fredag, januar 26, 2007

Livet går faktisk vidare

No har eg av naturlege årsaker ikkje oppdatert bloggen på ei stund, men dagane og livet går faktisk vidare. Mamma vart gravlagt frå Sakshaug kyrkje fredag 12. januar, og nettopp denne dagen braut sola igjennom det tunge skydekket over Trøndelag. Det vart ei gravferd eg veit var i mamma si and; i kyrkja var det høgtid og gråt, men på minnesamværet fann me fram alt det gode og kunne til og med både smila og le litt.

Eg har fått så mange helsingar, både blomar, e-postar, telefonsamtalar og sms, og til dei som eg ikkje har takka enno; eg er særs takksam for at de tenkjer på oss. Det har vore, og er framleis, tunge dagar. Sjølv om det er livets gang at ein skal miste foreldra sine, vert det eit enormt tomrom etter nokon som alltid har vore der, og mamma hadde den eigenskapen å alltid vere til stades for oss andre. Uansett kor sjuk ho var, så tenkte ho på andre, og det gjer at saknet blir så stort. Samstundes; det at saknet er stort, tyder at ho har hatt stor plass i hjartene våre, og det skal me vera glade for.

Eg er òg takksam for at høgskulen min har teke godt vare på meg, eg kjenner ikkje noko stress i høve til at eg ligg litt på etterskot med noko. Eller som læraren min sa i dag; "du skal ikkje seie at du er på etterskot, du har gjort det som er naudsynt i situasjonen, skulearbeidet rekk du alltids å gjere noko med seinare". Og det skal eg nok, eg kjenner at det er tid til det no snart.

måndag, januar 08, 2007

Mamma


Mi kjære, gode, tapre mor døydde natt til laurdag etter fleire års kamp mot kreftsjukdommen. Dei siste åra har det vore mange turar inn og ut av sjukehuset for mamma’n min, og no, berre nokre dagar inn i det nye året, måtte sjølv ho gje tapt. Mamma var på sjukehuset då ho døydde, og ho somna stilt inn med sin trufaste ektemann Oddvar ved sida si.

Midt oppe i dette, vart Hulda 8 år og Even 4 år, og for deira skuld har me feira bursdag trass i sorga, så her kjenner me sanneleg at orda til salmediktaren Kingo gjer seg gjeldande når han seier at ”sorgen og gleden de vandrer til hope, lykke og ulykke kommer på rad”.

Kva det tyder for meg å ha mist mamma er enno alt for stort til at eg kansetja ord på tankane, men eg kjenner meg takksam for at mamma hadde det godt dei siste timane. Ho var særs godt smertelindra, og sjukepleiarane på sjukehuset på Levanger har vore fantastiske mot både mamma og oss som var rundt ho.

Til minne om mamma vil eg sitera eit av dei vakre dikta hennar. Ho har sjølv stått ved mangt eit dødsleie, og i diktet ”Avskjed” skildrar ho det så vakkert og sant.


Så vart og vakkert
kan døden komme,
så mildt og høytidsfullt
som en venn.
Du visste godt at
din tid var omme,
at slutten nærmet seg
så smått om senn.

Du ynket litt
med urolig mine
og vi ble redd
at du lå og led,
men da vi hender
la over dine
og leste "Fader Vår"
fikk du fred

Ved siste sukk
ble du rent forklaret
ditt ansikt strålte
i fredfull ro
vi følte savnet
og visste svaret;
nå gikk du over
din siste bro …

Og det var tårer
og sorg og vemod
slik har det vært
og slik vil det bli.
Da ble det kviskra
i stille høytid:
No veit ho "Go'mor" snart
Litt meir enn vi -.


Takk, mamma, for alt det du var. No har du gått over di siste bru. Eg saknar deg enormt.