måndag, september 03, 2007

Ny veke, nye moglegheiter

I dag er det måndag, og har vore flink (synast eg sjølv iallfall) og bakt kake etter eg kom heim frå arbeid. Kvifor? Tja, mest for at eg trur denne kaka er god. Og så er det kjekt å ha noko i frysaren i fall det kjem uventa gjestar. (Eller når eg sjølv "må" ha noko søtt)

Kaka er det eg kallar "skoff-kak". "Bestefarskake" har eg òg høyrd bruk om denne. Har ikkje prøvesmakt enno, men eg håpar ho er god. Ungane likte røra iallfall. ;)

4 kommentarer:

FRØKEN STRØKEN sa...

Den kaka så god ut! Er det formkake eller sukkerbunn kake? "Bestefarkake" hørtes så koselig ut. Var det like god som røra?

Monica sa...

Dette var ei enkel formkake:
Bland 6 koppar mjøl,4 koppar sukker, 4 ts bakepulver og 2-3 ts vaniljesukker.

Visp: 3 egg, 3 koppar mjølk og 6-8 ss (= ca ein klump!)smelta smør. ;) Rørast inn i det tørre, hell i (smurt eller bakepapirkledt) langpanne, dryss over kanel og sukker, steik i 35-40 min. midt i omnen på 200 grader.

Lett som ein plett! (Eg er ingen sukkerbrødtype. Tolmodet strekk ikkje langt nok ...)

Og ja, den var verkeleg god. Ikkje direkte sunn kanskje med alt det sukkeret, men veeeeldig god. Må berre skunda meg å frysa ned noko av ho så ikkje alt forsvinn sporlaust. *knis*

FRØKEN STRØKEN sa...

Å jeg som er så glad i formkaker! Jum jum!! Tror jeg må prøve meg på denne ja. Kanskje jeg hiver i noen valnøtter for det er bare super godt i formkake! Bestefarkake med valnøtter. Jum jum......

FRØKEN STRØKEN sa...

P.S: Takk for at du delte oppskriften! ;-)