fredag, mai 18, 2007

Meir om 17. mai

Eg sa eg kanskje kom attende med fleire bilete frå 17. mai, og det gjer eg sanneleg. Eg gjekk i barnetoget i lag med Even og resten av barnehagen hans, og det var kjempekoseleg. Sjølv om det var langt, var Even flink, og traska og gjekk heile vegen utan klaging.

På dette biletet har han oppdaga at han har kjentfolk som publikum på turen. Han likte godt at alle såg på han forresten, men det er vel ikkje noko nytt, eigentleg. Han likar det dersom det er han sjølv som på sett og vis kjenner at han har kontroll over situasjonen. Ein ekte kontrollfrik med andre ord. (Og kven sin unge var det han var no då ...?)


Her er me på Verdalsøra barneskule, frå venstre er bror min Bodvar, hans kone Terje (nei, ingen skrivefeil! Terje er frå Estland, og der nyttar dei det som kvinnenamn), Tor Inge, Hulda, eg og Even.

Slik reagerer forresten Even når han er sliten og ikkje synast han har kontroll. Eg har inntrykk av at opplegget på skulen vart litt for stort for Even, for han trivst ikkje spesielt godt, men det vart mykje betre då vi saman med Thomas og Linn-Therese forflytta oss til Soltun grendehus for å sjå Linn-Therese marsjera med aspirantane i korpset og ete sodd til middag. Då vart alle ungane i betre humør, og dei sprang rundt og leika seg og var med på aktivitetar som om dei var lokalkjende. Og til neste 17. mai er dei jo det, for då har vi vore der før.


Oddvar (min stefar) og Tor Inge tek ein kvil i solveggen ved Soltun. Etterpå køyrde vi heim til oss og drakk kaffe og eg fekk av meg sko som hadde gjeve gnagsår på lilletåa ... Men ikkje ein einaste unge hadde gnagsår, er ikkje det ganske fantastisk?

1 kommentar:

Turid sa...

takk for gratulasjon til oss på sølvbryllupsdagen vår! Trivelig blogg du har--- holder på å jobbe meg gjennom den...Ha ei god uke!