onsdag, oktober 25, 2006

Påminning

Stø kampen mot brystkreft!
Denne kreftforma er den som kvinner i Noreg vert hyppigst råka av, og statisktisk vil ei av tolv kvinner få brystkreft.
Di raskare ein oppdager at ein har brystkreft, di betre er prognosane.
Raud sløyfe-aksjonen skal visa solidaritet med brystkreftramma og i tillegg vere ein måte å samla inn pengar til forsking og brystkreftrelaterte prosjekt på. Dette er difor ei oppmoding til dei som enno ikkje har handla ei sløyfe; løp og kjøp!

torsdag, september 21, 2006

Sundagstur


Sist sundag var me på tur til Roknesvollen. Veret var strålande og me storkosa oss! Årsaka til at det vart denne turen nettopp denne dagen var at Tor Inge vart 35 år, og når han fekk avgjera kva me skulle gjere, vart det naturleg nok ein tur.

Det er omlag to kilometer frå parkeringa til Vollen, og som biletet syner; Even traska og gjekk. Han var sliten på heimturen, men han greide alt på eigne bein. Hulda og Linn-Therese møtte me ikkje att før me kom fram til Vollen, for dei forsvann nesten rett etter at me hadde byrja turen. Det er fine stiar innover, og det kjennast trygt og godt å la ungane utfalda seg litt og springa som dei sjølv vil.

Vel framme drakk vi kakao og kaffi og elda bål og grilla pølser og ostesmørbrød. Foreldra til Tor Inge vart òg med på turen, og det vart ei triveleg stund for oss alle.

søndag, september 10, 2006

Ut i praksis att

I morgon byrjar eg i praksis att. Dette skuleåret er 70% av tida vår tid me nyttar  ute i praksis. Eg er ikkje sikker på om eg gler meg eller gruar meg, men spennande vert det heilt sikkert.  Fyrste praksis er fram til 20. oktober, og etter det er det ei etterarbeidsveke på skulen før neste praksisperiode tek til. Eitt eller anna seier meg at eg kjem til å vera glad når eg får juleferie ...

fredag, september 01, 2006

September ...

Det har allereie vorte september. Sommaren gjekk raskt i år òg. Men eg er heldigvis litt haustmenneske, så eg gler meg til haustfargane, dei klåre haustdagane og stormane som gjer det godt å vere inne.

laurdag, juli 22, 2006

Ønskereprise

Eg hadde ei posting her, der eg trudde eg hadde posta bilete av Hulda som lastebilsjåfør i familieparken, men neidå. Difor prøver me att med eit par bil-bilete frå Hunderfossen.

Hulda tok "lappen" både for liten bil og lastebil, men eg er stygt redd ho er eit råskinn bak rattet. Då ein medtrafikant vart for treig opp ein bakke med lastebilen sin. køyrde ho like godt inn i han og ga han litt fart ...
Posted by Picasa

Ferietur til Hunderfossen

Eg, Hulda og Tor Inge har vore på ferietur til Hunderfossen familiepark. På turen nedover køyrde vi over Folldal til Ringebu, og desse bileta er tekne på den turen. Det var eit spennande landskap, og for oss vart turen meir spennande enn om me berre hadde køyrd direkte. Dessutan er Hulda verdas mest tolmodige unge på biltur. Ho klaga ikkje ein einaste gong, men ho sov litt innimellom, og det var kanhenda ikkje så rart, for då me tok inn på campinghytte for kvelden, fann me ut at ho hadde feber, stakkar. Men ho vart bra att til dagen etter, heldigvis.


Posted by Picasa

onsdag, juli 12, 2006

Test II

Tankar ved eit tastatur: Testing av Performancing synte meg at skriftstorleiken vart for liten, men no testar me att, for å sjå om eg har retta det opp, og for å undersøka om det er så enkelt å laga lenker i Performancing som eg trur det er. :)

Testing av Performancing

Takka være bror Lasse, fann eg ut at eg ville prøva Firefox, og med Firefox, kom det og ein masse anna "dill" som eg er nøydd til å testa. Ein av desse tinga er programmet Performancing, som skal gjere det enklare å blogga. Og det må naturleg nok prøvast i praksis, så dette er ein testpost.

fredag, juni 30, 2006

Skrytepost

I går fekk eg eksamensresultatet, og denne gongen er eg nøgd. Eg fekk B. :) Snittkarakteren i år var D, så det tyder vel at oppgåva mi var god. 2 personar hadde fått A og 19 hadde fått B. Litt interessant er det jo at av dei eg har prata med, er det vi med ein del ungar som har fått dei beste karakterane. Kanhenda er me meir strukturerte enn mange andre? Eller berre meir ærgjerrige? Vel, så lenge det funkar og gjev gode resultat, er eg nøgd.

tysdag, juni 27, 2006

Vedarbeid

Sommarferie er fint, og måndag ettermiddag nytta me til og med til noko fornuftig. Vinterveden som Tor Inge tidlegare har kappa, vart klyvd, og no ligg veden og tørkar og ventar på å koma i hus. Stor takk til mannen som truleg er verdas greiaste husvert. Han har lånt bort vedmaskin og traktor, og det er på hans eigedom trea har vore tidlegare. Som de ser, syntest Even det var stor stas med traktoren, men han gjorde litt nytte for seg og bar ved innimellom han òg. Posted by Picasa