tysdag, desember 04, 2007

Julekakebaking

Medan ungane var på skule og i barnehage i dag, laga eg deig til "kvitkjeks" og serinakaker.


Denne boksen er eit kjært barndomsminne. Den kosta som de ser kr 28,40 på Epa, og det må vere mange år sidan! Boksen har vore "kvitkjeksboks" så langt attende eg kan hugsa, og den tradisjonen tenkjer eg å halda i hevd.





Ungane er i full gang med å stikke ut figurar. Vi var alle tre kledd i forklær mamma har sydd. Det forkleet Even har på vart faktisk sydd til meg for rundt 25 år sidan ...


(Dersom du klikker på eit bilete, kjem du forresten til ei side med større utgåver av alle desse bileta.)



Her er det serinakakene som står for tur!

Diverre vart dei ingen suksess. Eg trur eg var litt vel raus med den flytande margarinen, men det skal eg notera meg til neste år. Serinakakene vart nemleg meir som serinapletter enn kaker, men smaken var iallfall bra!



Slik skal boksen sjå ut i denne søte adventstid! Og eg må innrømma at eg er glad eg slo frå meg tanken på å doble mammas gamle oppskrift, for deigen ga desse kakene:

Planen er at vi kan ete opp kakene frå den fremste boksen, medan kvitkjeksboksen skal vere urørt. Så no må du skunde deg på besøk, pappa! Kvitkjeksene smaker nett som dei skal!



Mamma Hjørdis si oppskrift på kvitkjeks/kakemenn/spekulasi:

4 koppar sukker
1/2 kopp smør
-Rørast kvitt

Sett til:
1 kopp mjølk
1 kopp vatn
4 toppa ts vaniljesukker
4 ts hjortesalt
og den noko kryptiske:
Mjøl til passe deig

Deigen skal vere litt klissen og kan gjerne stå ei stund og godgjere seg. Viss du har i for mykje mjøl, blir kakene sprø, og det skal dei helst ikkje vere.

Steik midt i omnen i 8 minutt på 180 grader.



Til Barne-TV vart det prøvesmaking og julebruskos. Julebrusen var forresten restane etter første søndag i advent, men ungane syntest tydelegvis den var like god etter å ha stått opna i kjøleskåp i to dagar.


To fornøgde ungar på den fyrste julekakebakedagen vår:

8 kommentarer:

Anonym sa...

For noen herlige barn du har!!! Og det ser ut som dere koser dere veldig med bakinga!
Ha ei fin førjulstid :)

Anonym sa...

Åh sånne hvite "kakemenn" har jeg ikke laget siden guttungen var liten, og det er lenge siden det....og de var gode. Hmm kanskje jeg skal prøve meg på de i år?

Miss Marples blogg

Anonym sa...

Kommer snart!! La det bli igjen noen

Monica sa...

Hihi! Jada, skal spare til deg, pappa! :) Eg veit jo du dukkar opp før jul ein gong.

Cloudberry sa...

Å, eg må se å komme igang med litt baking her og ;)Kvitkjeks - eller spekelasi som vi kaller det er jo så godt!

Flotte unger du har!

Monica sa...

Kanskje det hadde vore lurare å venta litt elngermed bakinga? Den raude "ete før jul"-boksen er snart tom ... Men då byrjar vi på den kvite, trur eg. Småkaker smakar best før jul ;)

Anonym sa...

Jeg lurer på om dere kan sende noen kaker til oss på Lovund? Vi er veldig glade i kaker, men er ikke så glade i å bake...De så kjempegode ut!

Monica sa...

Ingvild: Skal prøve å spara nokon til mellomjula, eg, viss de kjem då? :)