onsdag, september 12, 2007

Bake bake bake

I går fann eg ut at det var på tide å baka brød att. Det går relativt store mengder brød her i huset, og eg likar godt å baka dei sjølv. Eg er ikkje sikker på om eg sparer pengar på det, men den store fordelen i mine auge er at brødet smakar betre, det er litt meir næring i det og ikkje minst; eg veit kva vi får i oss når eg sjølv har bakt. (Dessutan får eg godt samvit og kjenner meg som ei Flink Mor ...)

Brødet de ser her, har tre "sysken" lenger borte på benken. To brød går rett i frysaren, og to vert ikkje frose.

I går kveld, fekk eg lyst på sjokoladekake. Då eg var lita, baka mamma fleire gonger sjokoladekake til laurdagsgodt. Eg syntest det var heilt topp. Fyrst i vaksen alder har eg forstått at det var eit økonomisk spørsmål ...

Men iallfall; mamma bakte sjokoladekake, og kaka var usannsynleg god! Då eg vart eldre (og familieøkonomien hadde betra seg), etterlyste eg denne kaka, men mamma greidde ikkje å hugsa kva for kake eg meinte. Ho prøvde mange ulike oppskrifter, men trefte aldri på Den Kaka. Fyrst i går kom eg på det; høgst sannsynleg var det ei formkake med kakao ho bakte! Eg googla og på Det søte liv fann eg ei Ingrid Espelid-oppskrift. Denne kaka heiter opprinneleg "formkake med kakao". Eg kasta meg over prosjektet, og sanneleg; dette var kaka. Sprø og nydeleg skorpe, ikkje for søt og ikkje for tung. Diverre vart ho ikkje så fin, men smaken var perfekt. Tre store stykke gumla eg i meg medan eg såg Medium i går kveld. Oppskrifta er såre enkel:

125 g smør
2 dl sukker
2 egg
2 ss kakao
2 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
150 g kveitemjøl
1 dl mjølk


Rør saman smør og sukker. Pisk inn eitt og eitt egg. Sikt saman det tørre, og vend inn det tørre og mjølka vekselvis. Dessutan skal ein visst ikkje røra for mykje (kvifor ikkje? Vert kaka tung då?). Ha deigen i ei godt smurt form. Eg nytta ei av mine vanlege brødformer, og i tillegg la eg eit bakepapir i botnen. Steik på 175 grader på nedste rille i ca 50 minutt. Test med strikkepinne (eller liknande) at kaka er gjennomsteika. La stå eit par minutt før du kvelvar ho ut av forma. Nytast med eit glas kald mjølk eller ein kopp kaffi. (I og med at kaka var ferdig så seint, vart det mjølk her i huset, og det gav skikkeleg flashback av barndomsminne) Nokon som vart inspirerte no? :)

5 kommentarer:

Linda Katrine sa...

Brødet du har bakt ser bedre ut enn mitt, for mitt blir så tungt.
(Jeg skjønner jo det må være fordi jeg har i veldig mye grovt, og lite vanlig mer, meen:p)

Og det er skikkelig bra du fant den kaka du lette etter, det er koselig med sånne minner :)

Synnøve sa...

Kjære vene, kan du sende litt av energien din til meg, du kan da umulig ha bruk for alt... Kjmpeflotte brød du baker, frykter for at din far kommer til å spørre om oppskrifta!

Monica sa...

Synnøve: Denne veka kan du neppe få noko av energien, for eg skal arbeida i kveld og heile helga, så det som er att no, treng eg nok sjølv. Neste veke skal eg arbeida ein dag og vere to dagar på kurs. Det gjer eg meg til! :)Og brødoppskrifta er mykje av "man tager hva man haver", så viss han vil ha ho, må han koma hit og gå i lære. ;)

Linda Katrine: Du har kjøkkenmaskin, har du ikkje? Elt deigen leeenge og la den heve eit par gonger (slå den ned mellom kvar gong). Kan hende det vert eit lettare brød då. :)

Hege sa...

Den kaka så veldig go ut! Tror det må bakes sjokolade kake her i huset også ;)
Ha ei flott helg!

Sølvi sa...

Takk for kakeoppskrifta, den skal prøves