fredag, januar 26, 2007

Livet går faktisk vidare

No har eg av naturlege årsaker ikkje oppdatert bloggen på ei stund, men dagane og livet går faktisk vidare. Mamma vart gravlagt frå Sakshaug kyrkje fredag 12. januar, og nettopp denne dagen braut sola igjennom det tunge skydekket over Trøndelag. Det vart ei gravferd eg veit var i mamma si and; i kyrkja var det høgtid og gråt, men på minnesamværet fann me fram alt det gode og kunne til og med både smila og le litt.

Eg har fått så mange helsingar, både blomar, e-postar, telefonsamtalar og sms, og til dei som eg ikkje har takka enno; eg er særs takksam for at de tenkjer på oss. Det har vore, og er framleis, tunge dagar. Sjølv om det er livets gang at ein skal miste foreldra sine, vert det eit enormt tomrom etter nokon som alltid har vore der, og mamma hadde den eigenskapen å alltid vere til stades for oss andre. Uansett kor sjuk ho var, så tenkte ho på andre, og det gjer at saknet blir så stort. Samstundes; det at saknet er stort, tyder at ho har hatt stor plass i hjartene våre, og det skal me vera glade for.

Eg er òg takksam for at høgskulen min har teke godt vare på meg, eg kjenner ikkje noko stress i høve til at eg ligg litt på etterskot med noko. Eller som læraren min sa i dag; "du skal ikkje seie at du er på etterskot, du har gjort det som er naudsynt i situasjonen, skulearbeidet rekk du alltids å gjere noko med seinare". Og det skal eg nok, eg kjenner at det er tid til det no snart.

Ingen kommentarer: