måndag, juni 11, 2007

Bursdagsfeiring

Eg har hatt litt motstridande kjensler til datamaskina mi etter innspurten med bacheloroppgåva, og når det i tillegg har vore ei veke samanhengande med finver i Trøndelag, har bloggen vore det siste eg har hatt i tankane. Men eg har lovt å fortella om Den Store Dagen, og då meiner eg bursdagen, sjølv om det har vore fleire (mellom anna avslutninga etter oppgåveinnlevering, fyrste dag i ny jobb osb.)

Bursdagen min feira eg i lag med Tor Inge. Dagen byrja med gåveopning; Lasse og Ellen og ungane hadde sendt ei flott veske som eg tok i bruk med ein gong, og frå Ketil og Kari med famile fekk eg ei bok om "språkblomster" samla og nedteikna av Per Egil Hegge. Pappa og Synnøve hadde sett inn gåve på kontoen min, så dei betalte for bursdagsmiddagen seinare på kvelden. Dinest såg eg i Trønderavisa at eg vart 30 år (Tor Inge hadde sendt inn bilete og gratulasjon), og det var det visst mange som hadde sett, for så mange telefonar og tekstmeldingar trur eg aldri at eg har fått før.

I halv elleve-tida køyrde vi til Trondheim. Vi hadde leigd rom på Britannia Hotell frå laurdag til sundag. Det har vore min draum i 20 år å bu på nettopp det hotellet, så no syntest vi det var på tide. Då vi kom fram, vart eg gratulert med dagen, og vi tinga bord (via resepsjonen) på Jonatan til klokka 20 same kveld, og gjekk opp på rommet og pakka ut. Det er forresten utruleg mykje ein kan greie å ta med seg for ei einaste overnatting, men eg meiner det er betre å ha med for mykje enn forlite, spesielt når ein ikkje skal på fottur.

Etter innsjekking, traska vi rundt i Trondheims gater. Sommaren hadde kome, og det var fantastisk å gå i den byen eg er så glad i istrålande solskinn. I Ravnkloa tok vi årets fyrste kafé-utepils. Og det klokka to på dagen! Ikkje normalkost for oss som for det fyrste har mange ungar og for det andre bur i litt for lang gangavstand til næraste kafé.

Etter utepilsen tråla vi byen på kryss og tvers, og eg trur ikkje Tor Inge visste kor mange små og spennande butikkar eit kvinnemenneske kan finna på nokre få timar, men det var min bursdag, og han gjekk utan å mukka i alle butikkane.

Då vi kom attende til hotellet, møtte dette oss på bordet på rommet:
Ei halv flaske rødvin og gratulasjonar frå resepsjonen. Innhaldet i flaska vart fortært i badekaret; rein nyting ... Og ein fantastisk gest frå hotellet!

Klokka 20 gjekk vi ned på Jonatan. Der fekk me eit koseleg lite bord, og valde oss timianstekt biff frå menyen. Maten, omgivnadene og servicen var heilt topp! Til dessert valde Tor Inge vaniljebakt ananas og eg ville ha Creme Bruleé. Då desserten min kom på bordet, var han pynta med ein sterkt lysande isfakkel, og den vart servert med gratulasjonar frå servitøren. Sjølv eg vart litt forlegen med det same, men det gjekk raskt over. Alle ved naboborda gratulerte, og det vart rett så triveleg. Etterpå såg me på rekninga at desserten min hadde vore på huset si rekning, og då vart jo gleda endå større!

Kvelden vart avslutta i ro og mak på hotellrommet slik at me var opplagte til frukosten i Palmehaven dagen etter, og det trur eg er den mest fantastiske hotellfrukosten eg har ete så langt. Ein ting er iallfall sikkert; det vert fleire overnattingar på Britannia!

Elles: Bursdag har vore feira meir eller mindre heile veka, og det har kome gåver i fleng. Mellom anna desse: Frå Tor Inge og ungane fekk eg Bergansjakke (bukse er òg med i gåven, men dei hadde ikkje storleiken min i butikken. Slik er det å vere xtra small dame), og det er noko eg har ønska meg leeeenge, Oddvar ga meg ei bok om livet; "Det skal merkes at vi lever" av Johannes Møllehave og Benny Andersen, og laurdag 9. juni feira vi dagen min i lag med svigerfamilien, og sanneleg kom det ikkje gåver då òg! Alt frå Sheridan likør via turkis pute til slumreteppe og kjøleskapsmagnet. Eg er kjempefornøgd, og spekulerer på om eg skal feira 30-årsdag kvart år ...

(Og dersom nokon undrar over mangel på bilete: Eg trur eg ga kameraet ferie i lag med datamaskina. Biletet over er teke med mobilen)

Takk til alle som gjorde dagen (eller dagane) min flott!

Ingen kommentarer: