laurdag, mars 17, 2007

Sofa


Eg har lenge irritert meg over den sofaen vi hadde. Ikkje var den spesielt fin, og ikkje var den god å ligga eller sitja i. Difor har eg lenge tenkt på å bytta ut han, og takka vere ein annonse på finn.no vart det endeleg ei råd, så i dag kom ein ny (brukt) sofa inn i huset, og stova vart som ny!

Einaste ulempe er at det no har vorte ganske strenge restriksjonar på kva ein til dømes kan ete i sofaen. Ikkje meir kveldsmateting medan ein ser barne-tv, men ungane synstest òg sofaen vart fin, så det har ikkje vorte lagt inn protest mot restriksjonane enno ...

2 kommentarer:

Anita sa...

Grattis med ny sofa!!
Va der å såg den og den va fin ja ;-)
Såg knapt brukt u så der va dokk heldig og gjor at bra kjøp....
Talast

Kos fra oss aill

Anita sa...

Eh...
Brukt uT(TTTT)
Går litt fort i svengan innimellom 7h;-)