torsdag, april 12, 2007

Snart sjukepleiar ...

No er eg ferdig med min siste praksis! Hadde sluttevaluering i dag, og dette var faktisk den siste praksisen i heile studiet. Det einaste som står att no, er ein oppgåve relatert til psykiatrien, 4 dagar på skulen og dinest intensiv skriving av bacheloroppgåve.

Eg gler meg eigentleg til å skriva bacheloroppgåva, men samstundes er eg litt nervøs, for eg veit jo ikkje heilt kva som må til for å få den karakteren eg vil ha. Men det er vel berre å brette opp armane og setja i gong. 31. mai er innleveringsdatoen, og etter det skal eg freista finna ut om det er eit liv utanfor HiNT.

måndag, april 09, 2007

Nerd!

Bror min, Lasse, hadde teke ein nerdetest og nyfiken som eg er, måtte jo eg òg gjere det. Resultatet vart skremmande:

I am nerdier than 82% of all people. Are you nerdier? Click here to find out!

søndag, mars 25, 2007

Tilfeldigheitar ..?

Av ein eller annan årsak, gjekk eg i fleire dagar i dei to føregåande vekene og tenkte på Kirsti, som eg budde i kollektiv i lag med for ti år sidan. Eg undra meg litt over kvifor i all verda ho tok så mykje plass i hovudet mitt, men då eg var på seminar fekk eg det eg meiner eg forklaringa, for der, mellom eit par hundre menneske, såg eg plutseleg nettopp Kirsti. Vi fekk oss ein god lunsj i lag, og det var artig å møta att eit menneske som tydde så mykje for meg då me budde i lag.

Dagen i dag er byrjinga på morgondagen

Som student i psykisk helsevern fekk eg torsdag høve til å vere med på eit seminar i Trondheim. Tittelen var "Dagen i dag er byrjinga på morgondagen", og føredragshaldar var Arnhild Lauveng, forfattar og psykolog. Lauveng har mellom anna skrive boka "I morgen var jeg alltid en løve" som er ein sterk sjølvbiografi om korleis ho sjølv opplevde det å vere psykisk sjuk.

I føredraget hadde Lauveng fokus på korleis vi behandlar psykisk sjuke menneske, at vi ofte behandlar dei som diagnoser i staden for som menneske, og med mange gode eksempel kjente eg at ho iallfall tok meg på kornet, og truleg mange andre i salen òg. Og eg veit at mitt neste leseprosjekt (kanhenda det vert etter bacheloroppgåva) vert Lauvengs andre bok; "Unyttig som en rose".

Og for dei av dykk som ikkje har lese "I morgen var jeg alltid en løve": Gjer det!

laurdag, mars 17, 2007

Sofa


Eg har lenge irritert meg over den sofaen vi hadde. Ikkje var den spesielt fin, og ikkje var den god å ligga eller sitja i. Difor har eg lenge tenkt på å bytta ut han, og takka vere ein annonse på finn.no vart det endeleg ei råd, så i dag kom ein ny (brukt) sofa inn i huset, og stova vart som ny!

Einaste ulempe er at det no har vorte ganske strenge restriksjonar på kva ein til dømes kan ete i sofaen. Ikkje meir kveldsmateting medan ein ser barne-tv, men ungane synstest òg sofaen vart fin, så det har ikkje vorte lagt inn protest mot restriksjonane enno ...

tysdag, februar 13, 2007

Dagens overskrift

Nasjonalt folkehelseinstitutt har den beste overskrifta eg har sett på ei stund, når dei i ein artikkel skriv at "Behandling av depresjoner kan forebygge selvmord". Eg skjønar at det kanskje har mangla prov, men eg må innrømma at eg trudde generelt det var deprimerte personar som stod i fare for å ta sitt eiget liv, og at det difor var ganske logisk at me ved å hindra depresjon òg ville forebygga sjølvmord ..?


torsdag, februar 01, 2007

Kvinner er frå Venus ..?

Eg fann ut at Lasse visstnok er frå Jupiter, og då måtte eg jo testa meg sjølv òg ...

You Are From Mars

You're energetic, althletic, and totally hyperactive.
You love playing sports and being in the middle of all of the action.
You're independent, corageous, and brave. Unafraid to do things your way.
Mars can be reckless, quick tempered, and a little too spontaneous.
So think before you act - and resist your natural urges to dominate others.

fredag, januar 26, 2007

Livet går faktisk vidare

No har eg av naturlege årsaker ikkje oppdatert bloggen på ei stund, men dagane og livet går faktisk vidare. Mamma vart gravlagt frå Sakshaug kyrkje fredag 12. januar, og nettopp denne dagen braut sola igjennom det tunge skydekket over Trøndelag. Det vart ei gravferd eg veit var i mamma si and; i kyrkja var det høgtid og gråt, men på minnesamværet fann me fram alt det gode og kunne til og med både smila og le litt.

Eg har fått så mange helsingar, både blomar, e-postar, telefonsamtalar og sms, og til dei som eg ikkje har takka enno; eg er særs takksam for at de tenkjer på oss. Det har vore, og er framleis, tunge dagar. Sjølv om det er livets gang at ein skal miste foreldra sine, vert det eit enormt tomrom etter nokon som alltid har vore der, og mamma hadde den eigenskapen å alltid vere til stades for oss andre. Uansett kor sjuk ho var, så tenkte ho på andre, og det gjer at saknet blir så stort. Samstundes; det at saknet er stort, tyder at ho har hatt stor plass i hjartene våre, og det skal me vera glade for.

Eg er òg takksam for at høgskulen min har teke godt vare på meg, eg kjenner ikkje noko stress i høve til at eg ligg litt på etterskot med noko. Eller som læraren min sa i dag; "du skal ikkje seie at du er på etterskot, du har gjort det som er naudsynt i situasjonen, skulearbeidet rekk du alltids å gjere noko med seinare". Og det skal eg nok, eg kjenner at det er tid til det no snart.

måndag, januar 08, 2007

Mamma


Mi kjære, gode, tapre mor døydde natt til laurdag etter fleire års kamp mot kreftsjukdommen. Dei siste åra har det vore mange turar inn og ut av sjukehuset for mamma’n min, og no, berre nokre dagar inn i det nye året, måtte sjølv ho gje tapt. Mamma var på sjukehuset då ho døydde, og ho somna stilt inn med sin trufaste ektemann Oddvar ved sida si.

Midt oppe i dette, vart Hulda 8 år og Even 4 år, og for deira skuld har me feira bursdag trass i sorga, så her kjenner me sanneleg at orda til salmediktaren Kingo gjer seg gjeldande når han seier at ”sorgen og gleden de vandrer til hope, lykke og ulykke kommer på rad”.

Kva det tyder for meg å ha mist mamma er enno alt for stort til at eg kansetja ord på tankane, men eg kjenner meg takksam for at mamma hadde det godt dei siste timane. Ho var særs godt smertelindra, og sjukepleiarane på sjukehuset på Levanger har vore fantastiske mot både mamma og oss som var rundt ho.

Til minne om mamma vil eg sitera eit av dei vakre dikta hennar. Ho har sjølv stått ved mangt eit dødsleie, og i diktet ”Avskjed” skildrar ho det så vakkert og sant.


Så vart og vakkert
kan døden komme,
så mildt og høytidsfullt
som en venn.
Du visste godt at
din tid var omme,
at slutten nærmet seg
så smått om senn.

Du ynket litt
med urolig mine
og vi ble redd
at du lå og led,
men da vi hender
la over dine
og leste "Fader Vår"
fikk du fred

Ved siste sukk
ble du rent forklaret
ditt ansikt strålte
i fredfull ro
vi følte savnet
og visste svaret;
nå gikk du over
din siste bro …

Og det var tårer
og sorg og vemod
slik har det vært
og slik vil det bli.
Da ble det kviskra
i stille høytid:
No veit ho "Go'mor" snart
Litt meir enn vi -.


Takk, mamma, for alt det du var. No har du gått over di siste bru. Eg saknar deg enormt.

søndag, desember 24, 2006

God jul!

God jul til alle som ser innom bloggen min!