onsdag, juni 20, 2007

Fridag for Even og Mamma

For snart to veker sidan (fredag 8. juni), hadde eg og Even fri frå barnehage og arbeid, og då eg kvelden før spurte han kva me skulle gjera på fridagen, hadde han svaret klart; gå tur til vatnet. Vi har eit vatn som ligg 2,5 - 3 km innover (oppover, eigentleg) i skogen her, og der er det fint å bada og grilla om sommaren og å isfiska og tenna bål om vinteren, ein veldig idyllisk plass. Eg lovte han at vi skulle gå dersom vi kom oss i veg i rett tid, for det var midt i varmeperioden, og eg makta ikkje tanken på å gå i den verste solsteika midt på dagen.

Dagen etter kom guten opp i halv åtte-tida, klar for tur, og litt før ni hadde vi pakka, smurt matpakke og lagt i veg oppover. Fyrste rast vart etter ca 20 minutt, på ein fin utsiktsplass før vi går inn i den litt djupare skogen. På vegen må vi gjennom to grinder og det er sauar på beite i marka,noko som er spennande for både liten og stor.

Å gå tur i lag med ein fireåring er ei oppleving i seg sjølv. Even har kronisk munndiaré (dei seier det er arveleg) og når den som er vaksen er opplagt, er det fantastisk mykje spennande ein kan prata om på ein slik tur. Vi fann spor, dyrebæsj, maurstiar, høyrde ulike fuglar, og etter kvart såg vi sanneleg både bjørnar, tigrar, villvetter, småtussar og hekser mellom trea i skogen ...

Etter å ha gått ein time totalt, var vi framme ved vatnet. Her sit Even på benken ved vatnet og planlegg fisking med "fiskestonga" han fann på vegen.
Han hadde òg med seg eit skosnøre i sekken som han knytte på pinnen han hadde funne, men det vart lite fisk av dette likevel. Men han skal definitivt ha poeng for innsatsen!

Guten hadde forresten hevda at han skulle bada, så klea forsvann fort, men den helt store badeseansen vart det ikkje, til det var det for kaldt i vatnet, men vassing og fisking med pinne vart det. Den noko dårlege biletekvaliteten skuldast forresten at eg hadde gløymd kamera, så alle bileta er teke med mobiltelefonen. Men dei gjev iallfall eit lite inntrykk av korleis det var på tur.











Etter ei stund med vassing, fisking og utforsking av området, tok vi fram matpakkene og kosa oss, og då me sat og åt, fekk vi storfint besøk. Desse var det litt vanskeleg å ta godt bilete av, då dei er ganske sky og lite villige til å posera for fotografen, så eg måtte knipsa i motlys.








Då me hadde vore ved vatnet ein times tid, syntest Even det var på tide å returnera, så då vart sekkene pakka att, og vi la i veg heimover. På heimturen var det òg mykje å sjå på og prata om, og det ser ut til at Even er av den typen som meiner at "vegen er målet", det viktigaste er å gå på tur, ikkje å koma fram dit ein skal. :)

Då vi kom heim var guten sliten, han ville sjå film, og det tok ikkje lang tid før vi fann han slik på sofaen:


Ein vellukka, men slitsam tur for ein liten gut!

1 kommentar:

Cloudberry sa...

Flott tur dere har hatt. Koselig å kunne ta seg tid til slikt :) Ha ei flott helg!