når eg vert stor.

fredag, desember 02, 2005

Praksis på sjukehus

No har eg vore i sjukehuspraksis i to veker, og eg stortrivast! Eg er på hjarteavdelinga på Medisin B, og kvar dag er like spennande og interessant. Eg byrjar få taket på puls, blodtrykk og temperaturmålingar, eg kan samtala med pasientane utan å vere redd for å seie dumme eller gale ting, og eg er ganske godt kjent i avdelinga no. Frametter vert det mykje oppgaveskriving og slikt, men me er heldige og får juleferie allereie 16. desember.

onsdag, november 16, 2005

Spennande tider

No går eg spennande tider i møte. Neste veke byrjar min fyrste sjukehuspraksis, og eg har ikkje peiling på kva eg går til. Det er stort og skremmande med mange utfordringar, som til dømes korleis ein skal rekka over alt, korleis turnusen min vert oppsett, korleis me studentar vert mottekne i avdelinga, og sist men ikkje minst: Greier eg dette? Har eg det som skal til for å vera ein god sjukepleiar? Eg er spent, særs spent. Men eg gler meg litt òg då. :)