måndag, desember 03, 2007

Even sin lykkedag

I barnehagen til Even har dei pepparkake-kalender. I fjor gjekk det så vidt eg hugsar ganske langt ut i desember før Even fekk kake, men i år vart det rettare. Då eg henta han i dag, viste han stolt fram denne pepparkakemannen! Det einaste som fekk han frå å ete den opp på heimturen, var at eg skulle ta bilete, men som de ser var det vanskeleg å halda fingrane unna sjølv den korte stunda. Eg og Hulda fekk og smaka, og på kjøkkenet ligg det to små bitar som skulle vere til Tor Inge når han kjem frå arbeid i kveld.

Forresten: Eg set stor pris på kommentarar frå alle som er innom, og må innrømma at eg er litt fornærma over gjengen på Lovund som har vore innom seinast i dag utan nokon gong å leggje att kommentar. Eg ser dykk nok! Hah!! ;)

4 kommentarer:

Cloudberry sa...

Flott pepperkakemann ;)
Skjønner godt at det var vanskelig å vente.

Lise sa...

Førjulstiden er den aller beste tiden i året synes jeg. Alt er så koselig! :-) Lykken hadde vært ennda bedre uten en eksamen hengende over hodet.. *sukk* Men snart er den over! Ha en koselig førjulstid! :-D

Anonym sa...

Jeg trodde det var lov å "smuglese" på sånne sider, men du får jo med deg alt. Det er veldig artig å se hva dere gjør i adventstiden. Jeg skulle gjerne ha vært der og smakt på pepperkakemannen:) Nå har jeg vært veldig tøff, synes jeg, som har prøvd noe så skummelt som å skrive en kommentar!

Monica sa...

Hihi! Hei, Ingvild! Eg greide å lokka deg fram, ja! No var du kjempetøff synast eg! Men jaudå, det er lov å smuglesa, men då Lovund gong på gong dukka opp på oversikta over kor dei besøkande kom frå, måtte eg nesten gje frå meg eit pip. Men eg skal ikkje "henge ut" deg eller andre meir. Kross på halsen! :)