torsdag, august 16, 2007

Mor mi

Mamma var ein diktar. Ho skreiv heile livet, og ho skreiv godt. Dikta hennar er att etter ho, og eg har mange av dei lagra på datamaskina. I desse kan eg finna trøyst og von når eg treng det, eller eg kan la tårene trilla og kjenna på saknet viss eg ynskjer det.

Etter å ha lese nokre bloggar i samband med Oktoberrosa-aksjonen, kom eg til å minnast eit dikt mamma skreiv, og det ynskjer eg å dela med dykk. Håpar de òg likar det, og at de spør om lov dersom de sjølve har lyst til å bruka det til noko.

Hvis jeg fikk leve -

Hvis jeg fikk leve
mitt liv
om igjen


skulle jeg
smile mer
og gråte oftere

Jeg skulle stå opp
flere tidlige
sommermorgener


og gå barbent
i gresset
helt alene

Jeg skulle bruke
mer tid på
å finne ut


hvem jeg er
enn hva som
forventes av meg.


Hjørdis Gausen Renli


Men eg trur at dei siste åra mamma levde, gjorde ho mykje av dette. Ho fann nok ut kven ho var, og ho slutta tenkje på kva som vart forventa av ho. Mamma levde og nyta livet den siste tida, og det er det godt å tenkje på i ettertid ...

Eg har forresten redigert dette innlegget mange gongar no, for eg har problem med å hugsa at eg skal skriva i fortid. Trur det går lang tid før eg har vent meg på at ho ikkje er i lag med oss på jorda meir.

9 kommentarer:

Betty Boom sa...

Døde hun av brystkreft?

Betty

Monica sa...

Nei, mamma hadde hatt brystkreft tidlegare, men det var lungekreft med spredning ho døydde av.

Betty Boom sa...

Det må ha vært mange runder for dere da. Var du gammel?

Betty

Monica sa...

Eg var vel 19-20 år den fyrste "runden", då ho fjerna ein kul i brystet, deretter då eg var omlag 23 år måtte ho fjerna heile brystet med lymfekjertlar osb. For snart fem år sidan, fekk ho konstatert lungekreft, og etter det har livet vore ein berg- og dalbane for oss alle ...
Og i januar i år døydde mamma, og sjølv om eg var nesten 30, var det for tidleg å mista mamman sin. Men det er det nok uansett alder.

Anonym sa...

Nydelig dikt, og veldig sant...
Dessuten er det noe jeg gjerne vil ha i bakhodet når folk kritiserer at jeg går barbent og sånn...

Og angående å miste mora si så fortalte min mor at når bestemor døde kom ei dame bort til ho og sa: tenk å miste mora si når en bare er femti!! og det syntes mora mi var så godt å høre, så du har nok rett, det er alltid for tidlig å miste mora si.....

Betty Boom sa...

Skrekken min er at ungene mine skal miste meg, men jeg lever i dag og er kreftfri, så langt :)

Betty

Cloudberry sa...

Nydelig dikt!
Er vel en oppfordring til oss alle - å leve i nuet :)

Anonym sa...

jeg sovner mormor

Anonym sa...

jeg sovner mormor