torsdag, juni 14, 2007

Ridande rytter til hest

Even har prata om hest leeenge, og han har hatt lyst til å ri. Gjett om han vart glad då Tvistvold barnehage skulle på tur heim til den eine assistenten i barnehagen og ri på nordlandshest?

Må innrømma at eg var litt skeptisk til om Even var så tøff som han ga inntrykk av, så eg ba pent om å få lov å koma og sjå på når han rei. Det fekk eg, og sanneleg; guten var ein tøffing han! Det vart to turar på han, på to ulike hestar, og han såg eigentleg ut som om han passa på hesteryggen. Trur nok dette vert noko å bygga vidare på frametter!

3 kommentarer:

Anita sa...

Nei så søt og tøff han va gogutn;-))
Såg jo ut som han va født te å ri der gutn der, så liten og allikavæl så stor oppå hestryggen...

Hælgahælsning og stor kos fra oss på Mære

hulda sa...

han ser ut som en coboy

hulda sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.