torsdag, oktober 11, 2007

Boka til mamma

Som de veit, gjekk mamma bort 6. januar i år. Ho var eit skrivande menneske, og etterlet seg mange dikt som ho drøymde om å gje ut i bokform ein dag. Og veit de kva? Oddvar, min kjære stefar, har no bestemt at dette skal setjast ut i livet. Det einaste som står att no, er å sortere nokre av teikningane før materialet skal leverast til trykkjeriet. Eg er så stolt!

I og med at Oktober er "brystkreftmånaden" får de her ein smakebit av eit av mammas dikt ssom handlar om korleis ho opplevde det å få brystkreft.

Kreft

Eg saknar eit bryst
før hadde eg to,
men kreften tok frå meg
det eine

Vonløysa lura - lokka og dro,
eg undra; koss vert det
å leva no
eg kjende meg stengd
og åleine.

Men tida ho sveiv
sitt store hjul
og synte meg fleire
som streva.

Somme kava "for salt og sul"
mens andre mest kvomna
og kraup i skjul
men alle så freista
dei leva -.

No takkar eg livet
- eg er som eg er
og kring meg veks liv
eg får dela.

Eg ser på dei hine
og har dei kjær
Dei ler og dei gret
og dei er meg så nær!
_ _ _

Og meg kunne hendt
det som verre er;
- eg kunne mist noko
av sjela - - .

Hjørdis Gausen Renli

NB: Ikkje bruk dette diktet utan å spørje om lov!

11 kommentarer:

Lise sa...

Så vakkert et dikt! selv om det også er trist. Lykke til med bokutgivelsen, mamma`n din hadde nok vært stolt! :-)

HildeS/Frøken Fryd sa...

Hei hei, og tusen takk for hyggeleg kommentar hos meg. Det er alltid kjekt når nokon "nye" finn fram til akkurat min blogg, og nå ekk eg kikke innom til deg også:o)
Så nydeleg dikt mamma di har skrevet, og så flott at dei skal komme ut i bokform.Ho hadde nok vore stolt, og det kan du også vere:o)
Det er vont å miste mamma si, det veit eg. Mi døydde for 17 år siden. Den verste smerta gir seg med åra, men savnet er der alltid.
Det var masse flotte bilder på bloggen din av både 2 og 4 beinte. Stakkars vofsen din, det såg ikkje godt ut å vere så redd. Håpar det går fint med henne nå.
Eg har linka deg også:o)
Ha ei fin helg.

Anonym sa...

Så fint!

Anonym sa...

Dette hadde jeg ikke lest før, det er utrolig bra.

Kristindama sa...

Sterkt og vakkert dikt. Det blir en bok jeg kommer til å ønske meg.

Anonym sa...

Så bra at boka hennes kommer ut til slutt!

Berit T sa...

Så nydelig dikt, og så flott at det blir bok av det.
Ja det er vondt å miste mammen...
Saknet og tankane om hvordan det hadde vært i dag om hun hadde vært her, sett slekta som hadde økt osv.
Blir ganske sentimental....

Gled deg over de fine diktene som mammen din har skrevet, og at vi også får ta del i de!

Håper det går bra med hunden din, den var så flott!!!

Monica sa...

Kikka: Det er notert! ;)

Betty Boom sa...

Vakkert!

Tusen takk.

Betty

Anonym sa...

jeg å lager dikt mamma men mormor sine er vakrere




sola

sola kommer
sola går
sola er
her neste
år

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.